Translate

fredag 8. februar 2013

Badegjester alt i januar


Reisedag. Alltid litt travelt. Opp alt klokka 04:00 for å kome tidsnok til både innsjekking og sikkerhetskontroll før avgang klokka 06:00 frå Sola. Kort mellomlanding på Schiphol før ferda over Alpene tok til.


Til ære for mi kjære bare MÅ eg ha med eit flybilete. Brått for me over ein minnerik stad sør i Sveits, like ved grensa til Italia. Utsikt over Lago Maggiore.

Godt at flymotoren ikkje tok til å hoste og harke på same vis som ein viss A6 gjorde for nokre år sidan då me kom til Mendrisio. Me slapp å stoppe i tollen og på grensa i dag. Rimeleg nok valde tollarane å heller vere nærværande på Linate.

Kva som gjer utslaget veit eg ikkje, men kø, det er tingen det. Saman med dei innfødde stilte eg opp minst ein halvtime før boarding tok til. Sitjeplasser var det nok av, men nei, stå i kø er det som gjeld.           Me kjenner til Hannibald som hadde hjelp av elefantar for å ta seg over Alpene. Jonas fekk seg ein tur i kvalens buk og i dag fekk eg rett og slett ein tur i vomma på ei KU.
Greitt nok det. Ho hadde venger og eg kom dit eg skulle. Då kan eg vel snautt klage.

Utanom kø set eg og pris på 500 med førenamnet Fiat. Det var ein slik ein eg hadde håp om å få og som eg hadde bestilt. Det er rett nok ofte eit atterhald når ein leiger bil, ein kan og få ein annan bil av tilsvarande slag. Det vart ein Renault Twingo i ein kulør som kunne ha vore med i parade både i Oslo og Berlin. Rosa/lilla.
I desse dagar er det akkurat 15 år sidan eg første gong sette mine bein på Pugliansk jord. Det hender eg vert tenksam og det vart eg faktisk der eg kjørte på veg mot hytta vår «der nere». Kva er det som gjer at ein kjenner seg heime, for akkurat då kjende eg meg i alle fall litt heime. Eg trur det må ha med det å ha et godt, kjenne at livet er ein god ting.
Med litt småstopp undervegs på Auchan, Euronics og Leroy Merlin, vart det etter kvart tida for å dra til Villa Feliza. Og for ein velkomst. Her hadde velkomstkomiten vore i sving i lengre tid vil eg tru. Bassenget med 6-7000 liter vatn i var tømt. Bare det må ha tatt ein del timar. Det var mest ikkje spor att av det. Grunnen som er planert av førre eigar + ei presenning som har verna bassengduken står att. 
Ikkje nok med det. Dørene inn til rommet som hyser vatntanken vår var behørig opna. I eine tilfellet var heile karmen brekt laus, i andre døra var låsen brekt fullstendig sund. Ikkje for det, akkurat den døra let seg ikkje låse, den måtte boltas frå innsida og frå no av er den sikkert like sikker som den var.
 

I tillegg til 5 solcellelamper frå Lidl, 5 11kg gassflasker, nokre river, moppar og ei bakespade til den fabelaktige bakaromnen vår var også alt utstyret til bassenget lagra der. Pumpe, filter, slangar, skimmer og hov for fjerning av insekt var borte vekk. Einaste me har att nå av bassenget er ein stige til å kome oppi og utav. Den får me nok god bruk for vil eg tru. Tenk om det er ein bassengbande som er ute på tokt. Då kan fleire uteståande basseng vere i faresonen. For så vidt ikkje noko katastrofe, men ekstra bry for å få på plass og reparert dørene. Har sett over alle vindauge og dører elles inn i sjølve huset. Ser ikkje ut til at nokon har prøvd seg på anna enn nemnde dører. Det vil seie, eit lite uthus nede på tomta er nok undersøkt. Då eg reiste herfrå sist gong 1. desember lukka eg att døra der. No var den open. Synd me ikkje lagra bassengutstyret der, for då hadde kanskje dei andre dørene vore spart. Forstå det den som kan. Korleis kunne dei vite at utstyret til bassenget var plassert akkurat i same rom som vatntanken?

Lurer forresten på om eg skal henge opp ein plastpose på porten med alle brukarrettleiingane til bassenget? Der står det i minste detalj forklart korleis ein skal ta vare på ustyret for at det skal vere til glede lengst mulig.











1 kommentar:

  1. Når dei ikkje fann utstyret i dei to andre uthusa, var vel neste plass å leite i påbygget. Hadde dei ikkje funne det der, hadde dei kanskje gjort meir for å kome seg inn i sjølve huset. Det hadde nok vore meir bryderi å koma seg gjennom dei dørene.

    Anne Marie

    SvarSlett