Translate

lørdag 9. februar 2013

Veldig så tilfeldig hamna eg utanfor Villa Serena


Står ein tidleg opp får ein lange dagar. Får ein gjester utan å ha invitert dei blir det lett litt opprydding av ulikt slag og då er det godt med lange dagar. Intasure fekk i dag tidleg tilsendt melding om innbrotet her på eigedomen. Bilete av det som er øydeagt fekk dei og, alt produsert og levert pr Samsung Galaxy Note. Til tider er internettlinjene hit veldig så oppegåande. Både tekst og bilete vart svelgd unna i bra tempo. Her blir lyst mellom 06:00 og 06:30. Den "tilfeldige" turen innom Villa Serena gjekk føre seg tidleg på dagen i dag.
Den andre eigedomen, den til Lill Karin og Gaute vart også besøkt. Så langt eg kunne sjå var det lite anna gjort ute enn trappa ved hovudinngangen. Mangla endå litt pussing i opptrinnet, men det såg jo bra ut. Litt å henge fingrane i for dei når dei etter kvart tek plassen i bruk får dei nok og.
I Ceglie var det marknad.  +1°, bittelitt regn, du kan sei stemninga blir noko annleis då enn sommarstid. Må vera fryktelig kaldt å stå slik timesvis. Så fælt mykje folk var der heller ikkje og då kan det ikkje bli veldig mange sal. Med mi endelause interesse for marknad gjekk det nokså fort for seg. Klede har eg, husgeråd har eg, sko har eg, barnebøker på italiensk har eg ikkje, men sidan eg ikkje kan lesa dei treng eg dei heller ikkje. Folkelivet kan vera interessant, men så stille som det var i dag var det ikkje så mykje å forvite seg på. Tilbake til San Vito. Mat må ein ha. I dag var det PAM som fekk besøk. Det blir ein del pasta og bacon. Enkelt å lage og utruleg velsmakande når ein kombinerer med litt andre ting.

Meglar Guido er informert om dei ubedde gjestene. Han ville kontakte Politiet og kome ned hit i løpet av ettermiddagen. Ikkje mindre enn tre like ærenda hadde han vore på heilt i det siste. Kva er det som føregår lurte han på. Eg fekk meg ein liten kvil i pensjoniststolen vår. Poltrone med motor, ein slik ein som nærast kastar ein ut av stolen i slow motion om ein trykkkjer på knappen for det. Litt luking fekk eg og tid til. Kanskje ikkje så mykje hjelp i det, men det er til hjelp for meg sjølv. Litt  raking fekk eg og gjort. Samle visna lauv og vekster i haugar som kan brennast når det bare har fått tørka nok. Apropos tørka. Her er mengdevis med ved, men sørglig nok ikkje særleg tørr etter ein våt vinter ute. Eg stabla litt under tak sist eg var her og det må eg nok halde fram med. Den veden brenn fint, medan uteveden freser når eg legg inn. Då går nok mykje av varmeverdien med til å tørke før det brenn og gjev varme.

Guido ringde og sa frå om at politiet i Latiano hadde lova å kome i morgon søndag ein gong etter ni for å sjå på dørene.  Sjølvsagt er det lite dei kan gjere til eller frå, men dei kan lage ein rapport som er nødvendig å ha i høve til forsikringsselskapet Intasure. Litt spennande er det. Kva ytingar kan ein vente seg derifrå?

2 kommentarer:

  1. Du må nok bære mye ved under tak. Du skal jo tilbake om 38 dager og da må det nok også fyres.

    SvarSlett