Translate

lørdag 1. april 2017

Kjøleskap i stabilt sideleie

Eg kom fram. Ja eg kom beint fram godt fram. Omtrent på den tida eg såg føre meg svinga eg ned i oppkjøringa. Sit her i sola, barbeint og med kortbukse med litt enkel føremiddagsmat. Ikkje det at alt plent har gjekk etter planen. Eg hadde planlagt tre overnattingar på turen. Første ombord på Stavangerfjord, eller var det Bergensfjord?  Fint å sove seg over Skagerak og kunne starte utkvilt på første langkjøringsetappe.  Middagsbuffet på Danmarksbåten er slikt ein bare må ha med seg. Nabo til broderen på nabobordet, litt bortanfor eit eldre par frå ein eller annan utanlandsk by, kan det ha vore Bergen? Nokre hadde vore borti volumknappen til begge to, den stod sikkert på max. Vanskelig å overhøyre dei kan du sei, krydra språk, kanskje ein skulle kalle det gladbanning. Full likestilling, han var like flink som ho til å bruke sterke gloser. Eg var ikkje aleine som syns dette paret vekte åtgaum. Dei som sat på næraste bordet deira merka det nok meir enn godt nok. Eg er ganske god til å finne likskap med folk eg kjenner dersom dei har trekk som liknar mine kjenningar. Nokre liknar såpass mykje at dei rett og slett liknar på seg sjølv. Han mannen på nabobordet til bergenserane, han på nokre og sytti syns eg eg drog kjensel på, sjølv om eg visst bare har sett han på bilete. Då han tok turen bort til matbordet, var all tvil rydda av vegen. Eg kjenner Brynjulf på ganglaget. Anten er det veslebror som etterliknar storebror, eller så ligg det i genene.
Vel i land i Hirtshals var det beine vegen sørover. Geiselwind låg rundt 100 mil der framme, og eg hadde nå tenkt å klare det. Litt vanskelig å finna kjøreformen første dagen. Etter 72 mil innsåg eg at kjøreplanen sprakk. Sauer Gasthof i Borchenem vart prøvd, men der var det ingen ledige rom. Eg fann eit anna lite og rimeleg hotell lenger inn i byen.



Sov godt gjorde eg og for derifrå litt over 6 neste morgon. Med 
Co-op blod i årene, må eg nytte høve i utlandet å prøve litt forskjellig anna. Er det ikkje slik det mange gonger er, i utlandet der kan alt gå an. Lidl frukost er slett ikkje å forakte. God kaffi og godt rundstykke.

Ned gjennom Europa går det eit tog, lengste toget eg nokon gong har sett. Det startar i Hamburg og held fram ned gjennom Tyskland , Austerrike og eit godt stykke ned i Italia. Toget er mest samanhengane. Ufattelig kor mykje varer som fraktast på lastebil frå sør til nord og frå nord til sør.
Første overnattinga gjekk etter planen. Andre overnattinga kom noko tidlegare enn planlagt, dei 5 eller 6 neste overnattingane var av det spontane slaget. Eg kom meg frå Bochenem til Brenner innan 9 om kvelden andre reisedagen.  Nokre ser det vel som prov på det mannen kan eller rettare sagt ikkje kan, både fotografera og kjøra på ein gong. Kjøringa gjekk godt, fotograferinga ikkje heilt så godt, men legg du godviljen til ser du kanskje det står Brennersee på skiltet. Det var det næraste eg fekk til å ta av grenseovergangen denne gongen.
Fekk lurt meg inn i skaftet på støvelen og trilla unnabakke ned gjennom Alpelandsskapet. Dei neste 5 til 6 nettene vart spreidd ned gjennom heile det langstrakte landet. Ein halvtime til ein time kvar av nettene. Andre kallar det visst "powernap".
Hadde syskenbarn Oddvar vore på plass i Numena, hadde eg
sikkert fått kaffi der. Nå vart det kaffi på Autogrill i staden.
God temperatur, heilt opp i 24 viste målaren på bilen. Korleis får ein plass til fleire netter i løpet av bare eit døgn? Nettene eg hadde var korte, bare mellom ein halv og ein heil time. Dei fleste nettene mine denne turen var mellom Brenner og Bologna.
Bak desse fjella eit stykke lenger mot vest ligg Roma. Eg kjører
langs Adriaterhavet og ser faktisk sjøen lange bitar av vegen.
Etter såpass mange timar bak rattet, er det godt å låse opp porten, ta seg inn i huset og finne det meste på stell. Ingen små firbeinte har halde hus hos oss sidan haustferien. Var ille den gongen dei hadde laga seg til i både senger, sovesofa og kommodeskuffer. Kor mange bein dei har dei som så plent vil inn i pumperommet er eg usikker på. Om dei har prøvd før, veit eg heller ikkje. Kanhenda overlåsing gjer rommet ekstra interessant?  Vel, så slepp eg å gå gjerandslaus her denne påsken. Ikkje at eg var så veldig redd for det heller. Alltid litt å henge fingrane i.

Her er avklipte greiner i lange banar. Når dei minste olivetrea har fått ny frisyre, blir det mykje lauv og greiner som må vekk. 

Om dei går opp i røyk eller om dei går inn i den store resirkuleringa som flis det er det mest Euro og Leroy Merlin som får bestemme. Mykje mating av greiner blir det greinkvern, men gjer ein det slepp ein brannfaren. Eg er nok litt i slekt med min far. Han sjekka alltid evakueringsvegane når han overnatta på hotell. Eg er ikkje ganske så nøye som han var, men eg likar å vita korleis eg kan koma meg ut av ein bygning om noko skulle skje. Likar ikkje tanken på eventuelt å starte lauseld her på "campagnaen". 

Kjøleskap treng ein i varmen. Varmt nok alt nå til at det er vanskelig å ta vare på mykje av det ein et utan hjelp til kjøling. Mortadella tildømes, den treng kjøliing på linje med norsk servelat. Så når eg handla det i dag måtte eg bare leggje rikeleg på,

Kjøpte bare "quatro fette" i dag sidan bare frysedelen av gamle skapet fungerte. 

Stabilt sideleie ei heil natt hjalp lite på Indesit-skapet Bare ein måte å løyse det på, Expert San Michele. Skyss på timen + innbering + retur av gammalt. Nå står det nye der og briskar seg. 
Kunne godt gått opp i pris og storleik, men det var ikkje meir enn akkurat så vidt at det nye smaug inn døra. Kunne sikkert laga bibelske rammer rundt det heile ved å ta hol i taket. Har jo gode forbindelsar slik, sjølv om eg aldri har møtt dei som har prøvd ikkje mindre enn to gonger å ta hol i taket på cisternerommet. Dei lukkast ikkje site gonga, så kanskje fagskunnskapen deira hadde vore godt nok taket over kjøkkenet. Er vel ikkje sikkert at eg hadde fått dei med på noko samarbeid heller. Handtaka på det nye er felt inn i døra, og sjølv om eg ikkje tenke på det når eg handla, så var det akkurat det som skulle til for  å smyge inn døra. 
Med reine ark og fargestifter til.  Ryddig kjøleskap på "no time", men litt for gale om ein skulle ta kvar rydding på desse viset.
Det står litt likt og ulikt på kjøkkenbenken nå. Får vera streng på kva som slepp inn i det nye skapet. Kan snart setje det i gang. Nå skal snart kjølevæska vere på plass der en skal vera ved oppstart. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar