Translate

onsdag 13. oktober 2021

Heilt til himmels, eller eit godt stykke i allefall.

Me er vane med høge fjell her i Norge, men jammen har dei fjell så det held også i Italia. Til forskjell frå oss nordmenn, som stort sett legg byane våre i låglandet med Røros som heiderleig unntak, så ligg ganske mange italienske byar på høgaste punkt i landskapet. Pietrapertosa er ein slik by. Utrulig fascinerande å sjå korleis husa ligg i forhold til terrenget med smau og gater som buktar seg etter landskapet. 

Litt pause må ein ha undervegs. Så mange slags behov som melder seg når ein fer slik langs vegen. Dei som  har vore på tur i lag med meg veit veldig godt kva behov det er snakk om.
Parkering fann eg, sjølv om det på denne dagen var mange andre turistar og som gjesta byen. Byar med respekt for seg sjølv har ferdige biletrammer i jern med rett namn på byen.
Husa ligg ikkje heilt inn i himmelen, men jammen ikkje langt unna. Det er bratt, så bratt at ein mest kan lure på om dei ikkje fort kan kome på gli ned fjellsida.
Her må alle bilar på veg inn til byen passere. Ligg godt an til kaos, men tek ein det med ro går det nok oftast godt.
Løna for klatring opp til 1088 meters høgd over havet, er utsyn over grøderikt landskap mellom dei høge fjelltoppane.
Ein liten rast fekk eg meg, med litt å bita i og litt å drikka. Bakveggen i lokalet var sjølve fjellet.
Hatten på og munnbind av, klar til å holve innpå litt væte. Det var varmt denne dagen. Tett opp mot 40 grader om eg ikkje hugsar feil.
Med hus dryssa ut i fjellsida vert det og smau innimellem. Smale, kunne lett ta i veggene samtidig på begge sider. Trappemot (nyord produsert av meg) kjem og godt med på slike stader, for her er det mange bratte bakkar og trapper som tek over når det blir for bratt.

Brua her ser ut til å vera bygd for å kome rundt i enden på byen. Der var lite plass for normal u-sving, og då vart det tydeligvis ei bru som løyste det problemet,

Startpunktet for Volo di Angelo låg ganske så mange trinn opp frå sentrum av byen. I pesande varme klarte eg å ta meg opp, måtte mange pausar til. Det er stritt i nærare 40 heite grader å samtidig forsere trapper tilsvarande 10 - 12 etasjar. Men belønninga er god. Dei som vågar får seg ei glideflukt over dalsøkket til ein naboby på neste fjelltopp.

Og me var alle samde om at det hadde vore ein gild tur. Med andre ord veldig samd med meg sjølv i dette tilfellet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar