Translate

torsdag 4. april 2013

Ta opp ditt kors

Fredag kveld var det Francavilla Fontana som fekk besøk av oss jærbuar.  Langfredagsprosesjon med korsbæring hadde me lese om. Nå ville me sjå det med eigne auge.


Kva dimensjon korsa var laga i veit ikkje eg, men stolpar som kunne eigne seg til å bere tunge takkonstruksjonar  var det. Lange var stokkane og med barføtte menn i kjortlar til å bere.

Der mange italienarar er samla er det ofte lyd, til tider sterk lyd. Her var det pakka fullt med folk og likevel ei slags andaktsfull forventing. Ei forventning til kva som ville skje vidare i prosesjonen, men kanskje uttrykk for andre forventingar og.Kanskje ei forventing fram mot 1.påskedag? 
Noko av tida var det eit musikk-korps som spela, tung dyster gravferdsmusikk som og er med på å setje stemninga.

 















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar