Translate

tirsdag 5. februar 2013

Kvit vinterferie i Puglia

Ikkje mange dagar att nå før han fer. 

"Lime washing" eller kvitkalking på godt norsk ser ut til å vera passeleg aktivitet med dei temperaturane ein kan vente seg på denne tid av året. For at "kvitvaskinga" skal setje seg på murar og vegger er det bare bra om grunnlaget ikkje er for tørt. Sjølvsagt må det heller ikkje vere så vått at det renn av. Å kvitkalke mur er noko heilt anna enn å male har eg forstått.
Med andre ord kan eg ikkje dra nytte av erfaring framskaffa gjennom generasjonar. Etter at farfar gjekk i land frå arbeidet som skipper på frakteskute vart mangt eit hus på Finnøy lagt under hans kost. Hugsar eg ikkje feil gjekk det mest i kvitt.  Høgdepunktet i min karriere som malar vart nådd i ein vaklande stige i 3. etasje på det gamle trebygget til Vigrestad Handelslag der jernvaren var med styrarbustad over i to etasjar. Lite att i dag av det gamle ærverdige huset. I kampen for å overleve i ei effektiv tid bukka det under.

Naboane på Cda. Coltura har gjort 
ein god jobb med kalking av murar, 
og om ikkje mange dag skal inn-
kjøringa til vår parsell vere like fin.




Eg har også kome til ein slags konklusjon når det gjeld kjøp av jordfresar. 
På Leroy Merlin har dei ein 200cm² med Hondamotor og store hjul med traktormønster som dreg maskinen framover. 
Innan eit par veker er den min.
Dei tek seg og av transport. Ikkje store kapasiteten på store gjenstandar med ein liten Fiat 500 lik den eg kjem til å kjøre denne gongen, men du verda for ein tøff liten ein å fare på tur i.

Når eg først er innom Leroy Merlin skal eg ha med meg eit par stråleomnar til å montere på bada. 


Norsk standard i dag er jo golvvarme på bad, men slik er det ikkje i Puglia. I alle fall ikkje med engelske byggherrar.
I det heile er me rett så heldige med eit slikt senter som Leroy Merlin bare 15 minuttars kjøretur frå huset vårt. Ein treng aldri stå i beit når ein manglar eit eller anna til hus eller hage. Ferramento som ein finn inne i byane er mindre men svært så innhaldsrike når det kjem til jernvarer i store og små utgåver.  Mange av butikkane minner om Malden på torget. Einaste problemet  er at ein kjem mykje lenger om ein har teke litt fleire steg på språkstigen enn det eg så langt har. 


Kurset er klart. Pc-en er klar, men er karen sjølv klar for kurs?

Med leigebil tek ein seg greitt fram over alt. Draumen hadde nok likevel vore å hatt sin eigen cinquecento. Det er ein bil eg har vore fascinert av i 50 år. Då mi grandtante skifta frå ein diger amerikanar til Fiat 600 tidleg på 60 talet trur eg min fascinasjon for italienske former fekk ein flying start. Folkevogn kjem som ein god nummer to. I scooterlandet Italia hadde det sikkert gjort seg med eit kjøretøy som dette. 
Litt uro i heimen med omsyn til kven som skulle sitje bak styret hadde det kan hende blitt, men med litt list og lempe skulle eg nok fått plassert meg på den staden eg kjenner eg høyrer heime, bak styret.



1 kommentar:

  1. Jeg hadde samme problem når jeg skulle handle på ferramenta. Løsningen ble å fotografere de ting jeg skulle ha slik at jeg kunne vise fram bildet. Det fungerte bra hver gang.

    SvarSlett