Translate

mandag 18. februar 2013

Mat og vatn må me alle ha

Her har du han som et baderomsomnar til frukost. Er visst ikkje rette sorten omn for ein frosen nordbu som vil ha litt varme på badet når han tek sin oppfriskande morgondusj. Same styr med denne som førre. Nå ser eg ikkje for meg å ta turen tilbake til Via Brindisi 115. Det nok. Greitt nok å vise manns mot ein gong, men der er det stopp. Får bruke det andre badet der det framleis er ein omn som fungerer. Den er av same prinsipp som den eg åt opp i dag tidleg. Eit tynt nett av straumleiande trådar med motstand og så ei vifte som bles luft forbi og leier varmen ut i rommet. Hadde eg bare hatt plass i kofferten skulle eg tatt med meg ein terrassevarmar heimefrå. Den er basert på infrarøde varmerøyr og toler nok meir fukt. Det får vere ei lita trøyst at den eg nå kastar kosta 43 €, medan den første eg kjøpte kosta 39,90 €. At reknestykket mitt då går med 3,10 €  i pluss er det vel ingen som kan stille spørsmål ved.
Intenst fugekvitter. Dagen tek tak ute og nå. Det er lyst, har vore det alt ei stund. Himmelen fortel sitt om ein dag der ein kan vente både sol og nedbør.
I dag har eg den store ære av å få lov å besøke nabo Lina heime hos henne i San Michele Salentino. Giovanni eller Johannes som han sa det var på tysk hentar. Det er lunsj som ventar og jammen må eg sei eg er spent. Her blir det ikkje tatt lettvint på det år det gjeld mat, og det kjennest på smaken. Eit måltid er som ein symfoni der smakane er sett opp mot kvarande i perfetto armonia.
Medan eg sit her søndag morgon har tankane vandra til sommarstid. Me gledde oss til halv annan månad her med litt småputl i hagen og ein og annan avkjølande dukkert i bassenget som tok ut på tur. Me får nok ta tida til å vurdere skikkeleg kva me eventuelt vil ha i staden. Faktisk må me vita kva me kan lagre nokolunde sikkert og. Å ha ståande eit oppå bakken basseng over vinteren er lite aktuelt.
Intex som leverer Ultra Frame basseng har og ein modell dei kallar Ultra Frame Rettangolari som er ikkje mindre enn 9,75 langt, bredden er 4,88 og djupna er 1,32. Forhandlar fins i Francavilla Fontana, 15 min å køyre herifrå. Eg tek truleg turen dit i morgon for å finne ut kva eit slikt kostar. Sjølvsagt må eg finne ut kva tilsvarande vårt også kostar.
Ingen lettvint servering hos Lina nei. Ei stove som osa av klasse. Ikkje min stil, men du verden så flott. Eit digert framskap og då seier eg digert. Skapet var forsynt med intarsia i alle dører og på sidene. Krullar og pynt i stor stil, messinghandtak med små innsette stykke av porselen. Kjempeutsikt, ho budde i 6 etasje i ei blokk heilt i utkanten av byen. Hadde fri sikt til Ceglie der eeg kunne sjå kuppelen på ei av kyrkjene. Ostuni kunne eg og så vidt sjå.
På bordet var det dekka opp til oss fire som skulle dele måltid. Giovanni på 72 saman med kona som ikkje var meir enn 44. Lina på 66 og eg på 57. 3 middagstallerkenar oppå kvarandre og ein litt mindre til forrett oppå der.  Lina ba for maten på italiensk og då måtte jo eg les norsk bordbøn. Ho set tydelig pris på den religiøse sida av livet. Vino rosso, vino bianco, birra, aqua og ginger. Grønsaker tillaga med nennsam hand. Canneloni var vel prima og agnelli secondo. Etter kvar rett var det enkelt å skifte til ny rein sslik at den reine smaken kunne tas vare på. Me nordmenn har ein tendens til å helle saus over det meste, her held ein rettane kvar for seg. Eg spurde Lina om det var slik som dette ho hadde kvar søndag, men då lo ho. Nei, det var nok for meg ho hadde gjort seg alt bryet. Nå er det vel ikkje alle som i like stor grad set pris på god mat slik som eg. Er ingen ekspert, men eg kjenner det som er godt og det som er middelmåtig og det som er mindre bra. Merkelig i grunnen, dei eg kjenner her i Puglia er alle særs flinke med mat. Angela, kona til meglaren vår har ved eit par høve vist kva ho kan få fram av tilgjengelege råvarer. Ikkje minst må Palma nemnast. Henne har eg kjent i 15 år, og meir enn eitt godt måltid mat har eg fått gleda av å ete hos henne. Ein annan stad i Puglia eg har fått framifrå serveringi privat samanheng er i Villa Serena der Sofie og Livar styrer ståket og kokkelerer når det trengs. Grilla rødbetar og grilla heil kvitløk som me fekk hos dei i sommar då med var på befaring for å sjå etter hus, det var bare sååååå godt.

2 kommentarer:

  1. Du skulle nok heller hatt en slik: http://www.leroymerlin.it/abitare/riscaldamento/climatizzazione-e-riscaldamento-elettrico/stufe-elettriche/dettaglio?cod=34295520

    SvarSlett
  2. Det var akkurat ein slik ein eg var innom på Leroy for å få tak i den dagen eg kom, men trur du dei hadde den?

    SvarSlett