Translate

torsdag 27. april 2017

Tid for dessert


Om ein ikkje er heilt nøgd med hovudretten, så kan desserten pynte og lage ei fin avrunding. Når ein så er fullt ut nøgd med hovudretten, treng ikkje gleda over "dolce" vera mindre.  Millefoglie, tusen lag, dandert med som ei skål av jordbær og krem oppi.  Kva som var i den kremen klarer eg ikkje slå fast, men det var truleg ein eller annan ferskost.


Sorbetto al limone smakar alltid godt. I dette tilfellet var det hella over det eg trur må ha vore ein slag sitronsirup. Smaken overgjekk alt eg før har smakt av liknande. Utruleg mange grunnar til å besøke Catania, men denne  må vera definitivt aller beste når det gjeld smak.

Eg har stått nokre gonger på Nordkapp-platået og flirt av turistar som sprang ut av bilane klokka 12 om natta for å oppleve midnattssola. Nå gjorde eg ein snu på det, sørlegaste punkt på Sicilia var innan rekkevidde. Nokre mil å kjøre, dels på motorveg av høg standard, dels på smale landsvvegar med innlagt krongling gjennom små byar.

Isola delle Correnti ber nok namnet sitt med rette. Her vil eg tru havstraumane er ei utfordring om ein kjem frå aust mot vest eller motsatt. Men det er bare ei tru. Sjølv om farfar var skipper på eiga frakteskøyte, så har lite sjømannsblod hamna i mine årer og likeså lite evne til å vurdere kva tilhøve dette neset sør på Sicilia har for retningane og styrken på hav straumane.
Når ein bestiller rom midt i sentrum av Catania by, eige rom med bad, då kan ein vel kanskje ikkje forlange så mykje av utsikten. Den var som de ser noko begrensa, men eg reiser ikkje til Catania for å sitja inne på rommet. Meir enn nok å sjå på av fint når ein bare vandrar rundt.
Slik som denne "papegøyeblomen" eller busken. Hugsar for nokre år sidan, då dei kom i blomsterbutikken på Vigrest.  Då bare måtte eg ha ein slik. Og her er det mange.
Sist eg reiste frå Catania tilbake til huset hadde eg eit uhell på vegen . Bilen vart rett og slett heilt kondemnert. Det er jo ei farleg vegstrekning har eg fått med meg, men det eg opplever som mest risikabelt på turen er på motorvegen like etter avreise frå Catania. På ei strekning av 2 - 3 mil har ein utsikt mot Etna. Det er mest slik at det er vanskelig å ta augene bort frå det mektige fjellet,  men så er det liksom vegen ein kanskje burde bruke augene mest på.
Ho dama som har sett bu i min Gps, ho hugsa visst sist tur ho var med på til desse traktene ho og. I allefall tok ho til med å gjenta og gjenta litt etter at eg hadde kome over til Calabria: "Farlig vegstrekning, kjør forsiktig". Brua, Sfalassa', Bagnara Calabra, som for min del kunne blitt så til de grader fatal, vart passert utan at noko skjedde anna enn at Roomsteren rulla vidare på vegen.


Kunstnaren i Castello Ursino er ikkje gløymt. 
Kva som vart vist får eg heller kome tilbake til.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar