Translate

torsdag 14. februar 2013

For billigt for forsikringsselskapet?


 Rein bonus dette. Hadde ikkje rekna med låssmeden så tidleg på dag. 2 stk, sjølve smeden + ein hjelpar. Hjelparen høpp og sprett på minste vink frå smeden. Den nye låsen er lik den gamle, men i motsetnad til den gamle går det å bruke nøkkel for å låse. 
Eit lite sveiseapparat sørga for det. Sveisebriller har ikkje vore i brus, så for smeden sin del håpar eg ikkje det er akkurat denne type arbeid han fer med kvar dag. Glideboltane oppe og nede på døra får og ein runde med vinkelslipar og sveiseapparat for å vera meir medgjørlige i bruk.  
Den nye døra må eg nok sjølv til å fikse på karmen slik at skruene får nytt feste. Klarer eg i kline i noko sement i dag, bør eg kunne bore i det før eg pakkar sakene og fer heimeover att om vel ei veke.
Hender som jobbar i lag  når over meir enn hender som jobbar ved sida av kvarandre .

Det må vel kallast å gå over grensene mellom bransjane. Såg ut som dei var ferdige. Tok til å bera utstyr tilbake til bilen. Måtte ut og sjå korleis det ser ut og der, kven andre enn smeden ligg på kne framfor døra med murskei i handa og nyblanda sement i eit lite kar ved sida av seg. Her blir visst jobben komplett ser det ut til.  Eg blir stadig overraska over alt det går an å få med seg på tross av manglande dugleik når det gjeld språk. Smeden hadde pressa inn eit plaststykke mellom lås og dørkarm. Den skulle hjelpe til med at karmen ikkje skulle bli pressa mot låsen og gjere dør treg. Forza, bruk litt makt etter una ora. Betaling må til, og  sidan eg ikkje var klar med kontantar følgde eg med opp til San Vito for å ta ut. 120 € for 2 mann i bortimot 1 time + 1 ny komplett lås kan vel ikkje seiast å vere så galt. 
BRAVO til

Blir rett og slett ikkje utgifter nok til å gå over eigenandel til forsikringsselskapet. Då kunne eg ha spart politiet i Latiano for arbeid, men eg hadde ikkje fått med meg Jesus og maskinpistolen.
Sidan eg først var oppe i San Vito tok eg meg likegodt ein tur innom LIDL. Kunne dei ha fått inn fleire solarlamper til å plassere på murane inn hit? Ingen lamper nei, men stivalo det hadde dei. Stivla på godt jærsk. Eg vel å sjå det som sterk påverknad frå italiensk på den jærske dialekten. 
Og kva var bonus: jau det faktum at låsen etter innbrotet faktisk er betre enn før. Før kunne det ikkje låsast frå utsida. Ein måtte bolte frå innsida, krype mellom vanntank og vegg for så å låse nyaste døra på vanleg vis. Nå kan begge dørene låsast utan risk for å ha ete så godt under opphaldet et ein set seg fast mellom vegg og tank på veg ut etter bolting.

1 kommentar:

  1. Det er to ting man alltid må huske på å ha med seg i Puglia.
    Kontanter og Codice Fiscale.

    SvarSlett