Translate

tirsdag 12. februar 2013

Var det snakk om kvit vinterferie i Puglia?

Kvit vinterferie i Puglia refererte ikkje til snøfillene som kom her om dagen. Heller ikkje til rim på bakken og is på pyttane. Kalking derimot. Me kjenner dei nydelige kvite små husa der sør, kvitkalka så dei stråler i sommarsola. Ho der heime med fjernkontrollen må ha funne rette knappane i dag. To viktige jobbar er utført i dag. Sørge for å betale ei OneCall rekning og skaffe det som må til for kalking av murar og omnshus.  Nokon sa meg eg skulle gå til Ferramenta, men første plassen hadde dei bare paintura plastico con christal. Andre staden hadde dei heller ikkje. Det dei hadde derimot var noko mest like nyttig, rettleiing på vegen dit eg kunne få kalk. A Carovigno, due kilometri a sinistra. Der trur eg dei hadde meir enn eg nokon gong kjem til å få bruk for av alt det som skal til for å lage murar og vedlikehalde dei etterpå. Endåtil rullestein som om dei kom frå ei Jærstrand hadde dei i store sekker. Inn i hallen med bilen, 2 stk  25 kg sekker lempa inni og så er eg klar.
Ein stopp på le Colonna ved Brindisi måtte og til. Eg har funne ut at der er de god tilgang til Internett. Tid for mat var det og. Pappmat er vel ikkje det som har best rykte på seg, men her smaka maten i øvre klasse. Fritto Calamare e Gamberi. Rekeføtene var og dekka av frityrrøre og sprø, sprø. Knasande godt. På servietten som låg på brettet eg fekk maten på vart det i tillegg servert rett så interessant opplysning:  Piscina STORE, Via Appia 135A Brindisi. piscinastore@libero.it. Kanskje dei har ei heimeside og i tillegg til e-postadresse.
Tilbake til Villa Felizia tok eg av mot Taranto etter nokre kilometers kjøring frå Brindisi. Vanligvis har eg god sans for himmelretningar, men i dag gjekk det litt rundt for meg utan kart eller GPS. Brått var eg tilbake omtrent der eg starta. Må vere lov å seie at det var nokså grå himmel akkurat då, så hjelp av himmelretning var et lite av. Det er flatt heime på Jæren, men her er jammen flatt nok her og. Grått vart det helst på veggen og når han med så umåtelege mengder tolmod bare måtte teste med ein gong. Vel grå, kan hende meir ein slag lys beige. Eitt eller anna ubestemmelig vart det. Litt vegg, litt mur + ei av solcellelyktene frå LIDL. Det er visst ein prosess på gang, for nå etter ein times tid tek LIDL-lykta til å bli noko som liknar ein del på kvitt. Ikkje heilt umulig vil eg tru at den vert heilt kvit i løpet av nokre timar eller over natta. Då blir det nok slik med det andre og, så er det bare å håpe på nok opplett til at vegger på omnshus og murane langs vegen inn mot Villa Felizia kan ei oppfrisking. Eg har god tru på at her vil bli skikkeleg fint når kvitkalka portstolpar ynskjer velkommen inn til casa fantastico.
Der kom dei, alle tre. Guido med første leveranse av olje, 5 liter. Han hadde med seg låssmed som skal reparere dørene in til pumperommet. Til den eldste av dørene tok han med seg låsen. Den andre er ny og kanskje enklare å få skikk på.  Elektrikar kom og, han fekk eit overblikk og kjem tilbake laurdag morgon. Når det er på plass så let det seg gjere å setje i gang vatning med eit enkelt vatningsanlegg. Ikkje for det, fram til påske er det sikkert ikkje nokon av vekstane her som fer vondt. Det store vatningsanlegget ser ut til å fungerer heilt upåklagelig.

1 kommentar:

  1. Hvis du venter til sommeren kan du få tak i basseng i nesten alle butikker. Både Auchan, Leroy Merlin og småbutikker i småbyene har basseng til salgs. Og gir rabatt slik at de kan matche prisene fra kjøpesentrene.

    SvarSlett