Translate

onsdag 27. oktober 2021

Kva veg mest?

Framhald frå førre tekst:

Me tok imot første natt, så får me heller sjå etterkvart kva det vart til vidare.

Og noko av det det vart til, var at det den morgonen me skulle ta ut på reis nordover, då stod det ein svart norskregistrert Skoda Roomster like utforbi bommen.

Der stod den, låst og utan nøkkel å sjå. Midt i innkjøringa stod den. Slett ikkje mulig å kome forbi den. Lukkeligvis hadde me reservenøkkel og kunne låse opp dørene.

Litt småplukk i baksetet. Diverse deler fjerna frå dashbord.
Sidepanelet på dasbordet var skore laus, utan at eg skjønar kva som kan vera grunn til det. Har du som les eit forslag, så er eg takksam om du deler med meg på messenger.

Lyset i bagasjerommet var også tatt bort.
Det same var skjedd med uttak for straum til f.eks kjøleboks. At uttaket ikkje har fungert dei siste åra har tydeligvis ikkje hatt noko å seie.

Det er lett å gå seg fast i uhæma, men klarer me å unngå at fantepakket vinn, så blir det faktisk me som sjølv vinn. Kunne lett bli slik at sommaren 2021 i Villa Felizia vart heilt overskygga av dei siste dagars hendingar. Me gir det heile eit forsøk og satsar på at splitting av alarmen i huset gjere det mulig å sove med alarm aktivert på alle dører og vindu. Så får heller dei infrarøde sensorane inne i alle rom vere aktivert når huset skal vere tomt. 

Gode forslag elles har vore å armere gitterdøra i stål med straum berekna for elgjerde. Einaste problemet då er vel at heile porten må isolerast frå muren den er sett inn i.

Om me plasserer det positive på eine sida, og det negative på andre sida, så er det framleis slik at det er stor overvekt av det som positivt er. Slik har det vore, og slik håpar me det vil vere framover.
Eg skjønar ikkje på nokon måte kva me skulle gjort utan Meggie og Pascalone. Me fekk bu hos dei første natta etter innbrotet. Då hadde me ikkje fått skikkelig orden på låsane. Kunne få sove der heilt til avgang Norge, men var kanskje like greitt å hoppe i det og sove fekk me nå til frå 2. natta. Meggie tok styring og fekk på plass det som skulle til hos politiet. Likeeins når det gjaldt leigebil. Sjåfør, tolk og hjartevame i ein og same person. 

Etter lange dagar langs vegen nordover frå Puglia, var det intenst godt med kaffi, knekkebrød og brunost når me kunne slå oss til ved kjøkkenbordet i Helmikhølen.
NordItalia, Austerrike, Tyskland og Danmark blei mest over i noko som ikkje fekk heilt plass i minnet. Kjøre nokre timar, kvile litt i den medbrakte senga, for så å fare vidare etter eiga vurdering nok utkvild til å ta endå ei økt bak rattet.
Han ser ganske nøgd ut, og det var han og. Ved sida av EuroDue, bubilverkstaden låg det ein kombinert restaurant og vinutsal. Me fekk oss eit mål mat som slo veldig godt an. Potet, så enkelt som bare det, men eg trur mest eg kan seie det var beste potetretten eg nokon gong har smakt. Saman med potetene vart det servert langtidskok kjøt. Var sikkert det me i Norge ville kalle okse. Noko godstoff i gryta var der nok og, vil eg tru. Ingen andre enn ein idiot som meg kunne vel spør etter øl på slik ein plass. Anne Marie fekk det ho bad om, eg måtte nøye meg med vatn. 


Giottilinen fekk energisk pleie i ganske så mange timar. Elpanelet som var årsak til besøk i Poggibonsi vart raskt og effektivt fiksa. Skru laus det gamle og trekke ut eit par ledningar og gje dei plass i kontaktar på nytt panel. Mauro gjekk laus på trappa, og det viste seg å ta ein del timar. Resultatet vart ei trapp som let seg manøvrere ned med lys i trinna. Når den skal inn att, då går den over til halvautomatisk, ei hjelpande hand er det som skal til for å få den heilt på plass før me kan ta til å kjøre.
Når Mauro manglar jobbar, eller kanskje er det på fritida, då byggjer han bubil på trehjularen Ape. For å få stabilitet under kjøring, hadde han montert luftfjøring på akslingen bak.

Måtte vore koselig å ta på tur i ein slik ein. På den vidgjetne rasteplassen på Hårr, såg eg ein gong ein 3hjular frå Sveits med påbygg. Den var rett nok ein litt større model, men likefullt hadde den trilla heilt til Hårr på bare 3 hjul.
Den dagen me reiste frå huset vår på Cda Coltura, misforstod eg litt og trudde me var invitert til Terje på lunsj.  Kanskje ikkje så underleg at det kunne gå litt i baddel den dagen.
Reknar med at Terje diskar slik opp alltid, sjølv når har er aleine ved bordet. Det gjorde i allefall veldig godt å få omsorg i form av eit godt måltid mat med uttrykk for medkjensle.

Då vert resten som eit potpourrie, raske tilbakeblikk på noko av det me vil hugse frå denne sommaren. Noko av det som veg tungt i den positive skåla på vekta. 

Ganske ok å sleppe unna med 20 meters gange ut av huset  for å få slik ein utsikt på morgonkvisten. 
Omtrent slik såg det vel ut for dei som kjende seg invitert til å kome på besøk hos oss klokka 3 om natta. Og tenk, dei klarte det, utan å vekkje husfolket.
Aldo på Silvane er ein meister med mat. Denne eldfaste forma hadde blitt tilført poteter, blåskjell, tomat, og løk. Kanhende der var andre ting i tillegg. Det som sikkert er, er at det smakte forreffelig. Treng ikkje vera så veldig avanserte ingrediensar for at det skal bli godt.

Maten på Silvana var ein del av opphaldet i Trullo Pernoll. Heldige me som får ta inn på slik ein plass. Dei som kokkelerer der treng slett ikkje skjemmast av kunstene sine. Gjestfrie som få er dei og.
Tilbake til huset vårt. Me let oss friste av tre ulike grillspyd som såg så godt ut på Doc i San Michele. Bålpanne eignar seg godt nok til grilling og, ikkje bare kveldkos rundt bålet. Grillspyda såg gode ut før dei vart grilla, og jammen var dei gode etterpå og. Litt mykje mat, men ned gjekk det.
Hadi laga blomsterkasse i sink første året på vidaregåande. Læraren Jarle gav prøvestykket sitt til Hadi, så på det viset har me to slike blomsterkassar. Den eine med hibiscus, den andre med ynde. (trur i allefall var det den heitte)
Kva tankar sjefen her fall i, veit eg ikkje, men det ser ut til at det er tenking ho er oppteken av.
I Trani, som var min fødselsdagsgåve frå sjefen, budde me kort veg frå hamna. Måtte forbi ei husrekkje så var me nede hamna mede gammal og nytt av båtar.
Desse to var vel snautt nok sjødyktige, men enn som dei scora når det gjeld idyll.
Me var blitt fortalt at i Trani er det ei synagoge. Nokså tilfeldig traff me på den, og vart invitert med inn. Skikkeleg intressant, sjølv om me knapt forstod eit einaste ord. 
Tekstlesing på hebraisk i nærare ein time. Då var mitt tålmod oppbrukt og me trekte oss ut.
Katedralen i Trani står heilt nede i sjøkanten. Eg kan ikkje hjelpe for det, men frå denne vinkelen minner den litt om nokre korsiloar. Frå andre sida er det heilt og fullt katedral, innvendig og.
Eg vart bare så imponert. Tapping i tre kjenner eg, men her i stein. Litt skade i eit trinn har ført til reparasjon. Om det er litt tilbake i tid arbeider er gjort, så har det nok blitt gjort med handmakt.
Utsmykkingane på katedralen er imponerande. Hadde det endå vore tre kunne ein ha forstått. Men her er det stein som er sirleg dekorert så det blir som skjøre silkeborder.

Moloen bør stå trygt når den lener seg mot sjefen.


Restaurant Grotta Palezzese i Polignano a Mare er vel den mest spektakulært beliggande etestad eg har besøkt. Første gong på sighseeing med "The more your know, the more you grow" crewet, og så som gjest i 2008 då me kunne feire sølvbryllupsdagen vår. Om me kjem der seinare er vel uvisst. Ikkje nettopp den billegaste staden du kan besøke.. 

Nokre kjøkken legg også vinn på blomsterprakt. Her går det hand i hand, det som prydar potter og det som prydar fat.
Her blir me servert beste kvalitet baccalao. Kokt på salta torsk frå Norge, men kjøpt på marked i Ceglie. Kokken har klart overgangen veldig godt frå å telje kroner og øre til å røre i gryter.

Inspektørar ei kveldsstund. Tenk om dei hadde vore større og kunne fanga anna enn bare mygg og andre små insekt. Tenk om dei var så store at dei kunne leggje labbane sine rundt ubedde labanar.


Druer frå eiga avling er ikkje å forakte.
CocoPazzo i Martina Franca held tradisjonen i hevd. Fekk denne retten i 2008, seinare fekk Tor Mygland smake den og nå måtte altså eg ha reprise. Kjøt og løk inndekka i butterdeig. Smakar godt gjer det.
Så kjem me til kveldshimmelen med det vesle dohuset i framgrunnen. Huset er ganske idyllisk det. Treng bare litt røyrleging, så kunne det vera klar til bruk. Røyr til septiktanken ligg klar, det er bare å kople til. Vatn til å skyle ned med kunne me vel bare skaffa os ved hjelp av ei bøtte vatn for kvar besøkjande.
For å halde det litt ope framleis, sluttar eg av med dette. Anne Marie kom seg vel fram som planen var. På Sola bad dei innstendig om at handbagasjen skulle gå som registrert bagasje. Det skulle den jo aldri har gjort, for når Anne Marie kom til Brindisi, kom slett ingen koffert. Truleg tok den ein opphald i Amsterdam eller Roma. Etter ein del turar fram og tilbake vart kofferten utlevert 3 dagar etter tida. Då hadde forsikringa trått i kraft. Godt å ha god forsikring, Tryg gjennom Utdanningsforbundet. Mykje styr for å få tak i kofferten, men Tryg har vore smidige og hjelpsomme.

uups, her er visst eit eller anna som ikkje stemmer. Lurer på om det har kome litt rusk i maskineriet. Skulle siste del av denne teksten kome først? Men det var nå slik de vart

Hei Anne Lise! Eg tok deg på ordet og ber deg sende meg ei melding som prov på at du har fått med deg siste ordgyteri.

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar