Translate

tirsdag 4. april 2017

Den glade amatør

Kunne visst ha vore både elektrikar og røyrleggjar i dag. Brått tok vatnet slutt, ikkje ein dråpe stort ut av armaturen.  Av ein eller annan grunn er vatn ganske så vitalt, rett og slett enormt viktig.

Like lite vatn kom det anten kranen var open eller lukka. I dusjen har det vore eit lite problem at dusjarmaturet ikkje held tett når det skal gjera det. Det dryp, og etterkvart har eg funne ut at det er det som gjer at vannpumpa går i utrengsmål. 


Men midt i jobben var det altså total stopp på alt som heiter vatn. Det sjølv når pumpa inn i huset stod på. Kva kunne då stå på tru? 

Nivåbrytar i dagtanken som rømer 1500 liter vatn tulla litt sist sommar. Kunne det vera den som trong ny trylling frå vår venn Pascalone?  Fram med stige og av med  raben dei ikkje fekk tak i dei som jekka opp taket og som gjekk midt i halvgjort jobb. Av med loket på dagtanken og der hang den den eg trudde var syndaren. Slapp og svart. Brytaren fekk kome opp i dagslyset, men det var nok ikkje den som var skuld i manglande vatn. Såg for meg korleis Euroane flagra når den underjordiske pumpa heile 135 meter ned i bakken måtte bytas.  Stor jobb og mykje styr. Vasslens i mellomtida. 

Boksen som styrer med automatikken for brønnpumpa såg ut til å vera død, heilt fullstendig død. Ikkje så mykje som blinka i lampene der eg trykte på alle brytarar som var. Fort gjort å sjekke sikringane elles. Hovudsikring + 2 interne kretsar er alt som er. Eg har det! Der er syndaren. Ta deg ein tur i spegelen. Stikk-kontakten du ser går inn i sikringsboksen er den som forsyner pumpestyringa med straum. Det var den er eg reiste ned i januar for å dra ut av kontakten. Fekk den i rett hol, og der starta pumpa med ein gong.

Klårt vatn levert i godt tempo lagar gjenklang nedi den tome tanken. Det let seg høyra det ja. 
Vatn kom i kranane og etterkvart, men då var det det det starta med. At det kom vatn i tanken. Og ikkje minst at eg kom den glupe ideen å setje stikk-kontaken i.
Haken nå er at det strøymer endå meir vatn ut av hola i veggen. Armaturet som sat på hola bare vil ikkje. Når eg gir opp, så har eg prøvd nokre gonger kan  du sei. Må nok i første omgang  setje på pluggar, så får eg håpe ei eller anna løysing openberrar seg etterkvart. Lurer på om eg hadde gjort det på same vis om eg skulle gjort installering av vatn sjølv? Eller hadde eg vore så proff at eg hadde laga servicekranar ved kvart tappepunkt også ved dusjkranane? 
Heilt til sist kjem det litt for dei fagkyndige når det gjeld elektrikk. 
Nedst på vasstanken står det ei kopling. Slangen ut derifrå går bare opp langs med tanken og viser nivået av vatn. Då eg tok på metallet der plastslangen er kopla til, fekk eg strum i meg. Ikkje mykje, men nok til at eg kjende det. Som på eit straumgjerde, men ikkje i pulsar. 

Då trur eg det må vera ein eller annan elektrisk feil som fører til straum på avvegar.
I     Anten gjeld det nivåbrytar for brønnpumpe, dvs den svarte boksen som startar og stoppar påfylling av vatn.
II     Eller så er det feil på den pumpa som ligg nedsenka i tanken og leverer vatn til dei ulike tappepunkta inni og utanfor huset.

Dersom straum kryp slik sine eigne vegar, vil det vise igjen som høgare forbruk?



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar