Translate

fredag 23. november 2012

Fine dagen vart det


Dei dagane det regnar går ein stille forbi. Heit stille kan det nå ikkje bli då. Drypp frå tak, surkling i det ein går, lydlaust er det ikkje. Dagane med sol derimot, dei tek ein vare på. Slike dagar gjer ein ikkje mindre enn dei er. Temperatur på 18 til 19 grader er ikkje så galt. I solveggen går det godt å nyte rest av sommar i fulle drag. Apropos regnet så er dei visst beint fram øvegidde her og. Guido, meglaren sa at nå kjem det visst att regnet som ikkje kom i april, mai, juni, juli, august, september og oktober.

Fine dagen vart det. Litt luking, litt såing, litt spyling av gardsrom. På kvelden hadde eg planar om ein skikkeleg runde på reataurant.  For å seie det slik, så trur eg ikkje me har hamna midt i matfatet. I Latiano fann eg ein plass der det såg ut til at ein måtte ha dress og eit drøss av diamantar for å kome inn og ikkje minst passe i lag med folka der. Av anna fant eg diverse café, ver grei med meg om teiknet over e-en svingar feil veg. Noko liknande gatekjøkken fant eg og, men eg hadde lyst til å sitje ned, ta det med ro. Kjørte difor opp til San Vito og enda på same Trattoria som i haustferien då Anne Marie og eg skulle ete ute i San Vito. Nei, skal det bli mat om står seg må ein kanskje til Ceglie Messapica. Eit par mil å kjøre, omtrent det smae som må til heime om ein skal ete ute.
Veret i dag er noko kjøligare. Det ligg som ein lett dis og held att mykje av solstrålene. Godt syklever. Fekk telefon frå Guido at han hadde fått tak i elektrikar til å kople til ein flottørbrytar for vannpumpa. Så nå sit eg her og ventar på at han skal koma. Skal koma før 13:00 etter det eg skjøna.

Hadde meg ein tur innom cemeteria like ved der ein kjem inn til byen når ein kjem frå Villa Felizia. 
  Hadde kanskje ikkje passa heilt godt inn på Odland

Gravferdsskikkane er ganske så annleis frå det me er vane med. Flott, nærast som mausoleum med familegravstader. 

 Tome hyller ventar på innrykk.
 Det gjeld om å vere tilkopla til ei kvar tid

På andre deler av gravplassen såg det ut til å vere meir lik jordfesting slik me har det heime.  Lys er tydelegvis viktig. Innlagt straum i siste  bustad kan du seie. Kvart gravminne hadde tilført straum til «levande» lys

Elektrikaren kom og for. Om eg fekk det med meg rett så trengs det ei linje frå koplingsboksen inne og ut der vanntanken står.  Så kunne ein eventuelt kole til flottørbrytar, men den må som sagt har straum frå koplingboksen inne for å fungere. Elektrikaren tok mål av boksen inne i kjøkkenskapet, og det gjev meg tru på at han ikkje såg prosjektet som heilt umogeleg. 


Han skulle snakke med Guido og så tenkjer eg Guido ringer og seier frå på ein måte som gjer det mulig for meg å forstå. Eg forstår nok ein del italiensk blanda med kroppsspråk og evt hjelp av teikningar, 
men det blir liksom litt grovmaska det heile. Alt av nyansar forsvinn.

Sidan eg først har rydda på luka over den gamle cisternen, så er eg litt frista til å ta turen ned dit. 

Det får i tilfelle stå som ein manndomsprøve. Holet er stort nok for meg, men det er ganske djupt.  Har ikkje tatt utfordringa enn så lenge.

Golvvask er slikt ein bør ta seg til innimellom.  Jorda har veldig sterk farge. Går ein inn på skitne sko ser ein fort at ein har gjort noko dumt. Med mopp som ein omvendt parykk går vaskinga glatt. Reine golv til helga er gildt å ha.

1 kommentar:

  1. Ned i cisternen er ikke en jobb som du gjør når du er aleine i huset. Jeg har selv hatt en tur ned i vår cisterne og om jeg hadde vært aleine da, hadde jeg vært i cisternen ennå.

    http://italiareferat.blogspot.no/2011/07/brnnarbeid.html

    SvarSlett