Translate

mandag 18. februar 2013

Eg vart kvitt kvitt ugras

Første oppdrag i dag, San Michele. Ei stor samling av Iveco rekna eg med også inneber verkstad for same merke. Eg trur eg fekk fram det eg ville. Vår Iveco Giottiline i Norge skal til Puglia til sommaren og treng service. Freni, motori, tutto servicio. Endå til vindusheisane som aldri har vore særs samarbeidsvillige kunne dei ta. Utruleg flott verkstad, kunne mest konkurrere med eit legekontor. Ikkje noko verktøys der. Alt var på skikk, golv og vegger dekka av fliser og ein capo som ynskte å forstå min svært så mangelfulle evne til å snakke som dei innfødde gjer.  
Bare nokre få kilometer unna herifrå, så det blir nok den eg brukar. Verkstaden eg fann i Francavilla var omtrent rake motsetnad. Rot utan like rundt omkring og bygg som såg veldig slitne ut.  
Til San Michele er det bare å slenge sykkelen bakpå, så er eg heime att på eit lite blunk. Det vil seie, meir enn eit lite blunk kan det vel kanskje ta. Her er ganske så tett med laushundar i området rundt her. Skulle nok hatt hundeutgaven av Kari Mills her. Dei fleste hundane ser ut som rasehundar, og då er dei vel bare sette på gata og har etter det måtta klare seg sjølv. Det er bare det at føter i febrilsk fart på trøene i mitt hovud er vanskelig å kombinere med hundeglam og glefsing frå 3 – 4 stk av arten. Med bil veit eg korleis det kan fiksast. Då klarer eg opptil 3 om gongen, men med sykkel?
Hovudærend til Francavilla i dag var eigentlig å sjekke ein forhandlar av Intex basseng.
Adressa var grei den, Via San Francesco 182. 
Det var slik det såg ut på den adressa.
11. mars 2013 er ein merkedag i historien om Anne Marie og Geir sitt eigarskap til Villa Felizia. Me kjenner oss endå unge nok til å ta i eit tak når det gjeld om å halde eigedommen i god skikk. Spesielt når me har folk som pløyer, veltar og hentar oliven. Vår del av tomta, det vil seie den delen me tek sikte på å stelle sjølv er truleg rundt halvtanna mål, men då er det inkludert hus og veg inn til huset. Det er vel litt heftig å reise ned hit mellom denne turen og neste til påske for å ta imot Moto Coltivatore MG2300 Honda Benassi. Trudde nok dei hadde inne på lager, men det er visst ferskvare. Kanskje vel så greitt, for hadde eg fått den i dag hadde eg absolutt ikkje klart å halde meg frå å ta den i bruk. 
Jorda er nok meir klar for ei oppfresing i slutten av mars.  Kor skal så maskinen få bu medan det ikkje er folk i huset her nere? Det får bli rundspyling først, avrenning og så å manøvrere den inn på kjøkkenet for å parkere den oppå ei av presenningane som så ubeleilig  vart ledig. 22.mars kjem den, men først kjem vi, Anne Marie og eg.

Me kjem hit 21. mars via Kastrup til Roma. SAS hadde i ein heldig augneblink eit veldig godt tilbud til Roma, så bra at me begge kunne tenkje oss dei 6 – 7 timane med køyring ekstra. Helge og Knut som og kjem hit ned til påske har  endepunkt i Roma dei og med leigebil siste 58 mila ned hit.
Nå er det like før mandeltrea sprett, men eg er nok redd for det blir nokre dagar etter at eg har returnert til huset vårt det oppe. 
2 – 3 kvistar i kofferten vil eg lure med meg. Svigermor er overmåte både begeistra og nyfiken på korleis her er. Hadde ho vore litt sprekare kunne ho nok tenkt seg å vere med hit ein tur. 
Av ugras er her ganske mange slag. Eg er like lite glad i dei alle. Akkurat nå er det dei som blømer kvitt som har fått unngjelde. 
Sikkert ikkje ringare sort enn dei andre, men lette å få auge på. Har fare over alle 8 måla og trur ikkje det blomstrar kvitt nokon stad. Det einaste kvite som er her er huset og dei nykalka LIDL-lyktene. Den lykta som har flest lag er snart for blendande kvit å rekne. 

Her er ikkje særleg god connection til Internett. Siste og beste løysing så langt her på eigedomen er ein Samsung Galaxy Note i modus for internett-deling. Portabelt WI-fi-hotspot, det er tingen sin det. Er ein avhengig så er ein avhengig. Beste plassen her er ute på terrassen og der ligg mobilen i ein  plastboks som vernar den mot fukt. Inni er det eit lite sim-kort som han Livar oppi Ceglie spanderte så velviljug her i sommar. Kan faktisk kjøre ganske mykje mobilt internett med hjelp av det og det til ein pris som nok ligg godt under internett levert på meir tradisjonelt vis.

1 kommentar:

  1. Det kan godt hende at mandeltrærne står i full blomst i påsken. Det hele avhenger av temperaturen framover.
    Og om ikke mandeltrærne blomstrer gjør kanskje morellene det. Og den ville asparges kan du kanskje få glede deg med....

    SvarSlett