Translate

mandag 1. april 2013

Tvilingbesøk hos tvillingar

Torsdag kveld hadde me triveleg besøk av Alessandra, Demetrio og dei to borna deira Floriana og Luigi. Me hentar gjerne folk ved Cimetri anten det måtte vere utanfor San Vito eller ved Latiano.  Alle finn fram dit,  så siste biten hit er nok enklast i fylgje med oss lokalkjende. 
Luigi jodla alt før han var utav barnesetet. Då han slapp inn i Fiaten vår vart han heilt elektrisk: «cinquecento cinquecento». 
Inn med nøkkel, på med tenning og så: små gutehender bare elskar å trykke der det vert lyd.  
Eg trur eg kjenner at kjensla: Då Alessandra kom inn. såg ho på Helge var snar til å kikke over til Knut, så kikka ho på Demetrio før ho tok same runden ein gong til. Med Demetrio var det sameleis. Dei syns visst våre to "gemelli" var veldig like. Eg hugsar frå tida då Helge og Knut var små at det var kjempespennande med ungdommar eller vaksne i to like eksemplar.

Gildt å treffe att Alessandra som me vart kjende med då eg jobba på Høyland skule og me gjorde eit tappert forsøk på å få i gang eit Comeniusprosjekt.  Me hadde øyatur til Hidle med Ted som skipper og Toril som matros.  Ivar og Asbjørg var vertskap medan Anne Marie og eg var gjester saman med Maria Stella, Georgia og Alessandra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar