Translate

søndag 27. november 2022

Er det dette som blir siste dose Italia?

Veret brukar vere noko av det ein sjekkar før kvar reise til Italia. Etter 10 år som huseigarar der sør, veit me så nokolunde kva me treng å ta med oss. Som regel er det lite nødvendig å ta me ver, men denne gongen ser det ut for at veret blr med same kva me måtte meine om det. Heimefrå i 14 dagar og når me ser til Il Meteo er det pr i dag kun ein dag utan melding om regn. 

For den del kunne me sikkert like godt halde oss heime. Litt trøyst i at er vermeldingane dårlige, så kan det bare gå ein veg, dei kan bli betre. Eller har me nå fått litt erfaring i løpet av desse åra. Melder Il Meteo skyer med litt regn og litt sol, kan det godt kom ut med bare sol. Det har iallefall skjedd rett så ofte før.

Heilt sjølvsagt er det jo ikkje at me kjem tilbake til urørt hus.  Me hadde nettopp aldri så vidt litt dramatikk her om dagen. Fekk melding frå Andrea i Roma. Mor hans, som er vår nærmaste nabo meinte å ha observert folk på tomta vår. Lys inne såg ho visst og. Via Meggi fekk me bedt VigilNova om å ta seg ein tur for å sjekke. Dei måtte ha med seg Meggi på denne inspeksjonen. Vil nok forhindre å få skuldingar mot seg når dei låser seg inn. Ingenting galt inne. Fekk i det minste sjekka opp at VigilNova har teke vare på nøklane dei fekk for sikkert 9 år sidan då alarm vart montert og avtale med vaktselskapet vart etablert. 

Turar som den som nå står føre, er det bare eg som har hatt tidlegare.  Det vil seie Anne Marie har ikkje vore med før. Det var eg som skulle reise aleine denne gongen og, men brått ein morgon etter at eg hadde tinga billettar, hadde Anne Marie begynt å tenke at kanskje det kunne vore gildt å vere med for henne og. Mindre enn ein time etterpå var billettar klar på same avgangar som eg hadde bestilt. Med fly kjem me oss ikkje lenger enn til Roma denne gongen, derifrå blir det leigebil.  Uansett måtte me leige bil, for campagnabilen vår står jo parkert her i Helmikhølen.  50 mil pluss minus i forhold til å reise heilt fram til Brindisi er heilt underordna. Eg har framleis glede av å kjøre bil og seier ikkje nei takk til nokre timar bak rattet på god italiensk autostrada sørover fra Lazio, via Campania og over til Puglia. 


Etter planen landar flyet vårt kl 11:55 på Aeroporto Leonardo da Vinci Fiumicino Roma. Det skal det stå klar ein liten snedden firhjuling, i beste fall Fiat, men like gjerne ein liten symaskin frå Japan. Me får sjå kva det blir.Er jo bare framsetene me skal bruke, og der er det vel oftast god nok plass for vaksne i både aler og storleik. Er nok baksetene som skil mest frå mellomklassebilar.

Tida dei reknar med her er om ein kjører nonstop i maks fart i forhold til fartsgrenser. Eg veit jo meir enn godt at det blir pausar undervegs. Litt matt må me vel ha. Dopause kan ein og fort trenge når me snakkar om tur på 7 til 8 timar. Reknar med at me er framme slik at me kan stikke innom på Doc i San Michele for å få tak i mortadella, kaffi, brød og smør. Det må til for å ha frukost utan handletur først. Sidan me bur rundt 6 - 7 kilometer frå dei tre omkringliggjande byane, San Vito dei Normanni, San Michele og Latiano som er kommunesenteret i kommunen vår, så tek det litt tid om ein på morgonskvisten måtte ta avgarde for å proviantere.


Før me reiser sørover må me få med oss litt av juleførebuingar slik me er vane me. Bare 11 dagar å gjere på når me er vel heimkomne 13. desember. Lutefisk trur eg snautt me får i Puglia, så i dag måtte me innom ein bedre restaurant for å få ein smak av dette vidunderet av mat med smak av hav. 

Kokkeleringa lærte kokken gjennom mangeårig erfaring. Første gongen eg kokte lutefisk var i Oslo hos gandtante Karen Dorothea Elisabeth. Ho sende meg til Lorentzen i Rosenkrantzgata trur eg det var, for å kjøpe ribbefett. Fisken kom nok frå ein fiskehandlar på Briskeby. Eg hadde flaks alt første gong. Fisken kokte ikkje vekk. 

Tilbake til Puglia. Me får med oss litt av italiensk juletravelhet. Ei overnatting i Lecce har me tenkt oss, og når me først er der fer me over så mange kyrkjer som mulig for å få med oss korleis dei der har pynta til jul. 

Har aldri før overnatta på ei borg. Spennande å sjå korleis det kan bli.
Senga ser komfortabel nok ut, så god søvn før ein flott frukost bør det bli. Mange gonger er italiensk frukost litt søte kaker + kruttsterk kaffi. Her i borga reklamerer dei med eit rikhaldig frukost bord som ser ut til å konkurrere med frukostborda me finn lenger nord Europa.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar