Translate

fredag 12. april 2013

Riepilogo Pasqua 2013 Villa Felizia

Jordfresar.
Ja den kom endelig på plass. Ja den var nyttig til det bruk den var tiltenkt. Ja det ser fint ut der fresaren har fått frest. Ja, både far og son fekk frydefullt frest av seg forventningane om fresing.

Puss av vegg.
Ja det var rett mørtel eg fekk frå firmaet på vegen mellom San Vito og Carovigno. Ja, veggen den vart fin den. Ja, den vart rett og slett finare enn murarlærlingen hadde trudd.


Maling av gitter dører.
Ja, Helge svinga penselen slik at alle krokar vart mørke. Alt fekk den fine djupe grønfargen me syns så godt om.


Grønnsakfelt i hagen.
Ja, her er jorda førebudd for godsaker i løpet av seinsommar og haustferie. Me må nok satse på ferdige planter frå hagesenter eller anna. Blir nok det første eg må få unna i slutten av juni om me skal få noko glede av det.


Autovatning.
Ja, med automatisk påfyll av vatntank var det tida for oppsett av automatisk vatning. Ja, alle dei nyplanta sitrustrea førre eigar sørgde for, dei får nå sin tilførsel av vatn mange gonger i døgeret. Det viste seg rett nok at eine slangen som var på bruket frå før ikkje tolte mottrykket frå trykkreduksjonsventilen. Av den grunn måtte me bare skru att for vatning av kjøkkenhagen og prioritere trea.

Spyling av fuger på taket.
Ja, nå er fugene klar for vedlikehaldsbehandling. Ikkje det at taket lek, men har eg forstått rett er det slikt som med mellomrom på nokre år må gjerast.


Nye gardin i stova.
Ja, gardina var fine dei som var, men så er det det med å gjera noko til sitt eige. Ja, dei nye gardina syns me er endå finare. Men ver ikkje redd, dei gamle som heller ikkje var meir enn eit par år kjem sikkert til nytte når påbygget med eit ekstra soverom kjem på plass. Einaste dumme med gardina som var ferdigsydde og klare til å henge opp, var at dei som hadde klipt ikkje hadde teke omsyn til mønsterrapportane. Etterkomarane mine syns visst helst det var meg som var dum som brydde meg. Det vart litt diskusjon i heimen om kor nøye det er, men etter ein kikk på hempene kom ein fram til at Singeren som vart kjøpt i haustferien etter prinsippet kjekt å ha, godt kunne få sin debut på fiksing av gardinene.

Avtalar om stell av jord og oliventre? Nei, det har førebels ikkje kome på plass anna enn i form av den munnlege avtalen eg har med Angelo.

Internett? Nei, heller ikkje internett ser ut til å vera av det lettaste å ordne. I første omgang hadde eg jo tenkt å bruke ein dongle lik den Julie brukte, men det har vore veldig vanskelig å få skikkeleg tak i kva ho hadde av teknisk utstyr. Siste redningsplanken så langt var ein mann frå Oria som skulle snakke engelsk og kunne alt som hadde med internett å gjere. Har snakka med han, men han ville absoutt ikkje skryte på seg å kunne noko engelsk. Me får sjå til sommaren om me kan få hjelp til betre kommunikasjon med Tony.

Basseng då? Nei heller ikkje det kom på plass. Nå var det ikkje nettopp planen å lage sjølvbetjeningsbutikk for basseng på tomta, men eg hadde nå tenkt å kome meg i butikk i Casamassima ikkje så langt frå Bari. Der hadde eg tenkt å bestille for at det skulle vere klart når me kjem nedover til sommaren. Då er ein heldig som har folk som stiller opp for ein. Han Livar i Villa Serena klarer litt meir enn å planlegge anneks, mure fundament for annekset med reie mi for å blande betong, stelle kjøkkenhage, rydde skog og ikkje minst passe på Bøgvald. Kanskje Sofie og Livar  ein gong tek til å undrast på kva hennesløysa dei gav seg ut på då dei sa ja til å ta ein kikk på Villa Monteciminiello?

Eg har starta ei slag nedteljng - Det går i kalenderdagar fram til Oddvar og eg set oss i bilen og startar ekspedisjon Vigrestad - Latiano med stopp i Roma for kvile mellom øktene.


Er me rett hepne får me ta  del i audiens hos den nye paven. Me må nok nøye oss med å dele han med nokre tusen andre, men det hadde vore ei oppleving om me kunne få det til.

I dag er det akkurat 70 dagar att, det vil seie 10 veker.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar