Translate

torsdag 14. februar 2013

Vatn i bøtter og spann og basseng

Etter ei vindfull og ikkje minst regnfull natt, reknar eg med det blir vått og i dag. 15 mm nedbør frå midnatt og til no 07:00. Det er så det hjelper kan du sei. Nå er ikkje mangel på vatn noko problem her på tomta. Det vart snakka om boring 135 m ned i grunnen etter vatn. Kor djupt ned dei måtte bryr eg meg lite om, det som tel er at vatnet er friskt og alltid tilstades i rikt mål. Skal klare å fylle opp eit nytt basseng utan problem anten det måtte vere eit nytt Ultra Frame Pool eller om me finn det mest fornuftig å setje i gang med spade og arbeidslyst. Må først finne ut kva reglar som gjeld faste basseng. Heime må det jo vere inngjerda, og likande reglar kan det vel vera her og. Ein viss økonomi i det heile må me vel og sjå på. Slik me har snakka kan det tenkjast om me får behalde helsa at fram til ein alder av 75 håpar me på å kunne bruke plassen her. Eit basseng på stålramme kan me sikkert ikkje rekne med skal vare i meir enn 5 år max. Prisen av eit stor basseng på stålramme kan me altså gange med 4, og då er det gjerne like interessant med eit fast basseng som sikkert hevjar verdien på eigedommen. Eg har ei slags tru på at omtrent 12000 er det me må ut med for å erstatte det som fordufta, inkludert utstyret. Omtrent 50000 kan då like godt setjast i graving, muring, innvendig tetting av mur, pumpe og filtersystem og ei eller anna avgrensing rundt det heile som held born og dyr unna vatnet.

Kalking på muren i går kunne eg visst ha spart meg. Fekk no sjå korleis det funkar, men må gjere det om att heilt klart. LIDL-lykta tok eg under tak i går kveld, så der er kalkinga intakt. 
Har tatt den inn attmed omnen i dag for herding så vil det vise seg kor kvit den blir til slutt. 
Litt kvitare vart den, men blendande kvit? Nei

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar