Translate

torsdag 9. mai 2013

Har me landa?

Felizia har landa. Det er det lite tvil om der ho har funne rom hos hønefosterfar på Villa Serena. Etter det som vert rapportert, har ho det godt. Fint med støtte frå søsken er det likevel. Å flytte heimefrå aleine ville nok vore annleis enn å flytte i lag med søster si.

Me har heilt frå starten av tenkt at eit eller anna å ta seg fram med langsetter vegane i Puglia det måtte me ha ha. Ein bitteliten draum har det vore for olivenbonden bak desse sidene å få seg eit lite leiketøy med namnet cinqueceinte, ikkje modello nuovo. 


Skulle det først vera Fiat 500 måtte det vera den opprinnelige med hekkmotor. For rundt 3000 Euro kan ein få brukbare eksemplar. Ulempen er at inni er det bare plass til meg og ein ekstra på sida. Bak i bilen er det snautt plass til bagasje. Kanskje det ringaste er at smell du i lag med ein annan bil i eit lite koseleg møte, så er du ille ute. Nei, me får nok gå nokre hakk opp. 

Me må ha ha ein plass å setje bilen medan me er på Vigrest. Det har ordna seg. Har tilbod om plass i eit gardsrom der ein bil kan stå tryggare enn ute under open himmel på Villa Felizia.
Så blir det å sortere mellom alt det som står for salg:



 
  
Felizia har "landa", men som de skjønar har ikkje me gjort det. I allefall ikkje når det gjeld bilhandel. Legg alt seg tilrette med handel og forsikring, skal du ikkje sjå bort frå at eigen bil i Puglia kan bli ein realitet alt komande sommar. Dog, det å vente er ikkje er den mest velutvikla sida ved meg, men kan hende finn me ut at det er best.
Kva me LANDAR på, vil ganske sikkert bli kunngjort her i ein seinare blogg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar