Translate

fredag 14. april 2017

Ein liten tastaTUR midt i påsken

Dagane går dei, og for å ha alt på plasss får ein ta seg ein tastaTUR innimellom. Treng vel ikkje plent vera skiTUR for å telja med.

Klikke-ti-klakk-lydane i bilen skulle vera fiksa her for eit par dagar sidan. Eg tok fatt på den 7 - 8 km lange sykkelturen opp til San Michele. Her på campagnaen står det ofte parkert bilar inne på dei ulike parsellane, folk steller jord eller tre. Men der midt i eit kryss stod det parkert ein sølvgrå japaner med tilhengar. Har ofte lurt på korleis det går føre seg når gamle do, bidet, madrassar og anna rape blir mista/kasta langs vegen. Her var det eit gammalt pc-kabinett og ei heil røys med ståltråd + +. Eg sykla forbi og såg intenst på mannen som jobba med å tømma tilhengeren sin. Så peika eg inn på eigedomen, peika på mannen, gjorde så spørjande fakter eg kunne klare å produsere. Var litt sein med kamera. Kva mannen sa veit ikkje eg: Kanskje "pass dine eigen saker".
Roomsteren vart henta. Lydane som i mine øyre kom bakfrå, og likeins i verkstadeigaren sine øyre kom frå oppheng, støtdemparar bak, dei lydane kom faktisk frammante. Det var rett og slett nokre stabilisatorstag som var heilt utslitne i festene. Ny bil trilla frå verkstaden, ingenting anna enn godlyd, godlyd frå pengetaska og.
På heimveg måtte eg innom tidlegare omtala vegkryss og då såg det slik ut:
Om her var noko før den eldre mannen prøvde utplassering av sitt private søppel, så var det fjerna det og. Kanskje eg skulle søke jobb som oversøppelinspektør grad 2? Jobben fins ikkje, men enn så mange stader ein burde ha vore for å hindre slik forsøpling som langs småvegane ute i olivenlundane.

Etter fleira dagar med arbeid ville me feriere litt.  Porto Cesareo er aldri feil. Gelateria Imperiale er heller ikkje feil. 
Opp ei trapp for å finne ein do, gav dette som resultat. Overblikk over uteområdet og litt lenger utover mot dei "tynne" øyane.   
Is i alle variantar. Mest ei oppleving bare å lese gjennom menyen.  Kjempa under var det far sjølv i huset som måte ha med seg. Ser du kva banalfinen har i kjeften?
Konge is. Dei to dronningisane vart mest inkjevetta mot den skikkeleg store.
Nokre tek vatnet i bukse og sandalar og gjer lite nummer av å bli blaut omtrent til knes. Andre brettar buksa, tek av sko og har ein skikkeleg tur ut i vatnet. Det var nok minst tilsvarande sommartemperatur på Brusand.
Fantane som ville inn her for nokre veker sidan var nok klare over kva bry det ville føre til, men dei brydde seg vel lite om det. Arbeid vart det, og i verste fall har me brukt feil stoff til reparasjonen. Det vil i så fall vise seg.  

Ei av blokkene var så uhamsleg, ville ikkje på plass der den skulle. Får prøve med hendene, sa Hadi. Og brått var blokka i heilt rett posisjon. 

Eit lite hydna av uteplassen mangla litt støyp og det syns Hadi me burde bruke restane av sement til. Det same gjeld her, held det så held det. Går det sundt får me heller bruke sterkare stoff for reparasjon.
Når dei kan eta og drikka seg godt mette og utørste 3 stykke for 570 kroner, då gjer det vel ingenting om me gjev dei ei bot, parkeringsbot. Mi første i Italia. Her som ein parkerer dobbelt, på kryss og tvers i kryss, på fotgjengarfelt, rett og slett i hytt og ver utan noko form for reaksjon, her må du ikkje bomme på kva skilt du parkerer under. Står det to ulike tider som er forbode, vel då den strengaste. Det gjorde ikkje eg her, og slik vart det til at Polizia Municipale Mesagne som kan kassere inn 25 Euro.
Fint med stor tomt, tørr mark og god veg mellom trea. Gildt å øvelseskjøra heilt aleine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar