Translate

onsdag 1. mai 2013

Fjernhønseri

Får håpe hønefosterfar er heldig med handelen i  morgon. Ho har fått namn høna, men veit endå ikkje om det.  Felizia heiter ho. Eg reknar med ho gjev seg til kjenne for fosterfar slik at han får med seg rett dame når han dreg heim att frå Ceglie i morgon. Litt synd om han får med seg feil høne og det bare blir røre av det heile. Røre skal det forresten bli, men det er seinare. Når gjestene strøymer på til Villa Felizia skal dei  få eggerøre til frukost i fylgje med passande italiensk røykeskinke. Er dei skikkeleg heldige får dei brød frå forno a legna og.
Med olivenplantasje i Puglia skulle det mest bare mangle om det einaste ein er sjølvforsynt med skulle vera olivenolje. Nokre høner hadde ikkje vore dumt. Medan ein ventar på rett tid for fleire høner med fast tilhald på tomta vår,  kan det vera lurt å be om hjelp frå husfolket i Villa Serena. Det er nok best å starte i det små og finne ei høne som er klar til å  leggja eit lite egg.
Kanin og hønemarknaden i Ceglie er vel helst som eit misseshow reknar eg med. Mi høne må vere attraktiv for Bøgvald, det er vel hovudkriteriet. At ho toler å sjå seg sjølv i spegelen er heller ingen ulempe. Siste kriteriet er at ho absolutt må motstå eventuelle tendensar til å vere dumdristig i omgang med reven. Det er mest så ho burde bli intervjua slik ein kan sikre seg  å unngå all fraternisering med omvandrande revar.



Nummer to til venstre er  lite aktuell vil eg tru. Du finn henne vel ikkje på marknaden i Ceglie heller. Nummer to frå høgre ser igrunnen bra ut. Ho kunne absolutt vore rett høne på vaglet hos Sofie og Livar.


Kanskje eg bør sjekke kva reglar som fins for Eu-stønad til husdyrhald i småskala.
Kunne jo vere at det er ein Euro eller to å hale der og. Det bør jo ikkje bare vera stønad til oliventrea. Det er ei sak som eg nok må kome tilbake til ein gong seinare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar