Translate

onsdag 21. november 2018

Sempre problema

Ikkje så mange ubedde gjester denne gongen. Tomme musefeller. Tomme skåler med gift, ingen muselort, kun denne stakkaren som  faktisk slapp ut i det fri.

Før eller seinare hadde den nok fått selskap. 
D
Dårlig med straum ser du. Eine av to kursar ute av drift. Sjølvsagt kursen som forsyner alarmanlegget med straum. 
Eg trur eg kallar det kommunikasjonssvikt at ikkje VigilNova hadde fått fram opplysning om straumforsyninga til alarmen. I følge loggen deira mista alarmen straumen rundt 13. november. Eg kom hit 17.
Elektrikar kom og fann at eine automatsikringen var øydelagt. Når den nå er bytta frå bulgarsk til italiensk kvalitet, bør den i følge Pascalone halde.
Varmepumpa sviv. vannpumpa gjev vatn til alle kranar og ikkje minst do, kjøleskapet sviv, oppvaskmaskin har kjørt ein omgang, vaskemaskinen har gjort sin første jobb denne månaden, så var det bare å få på kaffien. 

Men der skjedde det lite anna enn at eit rødt lys kom på i staden for at det kom kaffi i koppen. 
Av med kleda, men ikkje såg eg noko feil. Langt over min kompetanse var det forresten og. 

Litt reingjering i inntaket for kaffibønner i tillegg til litt rå makt på skrua som stiller inn malningsgrad gjorde susen. Då slepp eg å krype til den frysetørka varianten, men det er jo noko heilt anna. Fersk nymalt og nypressa skal det vere.

Når det gjeld oppfølgjing av VigilNova har Meggie frå Taverna di Pascalone tatt seg av det. Før eg fekk spurt, og godt er nå det. Det er forresten VigilNova som sikrar rådhuset i byen. Då må dei vera bittelitt seriøse tenkjer  eg.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar