Translate

lørdag 25. mars 2017

Rutinar før eg legg frå land

Her er mangt og mykje det kan bli rutinar av. Har etterkvart kome i den alder der vermeldingar er både interessante og viktige. For å vere mest mulig oppdatert, må ein helst innom meir enn ein vermeldar. Yr, Storm, IlMeteo og Accuweather er mine kompanjongar når det gjeld kva ver ein har i Sikte.  Og får eg ikkje opp Sikte når eg søkjer på Pc-en, får eg heller prøve på Latiano. Ser i grunnen greitt ut så langt.
Det som ligg tettast på nå er veret over Skagerak. Sjødyktige båtar både Bergensfjord og Stavangerfjord, men det er nå mest komfortabelt om ein slepp å mate krabbene straks etter at ein har mata seg sjølv med ein god middag. Håpar på ein retteleg god middagkvil etterpå, heilt til frukostbordet er dekka og eg kan fylle opp med kaffi slik at eg held meg vaken dei 100 mila eg har tenkt å ta første dagen. 
                           
Skulle mest tru det vesle huset vårt der sør på hælen etterkvart var fullt, men endå går det an å få inn litt til. I bilen derimot er det lite ledig plass. Hadde det ikkje vore for ein romslig Roomster så hadde ikkje bålpanne, vaffeljern, to baden-baden solstoler og eit par korgstolar blitt med. Målsydd tak til Terje sin paviljong og litt småpotl for Livar er der og plass til. Eg får nøye meg med utsikten bakover via sidespeglane. Blir meir som å kjøre ein bitteliten bubil for i bubilen er det null utsikt bakover anna en via sidespeglane.
                           
Mange kilometer skal tilbakeleggjast, og då er det viktig å vere meir enn halvvaken.
Erfaring seier meg at det ikkje er dumt å ha orden i papira om noko skjer når ein ferdast i Italia.  Dette kortet vart erverva med stor møye. Får passe godt på det og sørge for at det absolutt ikkje vert bruk for det. 

Det klør i fingrane, ja i heile kroppen. bare få dagar att til andre halvparten av meg tek plass bak rattet og let gassfoten leika seg nedover Europa. Paula er forresten med, så blir aldeles for stussleg får eg prøve å snakke litt med henne. Ho likar nå best å gje ordre, neste veg til høgre, kjør forsiktig, litt meir kan ho og men eg likar nå best når ho seier du er framme ved målet. Målet for denne turen som for så mange andre turar er  Villa Felizia Cda. Coltura Latiano Brindisi Puglia Italia. Litt barnsleg kanskje den siste, men forventninga til underteikna er ganske så barnsleg den og, eller kanskje heller barnleg. ( Eg måtte passe meg så eg ikkje brukte ordet som nazifrisøren på Bryne brukte om den barnslege klovnen i Løgnaslaget)

Lange bilturar kan jo kortas på så mange vis nå i den digitale tidsalder. Etter at mobilselskapa slapp laus roaming i heile Europa kan eg høyre på Lokalen Rogaland på veg sør over Jylland. Mobilen blir som ein gigantisk underhaldningssentral, musikk via Spotify og bøker på Storytel slår i hel mange mil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar