Translate

tirsdag 19. februar 2013

Travel givande dag


Det har vore ein travel dag. Før eg reiste heimanfrå lova eg luking i den vesle åkerlappen med fennikel og løk. Det gjekk an å sjå kva som var kva då eg kom hit, men eg er redd hadde det fått vekse fritt ein månad til kunne det blitt vanskelig nok å finne att det som var sådd. Eit av ugrasa var så utruleg likt lauvet på fennikel at det mest var uråd å sjå forskjell.  
Etter lukeøkt var det maleøkt. Porten, dørene og eit stativ for ein hengestol skal alle få same farge, djup grønt. I morgon ser eg om dei nymala tinga har overlevd natta med glans eller ikkje. 
Har det blitt matt på grunn av dogg er det ikkje anna å gjere enn å ta eit strok nummer to seinare. Har du endå ikkje vorte lei av føljetongen med dei kvite lyktene, så kan eg melde at dei i dag og fekk endå eit lag med kalk.  Den glade amatør styrer på. 
Dei er nå så kvite alle saman at eg kunne mest ha stoppa der. Godt gjort at kalkbehandlinga sit og når det regnar, for kvar lykt er laga av eitt eller anna plaststoff eller kanskje glasfiber med ei slags ru overflate som skal illudere grov mur. Innimellom dette har eg og fått tid til ein time i sola. I dag var det faktisk godt, ikkje slik at eg sat bare for å kunne skryte av det.
Blir ikkje så mykje meir gjort her i dag. Kattane har fått sur fløyte og gammalt brød. Ser ut til å lika det dei får. Eg reknar med at dei gjer att med velgjerninga å halde unna eventuelle mus og rotter. Om her faktisk er rotter og mus her veit eg endå ikkje. Det må vere lang da med jobbing som gjer det. Brått var brillene borte, og då er det jammen ikkje godt å sjå nok til å finne dei att. Det går ikkje så lenge då før konklusjonen blir at borte er dei og borte blir dei. Når ein så er aleine brillelaus med å leite, så er ikkje utsiktene gode. Eg hadde alt kome heime til Vigrestad ikledd solbriller. Time hos optikaren i Egersund var omtrent i boks. At nokre små glasstykke og litt kunststoff skal gjere slik lukke er mest ikkje til å tru. Gjensynet var sterkt og inderleg. Dei låg faktisk der eg hadde langt dei, ute på muren då eg skulle ta bilete av lykter på rekkje og rad. Kan sikkert avbestille i Egersund.
Her er mykje god mat, men eg har absolutt ikkje skeia ut så langt. Hest ein kveld og fisk ein annan kveld.  Ja, så har eg i tillegg hatt pizza, men det er jo ikkje så veldig spesielt. I kveld vil eg ut og eta kor nå det skal bli. Anne Marie melde interesse for antipasti og det skulle vere mogeleg. Om ho har noko særleg glede av det eg kan formidle, sjå det er ei anna sak.
Kvifor gå over bekken etter vann? seier me. Skriv ein det litt om: Kvifor gå over Auchan etter vann? Så passar det godt med styret for å få tak i noko denne kroppen kan få varme av før og etter dusj. På Auchan hadde dei sjølvsagt infrarød stråleomn. Ikkje så fryktelig mange watt, men nok til å varme ein kald skrott. Eg kunne ha testa omnen nå i kveld, men sjølvsagt er det ikkje bare brillene som har vore borte i dag. 5 mm murpluggar er det som må til når boren er 5 mm. Kor eg har lagt pluggane eg skaffa saman med boren  må fuglane vite. Har leita der eg syns det er fornuftig å leite, men det er måte på kor enkelt det skal vera. Kanskje eg får gå tidleg nok til at eg kan gå innom ein Ferremento og få pluggar før eg går ut og et. Ugras likar varme vil eg tru, men for mykje av sorten er eg usikker på om det trivst med. Eg har skaffa meg ein boks gass og ein brennar tiltenkt å svi ugras. Eg har og funne ut at den er fin når ein skal brenne bråte. Her gjer dei det og eg fyrte opp to haugar med kvistart stenglar og anna brenne.  Det blir liksom ei eiga stemning av det når ein gjer det i skumringa.

1 kommentar:

  1. Optiker trenger du ikke avbestille, kanskje kan det være på tide med en kontroll av synet. Men, få deg bare en brilleseddel til å ta med til Puglia. Briller koster mye mindre her enn i Norge. Og leveres på en ukes tid eller mindre.

    SvarSlett