Translate

fredag 22. februar 2013

Småskala næringsverksemnd?

Å tappe olje frå 20 liters kanne var ikkje heilt enkelt. Glatt som bare det. Lett å miste taket. I går ramla eg og slo eg meg såpass at eg framleis i dag er bra mørbanka. Det er likevel rart kva som går. Å helle olje frå den store dunken var grapse. Olje som skvatt alle stader den ikkje skulle.
Betre å legge dunken ned og fange olja i eit glasskar som smaug under. Deretter over i 5 l kanne før oppmåling av 0,75 liter, som er det småflaskene rømer. 

Heile prosessen gjekk føre seg på kjøkkenbenken med så god hygiene eg kunne få til. På reingjort rustfritt stål med kvit flisevegg bak ville kanskje endåtil mattilsynet vurdert å godkjenne.

12 av desse utgjer 9 kg vekt. Er vel større problem at det er flytande, men eg har tenkt å pakke kvar flaske i minst eit lag plast og tape det att. Klede som elles skal i same koffert får eg nok og pakke om så galt skulle vere at det vert lekkasje.

Jammen var det godt at mesteparten av rydding var gjort før eg tok mitt svalestup. Med megen møye klarer jeg meg å bøye. Men ikkje bare det. Sjølvsagt måtte straumen gå alt tidleg på dag. Det betyr null vatn sidan me er sjølvforsynt med vatn og treng straum for å få pumpe det opp. Eg tok meg ein tur til Le Colonna IperCoop for å få med litt mozarella og litt spekemat. Det er bestillinga heimefrå. Då eg kom tilbake hit  og her framleis ingen straum var  rulla eg litt ned. Klarte faktisk det utan straum. Hos nabo Lina var Giovanni i gang med oppsaging av greiner frå oliventre. Eg gjekk bort dit og ville ha greie på om det var straum hos Lina. Han var mest interessert i sikringsskapet her i huset. Var alt i orden? Eg hadde jo sjekka det, men virka ikkje som Giovanni hadde noko tru på mi sjekking. Inn måtte han og det sette sine spor kan du sei. Han prøvde å skrape av det verste, men så sterk farge det er på jorda så set det sine spor. Det var det nyvaska kjøkkengolvet og den reine avspylte matta. Vel, vel, tanken og meininga er nok god. Han konkluderte med at det kunne vera pumpa som hadde sett stopp for alt. At ingen av sikringane hadde gått fekk han visst ikkje med seg. Ei lita stund etterpå ropa han borte frå Lina si tomt. Det var ingen straum der heller fann han ut då han kom på at han kunne låse seg inn for å sjå. Han ringde visst til Lina og som sjekka med Enel. Det var ein feil på ei linje her i området som ville vere ordna til kl 3. Godt å vite, så slepp ein å lure på tusen ting som korleis skal eg få til siste oppryddinga i lyset av stearinlys og korleis skal eg få skylt ned i do.  Nå er det rett før senga, så får det vel bli litt soving. Eg er ganske reisesjuk av meg og det betyr ikkje noko om eg reiser eine eller andre vegen. Ikkje er eg uroa for reisinga heller, så kva det går i er eg litt usikker på. Er vel heller stappfull av forventing. Det å reise er ei oppleving i seg sjølv slik eg ser det. Er vel bare å innrømma at eg er uforskamma forviten. Alltid noko interessant å få med seg der det ferdast mykje folk. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar