Translate

tirsdag 11. april 2017

Friviljug arbeid gjer deg lukkeleg.

Eg er vel som ein liten gut som får eit leikety med motor.  For nokre er det motorsykkel som må til for å kunna nyta, 

for andre mindre kravstore, er det nok med 4,5 hestar og krabbefart. At der er bondeblod i årene er sikkert og visst.  50%  + + for å vere ganske så unøyaktig, og det i rett mange generasjonar bakover.
Glede over svart eller rødbrun jord som nå er klargjort for planting eller såing. Når det så ikkje MÅ gjerast, bare at sjefen litt meir enn antyder at så og så BØR gjerast, då er det rett og slett bare nyting å putla med jorda og få skit under neglene.

I dag har vore den store arbeidsdagen. Hus er spylt med høgtrykk levert av Kärcher (ubetalt reklame). Det som ikkje tåler vatn får heller dette av. Det meste av veggene heng framleis på, og godt mannskap sørgde for at første vegg vart ferdigmalt alt før klokka vart to, raskt og velgjort.

Medan det endå var natt for arbeidskaren vår, hadde me oss ein tur opp til San Vito dei Normanni for å handle planter. Litt å setje i jorda må me jo ha. Det vart tomater, pepperoni picante, zucchini, og noko som likna på zucchini, kanskje gresskar. I to månadar må plantene nøye seg med automatisk vatning frå dryppslangar, så får me sjå kor godt eller gale det går.
Halve meg er visst meir enn nok. Fritt-talande nabo her oijar seg over min store mage, då får eg passe på at bare halvparten av den kjem med på biletet. Har eigentlig eit prinsipp om ikkje å skryte av prisane her sør i Italia, men det er vanskelig å halde seg. Cappuccino til 1 Euro, eller omgjort til kroner 9, er brukbart.
Men nå er det ikkje låge prisar som gjer dette til eit slags paradis. Då kan ein heller tenkje på frukt, fersk frukt.  Appelsinsesongen er vel på hell vil eg tru, men saftige fine frukter var til sals og me måtte ha med oss nokre kilo.  Friskpressa juice i dag tidleg, søt og forførande frisk på smak.

Elles er nå livet mykje det same her som heime på Vigrest. Dagane går, nokre gode, nokre ikkje ganske så gode.  I eit valår er det ei sak som undrar meg. Kvifor er det ingen som lovar å gjera noko med veret. Burde vera lett som det. Bare hente heim litt sol og sydenvarme herifrå. Her er nok å ta av. Trur ingen ville merke noko om ein bygde opp litt logistikk rundt det å frakte varme frå Sør Italia til Jæren. Kunne starte med Jæren, så kunne ein heller sjå om det er eit konsept som har framtida for seg.

Då eg kjørte den aldersstegne Audien hit ned for eit år sidan vart lyden grommare og grommare. Høyrdest mest ut som ein Maserati til sist. Lydane i Roomsteren er ikkje same slag. Litt klakkelydar bakfrå over humpane i Langgata, har blitt til ein del meir enn litt. AutoPro har eg vore på mange gonger nå etterkvart. Dei fiksar alt, og er bilen for stor for verkstadhallen, tek dei jobben på fortau. "Strada" klarer eg å seie, det betyr veg. Humpete er det verre med, det måtte eg bare vise. "Klikketi klakk klikketi klakk" betyr det same på italiensk som på norsk.  "Rumore"? spurde mannen på verkstaden. "Si, si" sa eg, utan eigentlig heilt å forstå. Etterpå ser eg at eg faktisk forstod.  "Ammortizzatore"? Sannsynligvis tenkjer eg. 
Dermed vart det gjort avtale om fiksing, og i otta i dag med kun 8 grader måtte eg avgarde for å levere bilen.  Ein tur inn i sentrum av San Michele for å nyte ein kopp espresso før sykkelretur til Villa Felizia. 
Vel tilbake var her framleis fredelig. Fredelig og etterkvart ganske grei temperatur. 25;8 nå som klokka har passert 13:54. Helst endå betre enn midt på sommaren når ein må på leit eller skugge og avkjøling.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar