Translate

fredag 8. februar 2013

Er vel ikkje verre å gå ned ein stige enn å gå opp


Det er ny dag. Eg har alt brote lovnaden eg tidlegare gav meg sjølv. Aldri ned i cisternen utan at andre er til stades. Først døypte eg cisternen om til kjellar, så slo eg fast for meg sjølv at det å gå opp i ein stige for så å gå ned att er lite anna enn først å gå ned og så deretter gå opp att.
Det viste seg faktisk å vera rett og. Eitt eller anna til å varme opp på badet har vist seg å vere eit sterkt behov. Hadde med meg murpluggar og skruer heimefrå, men den stakkars batteridrivne Hitachien gav opp etter mindre enn ein halv cm inn i veggen. Ja det var vel ikkje meir enn fuge tjuknaden den klarte. Vifte for bad kjøpte eg i går kveld oppe i San Vito og ikkje om eg gir meg tenkte eg. Resolutt vart luka til «kjellaren» opna. Stigen som fekk stå i fred for bassengkomiteen er like god nedover som oppover. Slagdrillen laga hol i veggen som skulle den vore smør. 
Omn på vegg gjev varme i kropp. Perfetto.
Om det skulle bli i stridaste laget å trekke frå gardina eller å gå ut og sjå har eg skaffa meg ein trådlaus verstasjon. Den måler varmen inne, ute, fukt i lufta inne, ute, mengde vind bare ute, vindretning det og bare ute, nedbør, og så måler den lufttrykket. Temperatur er ok å vite. Lufttrykk likeså, for det fortel om ver som kjem. Radiostyrt klokke styrt av atomuret i Braunschweig i Tyskland. For å få til alt dette må det til diverse givarar plassert ute. Ei prøveoppstilling på stolpen klessnora er festa til får vere godt nok i første omgang. 
Inne ser det slik ut. Verdiane som viser er ikkje til å lite på. Kalibrering må til, men det får kome etter kvart.

Dumt med dei delene til bassenget. Eg skulle i det minste ha lagr det samla slik at dei nye eigarne ikkje får så mykje bry når dei skal montere det. Ein pose med pakningar og koplingar fann eg i kjøkkenskuffa. Får kanskje henge det i pose på porten det og?
Eg ville ha omn for bad nr 2 og. Den fekk eg på Leroy Merlin. Ikkje infrarøde varmerøyr, rett og slett bare ei varmevifte til å ha på veggen litt høgt oppe. Meir ved fekk eg og der. Det blir i det heile ein del handling når ein er ny i eit hus. Teppe framfor sovesofaen stod på lista, men nå kan eg stryke det derifrå. Teppet ligg på golvet og tek seg etter mitt vit godt ut. Har du klave får du ku seiest det. Har du teppe må du ha støvsugar. Treng vel ikkje noko i dyraste enden, men det er jo greitt om den fungerer.
Vel heime att hadde eg meg ein tur rundt på tomta. Ikkje heilt god hausting av oliven, men men. Får me våre 3o liter med olje så har me så me klarer oss. Eg trur forresten eg vl klippe renningane rundt stammen på oliventrea. Dei vil truleg kunne bindast til kost. Heimelaga feiekost kunne vore gildt å ha. Cosimo som sprøytte i november då eg var her sist har nok gjort ein og jobb, men sidan eg er skeptisk til gifta vil eg nok prøve å stelle jorda på ein annan måte etter kvart. Mandeltrea står klare for blomstring, men må nok ha meir varme og lys før blomsterfloret kjem. Rosmarin med lyseblå blomar finn me langs muren inn frå vegen til huset. Bougainvillaen kan goddt ha klart seg gjennom verste vinteren, men akkurat nå ser den ikkje særleg godt ut. Av erfaring heimefrå med same slag i potte på altanen trur eg endå det kna bli vidare liv på den me sette ved porten inn til tomta. Azaleaen ser også ganske så grå ut, men kven veit. Pelargonia er ikkje lett å ta knekken på. Den står struttande og fin og vil sikkert by på blomar i hopetal når det vart sommar og haust.
Lina var innom i nabohuset og eg nytta høvet til å gje henne litt av laksen eg tok med. Giovanni var der og og då måtte sjølvsagt han med få. Dei hadde lagt merke til at bassenget var borte, men var ikkje klar over at dørene også var oppbrotne. Lina meinte me måtte få kamera for overvaking. Avtale med vaktselskap ville og vera bra meinte ho. Får høyre med Guido kva han tenkjer om den saka. Før Lina for inviterte ho på pizza ein kveld heime hos henne. Det takka eg sjølvsagt ja til.


I mellomtida må karen ha mat. Laks til kelnerkona på Pascalone vart innkjøpt heime så fersk som råd er. Det var velkomen i handa og klem på begge kinn. Denne gongen kom kokkemannen og ut og handhelsa.  Eg var svolten nok, men klarte å avgrense til 3 ulike antipasti, ei eller annan stuing der gresskar var hovudingrediens, kjøttboller og stuing av broadbeans. Ingen grunn til å klage. Denne gongen var det meir travelt i lokalet.. Frå å vere så å seie tomt sist eg var var det nå godt halvfullt. Går me dit til påske får me kan hende sjå lokala heilt fulle. Me fyller got opp sjølv og då med både far, mor og to kjekke søner. Sarte sjeler og hestevenner får hoppe nokre linjer nedover nå. Vil du ha cavallo er Taverna Pascalone i Via Roma Latiano plassen å gå. Kokken skjer akkurat så tjukt gjesten ynskjer. Deretter får det ein omgang på grillen og når det er klart for eting ser det ut som dette:

Einstemmig dom etter måltidet var at dette var godt. Ei stemme avgitt, mi. Ungt og mørt dyr etter det fru kelner sa. Nå er det litt kaldt her. Bare 3° nå når eg kjørte heim. Verstasjonen fortel at det sidan eg sette den opp i føremiddag og til nå har kome 9,9 mm nedbør. Det er vindstille og temperaturen her på tomta er 4,6°.  Meldingane på IlMeteo tyder på ein god del nedbør i morgon laurdag. På verstasjonen peiker pila oppover når det gjeld utsikter til ver framover. Akkurat nå er vel noko av det kaldaste ein kan få her sør på hælen. Reknar med nokre dagar ein god del over 10 og, men ein får bare vente og sjå kva det blir til.
I dag fekk eg oppdrag. Kan du ta deg ein tur forbi huset til Lill Karin og Gaute og ta nokre bilete. Dei er nok nyfikne på korleis det ligg an. Kjenner eg han rett er han ikkje lite nyfiken han som gav oppdraget heller.  Villa Serena lir ikkje av lampeskrekk. Kunne godt ta nokre bilete der og var det ein fugl som kviskra.


1 kommentar:

  1. Vi har lik værstasjon i Villa Serena. Den må ikke kalibreres, men temperaturgiveren må stå i skyggen. Den "skyggen" som dekslet gir er langt fra god nok. Ellers virker den bra. Vi gleder oss til bilder, både fra ditt domene, Villa Serena og fra Plantasjen til Gaute og Lill Karin. Alarmselskap skal du passe deg for. Seks selskaper i området er fratatt lisensen til å drive fra 1. februar. Det er nok bedre å satse på alarm med lokal varsling. Fortsett med blogging, vi koser oss med lesingen.

    SvarSlett