I går var
naboen på vest innom. Han syns tydeligvis det var fælt med alle oliven som låg
uhausta på tomta vår. Ikkje alle planar blir slik dei er tenkt. Guido sin plan
om å la komande svigerfar til Daniela ta seg av innhausting av oliven har
tydeligvis gått i vasken. For å berge det heile har han snakka med ein nabo i
gata som har hausta una volta som nabo på aust Lina sa det. Då eg kom tilbake
etter spasertur halvvegs til Carovigno stod Apen, den vesle trehjula lastebilen parkert nedanfor huset her.
Han var i gang med å samle oliven i
haugar. Gamle mannen i full sving, mest så eg skjemdest då eg sette meg i sola
for å nyte litt vinterferievarme i solveggen.
Eg skal
ikkje ta til med å fortelje om turar på do, men eg var innom for å vaske
hendene og i det eg gjekk ut att small det. Sidan det var lyse dagen vart det
ikkje mørkt, men det såg ut til at sikringen gjekk. Det lukta litt brent plast
og. Sikringen var rett nok gått og den flotte varmevifta eg fekk på plass på
bad 1 alt første kvelden dvs sist torsdag, den var det null funk på. Eitt eller
anna inni som har kortslutta vil eg tru. Eg har kvitteringa og øskja eg fekk
den i, men neimen om eg veit om eg går tilbake og klagar. Når eg heller ikkje
snakkar nettopp flytande språket dei innfødde brukar, ja så vert det ikkje
nettopp lettare. Slikt er noko av det verste eg veit. Men då er det bare slik
at varme lyt eg ha, for å dusje i 8 grader det er eg for fesen til å gjera.
Kunne like godt arrangert eitt eller anna ute då.
Eg tok
meg saman. Via Brindisi 115 var adressa og veggvifte og kvittering vart medbrakt.
Måtte vente ein time på at sjefen skulle kome, og den timen nytta eg til endå
meir trim. Har alt gått halve vegen frå San Vito til Carovigno tidlegare i dag.
Nå vart det ikkje ganske så langt, men trim som tel må det vel vera. Attende
til butikken vart det litt snakk mellom dei som ekspederte og ein telefon til
forhandlar. Ein ny omn i bytte er ok. Det vart forresten spurt om den var brukt
lenge om gongen, men eg forsikra om bare eit par timar om gongen sidan den heng
på veggen i bagno. Det var eit svar dei var nøgde med ettersom det bare er til
slikt bruk denne typen omn er berekna.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar