Translate

mandag 11. februar 2013

Jesus på veggen , maskinpistol på pulten

Jesus på veggen og maskinpistol på pulten
Det er visst dagen då alt tek slutt. Vatn brukar ikkje vere så ille det, om ein då ikkje er gammal vegg og får vatnet på seg med høgt trykk. Har spylt veggene på bakaromnen og finn ut at det må ha vore eit sjikt mellom sjølve veggen og deler av pussen. Pussen dett av og avslører grønske innanfor. Er nok ikkje bare å kalke her. 
Litt pussing må sikkert til men det får vente til eit seinare høve. Kan kalke der veggene og murane som er klar for det. Midt i spylinga tok spylaren til å hoste. Slo den av sjekka vatnet. Ikkje trykk på vatnet. Det er då det rasar gjennom hovudet: Kva skal eg vel gjera i to veker utan vatn? Sette på gassomnen før eg fekk tenkt meg litt meir om når det gjeld vannpumpa. Pumpa sit øvst på tanken. La meg sjekke den. Jau, der var det feilmelding. Det var og ein knapp for restart, og meir enn eit trykk på den knappen skulle ikkje til. Vatn på plass att både i do, dusj, kjøkken og utekrane. Vel inne att er det gassomnen som lagar akter. Framfor det keramiske elementet blafrar det og lagar lyd, nokså mykje lyd. Heldigvis ikkje anna enn tom gassflaske. Hadde eg hatt gass i ei av dei tomme flaskene hadde eg sikkert ikkje hatt gass å skifte til nå likevel. Då hadde sikkert flaska fore med tjuvpakket. Tome flasker såg krapylet ikkje syn på.
I løpet av halvannan time fekk eg gjort det eg skulle med omsyn til å melde hos Carabiniera Latiano. Fekk med meg dokument for Intasure og ein kopi eg kunne ha sjølv. Ingen andre kom det  eg såg medan eg var der. Kun ein inngåande telefon. Hyggelig politimann som kunne kommunisere litt engelsk. Min italiensk er poco poco så den er det ikkje mykje hjelp i. Då eg kom inn på kontoret var det første eg la merke til ein maskinpistol på pulten. Jesus på veggen fekk eg med meg etter kvart. Dobbel sikring kan du sei.
Etter Caribiniera i Latiano måtte eg ha meg ein tur til Leroy Merlin for å skaffe meir ved. Eit par øskjer med Holzbrikettes gjev mykje god varme dei og. Støvsuging av sofaen må til og sidan me ingen hadde fekk eg tak i ein poselaus Hoover på Euronics. Passe pris og sterk motor. For over golvene etter at eg kom heim, men kan ikkje love at det er noko eg gjer med glede framover. Nei då er det gildare med spyling med høgt trykk.  Ein ser korleis skiten forsvinn som dogg for sola. Av og til forsvinn deler av veggen og, men då tenkjer eg det er på tide med fornying. Grønske på innsida av det som dett av talar sitt om at her har vore nokså lett tilgjengelig for diverse former for fukt. Før eg hadde spylt vekk heile veggene, flytta fokus seg over til presenningane som var underlag for bassenget som forsvann. Presenningane var skitne som bare det. Nå ligg den ein fint bretta saman etter å ha fått seg ein runde reinsing. På ein eller annan måte kan dei kome til nytte seinare og då er det gildare å ta dei att utan at dei er fulle av raud jord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar