Translate

fredag 22. februar 2013

Ingen bein brekt i dag heller


Godt eg fekk gjort noko av oppryddinga ute alt i går. Hadde ei viss aning om kva ver som kunne ventas, og det slo til. Det har kome 6,5 mm nedbør i løpet av dei siste timane, og det ser ikkje ut til å stoppa der. November og februar har lært meg at Puglia kan vera vått. Ikkje bare litt vått, ganske så mykje. Det er så ein kan kjenne seg heime her av mindre, for med omsyn til nedbør er ikkje forskjellen til Jæren fryktelig stor, så langt eg har sett det.
Tok meg ein tur til Taranto. Så tettpakka med parkerte bilar har eg snautt sett andre stader. Kvart einaste vesle hol var utnytta. I tillegg var det ein heil del dobbelparkering.  To disponible kjørebanar for trafikk vart rett som det var innsnevra til 1 kjørebane. 

 Etter ein kort stopp for å samle bevis på kor eg har vore kjørte eg vidare til Auchan i Taranto. Mat må til og på dagar som denne. Det var eit takras av diverse på eit tynt stykke pizzaliknande brød. 
Paprika, grøn salat, tomat, kebab og pommes frittes ikkje dandert men lessa på i ein heil haug. Balsamico og olje bidrog til smaken som var god nok i seg sjølv. Det er bare februar men gelatio måtte til, første handisen på denne turen. Fragola e limone er favoritten.  Eg trudde mest eg hadde skote blink då eg kom over ein Wind butikk. Dei hadde alle slags remediar for mottak og sending av internett. Villige til å opne øskja for å sjekke om der var antenneinngang var dei og. Uheldigvis hjelpte det ikkje med velviljen. Eg måtte gå tomhendt derifrå. Skulle ein eller annan vite om  ein plass der ein kan få tak i ein dongle for mottak av trådlaust breidbandsinternett og der donglen har antenneinngang, då ville eg vera veldig glad for å få vita det. På taket står det ein stakkar og får ikkje gjort nytte av seg i det heile. Pr mobil (Samsungen min) går det såpass tregt at ein like gjerne kan sjå på det som trening i tolmod som kommunikasjon via internett.
På vegen mellom plassen her og Francavilla Fontana har eg fleire gonger kjørt forbi eit litt merkelig fenomen langs med vegen. At det fins mange ulike slag oliven de veit eg. At det fins spesialutvikla for suppe var eg ikkje klar over. 
Oliven som veks her må ha symjeknappen, elles druknar dei. Og unngår dei å drukne der dei vaks kan dei vel saktens klare seg i ein suppetallerken og.
Eg har brukt å seie at ting er ikkje vanskeligare her, bare annleis. At der er annleis skal eg verkelig skrive under på. Eg hadde nokre ærend hos meglar i ettermiddag.
Søknad på utviding av huset med eit bad og soverom til går sin gang. Det kan ta noko tid. Vil det gjera deet utan godkjenning er det gjort i løpet av ei månad er tilbakemelding frå Guido, men så travelt har de det ikkje?
Guido ringde til ENEL og fekk stadfesta at der skal det vera i orden med autotrekk frå kontoen vår i Deutsche Bank Via Roma, Francavilla Fontana. Då får eg bare passe på at den kontoen ikkje går tom.
Hente resten av olivenolja var og del av ærendet. Det kunne fort ha blitt siste olje det. Dunken på 20 liter stod i garasjen. Utfor garasjen er det marmorfliser og for dei som kjenner meg treng eg vel ikkje seie meir. Vatn på marmor og glatte sko. Spenstig kombinasjon det. Skulle eg ha skada meg alle dei gongene eg har gått på trynet kunne eg vel mest ha vore rekonvalesent konstant.  Skarpe kantar og tunge blomsterpotter unngjekk eit ublidt møte med stødige meg. Du var nære på nå viste Guido med fingrane. Tommel og peikefing bare nokre millimeter frå kvarandre. Olja står på benken på kjøkkenet her. Valnøtter og mandlar står i pose og ventar på skyss til Vigrestad. Der veit eg  iallfall ein som er glad for nøttene, Barney. Han går fort ein ekstra runde om ein bare lokkar han med ei uknekt mandel. Inn under spisebordet trekkjer han seg og gir seg ikkje før han har fått i det som er etande.
Det som ikkje var ærend, bare nemnt i forbifarten vart ein heil leksjon i italiensk lov når det gjeld småbønder sin rett på land som dei kan hevde dei har teke vare på. Det vil seie henta oliven, pløgd, velta, klipt trea. Alt dette gjev rettar, difor må ein etter Guido si meining passe seg for å la same mann ta seg av dette fleire år på rad. Nå tenkjer eg at resten av bøtteballetten får vår kjære meglar ta seg av. Det vert fort litt komplisert ser eg, og prøver ein å gjera sitt beste kan det fort bli det verste.

Litt kjekkare med det som veks. Mandelblomstringa er mykje sseinare i år enn vanleg. Det tyder nok på at det har vore ein kaldare vinter enn vanleg også her sør i Italia.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar