Translate

lørdag 15. juni 2019

Brennvarmt



Ikkje bare i pizzaogen der er varmt. Målet med fyringa var 400 grader, og då kjennest det eit stykke utfor døra og. Alltid triveleg å koma til dei bufaste, dei som har brent dei fleste bruer og slått seg til her i Puglia for godt i ein Trullo som bare er som ein draum.
Eit par frå Stavanger var og gjester hos Signe og Gaute, trur ikkje dei hadde steikt pizza i forno a legna før.

Det var ein fabelaktig god deig å bake ut. Tipo 0, litt salt, litt sukker og gjær. Når det så fekk godgjere seg og gjæren fekk jobbe over tid vart det ein makelaus fin deig. Semolina til å bake ut med, så vart det lite kliss på hendene, ja for det er hendene som er viktigaste reiskapen for å få god deig der ein ikkje har kjevla ut all lufta. 
I oktober 2018 hadde me visitt av Tor, og då han slo og det gneistra tok nokre av gneistane vegen inn i huset og øydela der det var innom.  Internett via satelitt gjekk over i historien for vår del. Modem og satelitthovud ville ikkje meir.  Eit lite håp hadde eg med ein repeater, men det vart lite stabilt. Heilt tilfeldig kom eg innom på ein elektronikkbutikk i Latiano, og mannen i butikken meint1e eg burde prøve Tiscali. Dei har sendar ikkje så langt herfrå ved Masseria Marangiosa. I dag var dagen for oppsett og utprøving. Masta konkurrerer med den som skal ta ned lynet om det vil innom att her i huset. Fekk ordne ei ekstra mast eit par meter høgare enn antennemasta, så får me sjå kva som skjer.
Inne var det velstand, både 2.4G og 5G + mulighet for å kople til via LAN. Farten er god den, omtrent 10 gonger raskare enn satelittopplegget leverte. 60 Mbps vart målt, men det er kanskje bare ein topp. Normalt går det nok noko seinare. Eg las ikkje så nøye det med lita skrift, forresten såg mest ut som heile kontrakten var med små skrift. Kva språk kontrakten står på er jo italiensk. For meg kunne det like gjerne vore kaudervelsk, men eg satsar på at eg ikkje er lurt.
Ikkje så voldsom blomeprakt her endå. Vatn har ikkje vore til plage seinaste tida, og då blir det tørt. Kalaen her får få vatn nå, men det skal vel mykje til at den framleis står med blom rundt 20. juli då huset på nytt får eigarane på besøk.

Brennvarmt i pizzaogen, men jammen er her brennvarmt utan å fyre og. 38 på det meste, ligg mest på 30 til 35. Ein sommar hadde me ei veke med over førti dei fleste dagane. Eg skjønar bare ikkje korleis me klarte å halde det ut.

2 kommentarer:

  1. Apropos kalaplanten. Vi kjøpte en i 2010 og når den var "ferdig" fikk vi råd av naboen om å plante den ut. Det ble gjort og den blomstrer hvert år. Får ikke en dråpe vann bortsett fra det som kommer automatisk fra oven. Ett år ble den helt nedtrampet når nytt pumpehus ble bygget. Men den lever og blomstrer fortsatt.

    SvarSlett
  2. Fine og litt spesielle er blomen, me får hegne godt om den der den veks rett under dråpane frå det omstridte soltaket. Dryp litt kvar morgon.

    SvarSlett