Translate

mandag 11. februar 2013

Lettskremt?


Bortsett frå namnet Broadway var det ingen dum plass å gå om ein vil ha pizza. Du finn staden i Via San Domenico 87 om du vil sjekke ut om eg snakkar sant eller om er gjer skryt av pliktkjensle. Nok sortar til at eg kan gå kvar dag til eg reiser heim att og ha ein ny smak kvar dag. 
Triveleg lokale, ein stor open sal skikkeleg høgt under taket. Golvet gjorde sitt til at eg kjende meg ekstra heime, det såg tilnærma likt ut som golvet i «huset vårt der nere».
Eg kjenner at det å bli utsett for innbrot gjer noko med meg. Tidlegare har eg ofte lagt att husnøklane i hanskerommet på bilen for å unngå å miste dei. Nå tenkjer eg slik, kan eit basseng forsvinne så kan då endelig ein bil forsvinne og. Dumt evt å bli ståande utan bil. Endå dummare å stå utan nøklar til huset. Alarm må til meiner Guido. Lys kopla til sensor for rørsle vi og vera veldig bra. Gje eventuelle ubedde gjester ein brå flaum av lys i det dei er i ferd med å slå til. Amatørar kan bli skremde då, folk med maskingevær skyt bare sundt lyset. Nå er det vel ikkje siste kategori bandittar som tek seg tida til å tøme ut 7 -8000 liter vatn frå eit enkelt basseng før dei må demontere heile stasen for så å få det med seg heile driden som Valen ville ha sagt. 

1 kommentar:

  1. Jeg har ikke tro på alarm. Eller mer korrekt, ikke tro på alarmselskaper. Uten innbrudd har de ikke kunder, derfor må det innbrudd til for å skaffe seg kunder. De har nok sine allierte som hjelper til med å skaffe kunder.
    Egen alarm med varsling til venner og/eller naboer er det vi har satset på. Med hell. Ingen innbrudd etter at vi sa opp avtalen med alarmselskapet. Og nå mistet akkurat det selskapet lisensen sin, i lag med fem-seks andre alarmselskaper. God forsikring er nok en bedre løsning.

    SvarSlett