Det vart etterkvart vanskelig å skrive blogg. Pc-en min ville ikkje samarbeide med mobilen. Til vanlig går det heilt av seg sjølv, men ikkje denne gongen. Var inne på tanken å skrote heile bloggen, men vel heimkomen spør ein av sønnene kor det har blitt av blogginga, og då vart det blod på tann.
Teknisk sett går det lett å hente bilete direkte frå Google foto nå i nettverket heime. Haugevis med bilete i minnet på telefonen er overført, så då kan eg plage eventuelle lesarar i lange banar. Har nok materiale til lenge etter neste Latianotur. Kva tid det blir er nokså i det blå. Har billett til 16. november, men er usikker på "If I shall or not". Det er fleire ting som spelar inn enn det å ha billett for Stavanger - Brindisi - Stavanger. Meir om det seinare når eg har fått krota ned noko om det som skjedde i løpet av august og september.
Det som har brent seg fast i minnet etter sommaren 2021 i huset på Contrada Coltura er varmen. Lukkeligvis har me hjelp av vifter, propellar i taket, aircondition og opne vindauge. Likar å tenkje at me og brukar hovudet for å overleve.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar