Translate

torsdag 4. april 2013

5 timars velsmakande underhaldning

                            Måltidet starta 13:05
Me har kome til 1. påskedag. Det har vore ein fin dag med sol og meir enn antydningar til varme nede på Salentoslettene . 
Ei fredshelsing møtte oss på bordet då me kom til åstaden for etegildet.
Estrelle, Larry, Signe, Gaute, Liselotte, Aksel, Livar, Sofie, Lill Karin, Gaute, Helge, Anne Marie og Geir benka seg rundt bordet for påskelunsj på La Silvana i åsen oppforbi Fasano.  


Rettane var mange og det meste smaka godt.
Fylte egg


Ost og salame


Pasta med skjell  smakte slik du ikkje ein gong klarer å fantasere om .
Pannekaker med fyll
Til italiensk fisk å vera var det mellom det beste av slik fisk eg har smakt, men nokon svoren tilhengar av fisk vart eg ikkje denne gongen heller. 
Stor flott nyfiska fisk etter ein runde i steikeomnen

Kor er kroken?
Nei veit du kva. Ikkje gjekk eg på, og slett ikkje fisken dentice heller. Ein lur sjefskokk gjorde
 eit godt forsøk på å få gjestene til å tru at han hadde funne kroken fisken var dradd opp med

Kje i motsetning til fisken. Eg har aldri smakt det før, men kunne så absolutt hatt endå ein porsjon av noko som ikkje hadde eimen av geit i det heile.



Knut som vart sjuk og difor ikkje var med oss, mista nok litt motivasjon for dette måltidet me vart invitert med på då han høyrde at secondi var kje. 
Han har bak seg eit lite vellukka måltid i Kenya der geitekjøt var pakka inn i vomma saman med innmat. Nå var det slik at han mest kjende seg kvalm bare denne retten vart nemnt. Han slapp unna problemstillinga, men fekk heller ikkje sjanse til å få eit meir plussforhold til kjøt av geit.

Kaker med vaniljekrem utgjer den søte avrundinga av bordsete.
Eit godt mål mat skal ikkje avsluttas utan fylgje av noko søtt. Frukt og kaker var det me fekk denne dagen i tillegg til likør av fleire slag og ikkje å forgløyme ein real espresso.


 Avslutta rundt 18:00.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar