Ryktene om min død er betydelig overdrevet skal Mark Twain ha sagt ein gong det gjekk rykter om han om både alvorlig sjukdom og død.
Ryktene om vår reise til Puglia er også betydelig overdrevet. Reknar med at mange kjenner seg igjen i at ei reise tek til lenge før ein fysisk fer avgarde. Gleda ved reisa startar lenge før ein i vårt tilfelle trykkjer på startknappen. Då kan ein drøyma, då kan ein trekkje fram minner, då kan ein planlegge.
Endå eit par veker til Bergensfjord glir forbi i tiltakande nattemørke med Anne Marie og meg ombord. Erfaringa elles er at når det tippar tre veker til avreise, då går det mest farlig fort. Eit par tre dagar på i bil på veg nedover blir bare ei god førebuing til alle dei gode dagane me reiser for å få.Me sjekkar vermeldingane der sør stadig vekk, heile året faktisk. Der og i Longyearbyen Gler oss over synkande temperaturar, sjølv om det ikkje har vore så ille i Puglia som det me har høyrt frå Spania denne sommaren.
Ut frå det me ser framover kan me truleg rekna med i overkant av 30 grader i starten av vår ferie #3 dette året. Så vil det nok gå sakte nedover etter kvart som vekene går. Etter norske tilhøve er det trulig stadig sommar i midten av oktober. Lenge før me nordbuarar legg frå oss sommarkleda, tek italienarane til med å kle seg i dunjakkar og andre klede me syns passar best når det er vinter.
Godt å ha gode folk til å stelle jorda.
Her lurer eg mest på om ikkje Giulio har forbarma seg over ein steingard som har sett sine beste dagar. Jorda er horva og jorda er slådda. I vårt område blir oliven slått ned frå trea, for så å bli samla opp. Ikkje alle syns det er greitt, men den teknikken er altså den mest brukte så langt me får med oss.
Me får ikkje med oss olivenhausten før me reiser nordover att. Det skjer først i november desember. Mandler derimot, bugnande mandeltre ventar på oss. Me kunne visst fått hjelp av Giulio og Giulia med plukking, dei gjorde det eit år tidlegare. Nå trur eg me rekk ned før det blir altfor mykje nedfallsmandler.
Fint å lese om din
SvarSlettPugliaglede!! 🌻🌻