Translate

lørdag 23. februar 2013

Dressmannen



Så var det over for denne gong. Ein lærer så lenge ein har elevar, sa gamle Jonsbråten, som eg var så heldig å  ha som engelsklærar på gymnaset på Bryne.  Eg kan absolutt skrive under på det. For eiga rekning kan eg legge til: Ein lærer så lenge ein er i Italia.
Hadde ein ikkje hatt folk som var villige til å dele på kunnskap, hadde nok det heile vore  meir problematisk. Som han sa broderen då han henta meg på Sola: Nå fekk du sanneleg kjenne korleis det må vere for dei som kjem til Norge utan å ha særleg mykje kjennskap til kultur, lovar og reglar.

Det viser seg at eigenandelen på forsikringa er omtrent det same som våre reelle utgifter. Eg sa til Guido at me kunne visst ha spart oss alt bryet med politiet, men slett ikkje meinte han. Var bare godt om politiet såg at det skjedde ting heilt i utkanten av Latiano kommune, og at dei utfrå det tok ein tur innimellom for å sjekke opp i området. 

Når det gjeld hausting av oliven, har eg lært at det endå er haugevis av lærdom å få. Då gjelds det å få rette folka til å guide seg vidare.

Må nesten ha med den på tampen: Før eg reiste nedover, handla eg på Dressmann på tilbud. Fin halvlang jakke med hette kanta med syntetpels. Der eg sat og venta på flyet på Fiumicino, kom det gåande ein mann i ein jakke som kunne vore mi. Sit eg i ein kopi og her kjem originalen? Mannen med jakka sette seg like ved der eg sat, og då kunne eg ikkje dy meg. Har du handla jakke på Dressman? Jada, jeg kjøpte den på tilbud, var svaret eg fekk. Slik fekk eg snakka litt  norsk, noko eg rimeligvis har sakna. Har hatt telefonane heim, men veldig kjekt å få bruke morsmålet. Kor stort hol i hovudet broderen hadde etter heimturen frå Sola der han plukka meg opp, er eg usikker på. Det seiest at det går an å snakke hol i hovudet på folk. Eg gjorde visst så godt som råd er.

Tida flyg. 21. mars dreg Anne Marie og eg nedover att. Håpar på varmare og meir stabilt ver då. Familiepåske i Puglia kjennest ikkje dumt. Ja, minstemann Tor Sveinung saman med Mona får det visst ikkje til nå, men dei kjem vel i si tid dei og.

1 kommentar:

  1. Heime til frost og klarvær. Fra regn og sol, ommanidom. Det har vært en kjekk opplevelse for oss å få følge med på dine eskapader. Det har vært det første vi har sett etter hver morgen; har Geir skrevet? Opptur de dager med nyheter, litt nedtur de dagene uten. Nå får vi kappskrive litt i påsken og til sommeren. Og så må jeg kanskje låne "reiå" når vi møtes?

    SvarSlett