Translate

lørdag 16. februar 2013

Og det var dagen då det vart vatn


Halv åtte skulle han kome. Så spørs det om det er halv på åtter eller om det er halv etter åtte. Sidan klokka nå har passert første alternativ med 25 min går eg ut frå at det er siste alternativet som har vore meininga.  Godt elektrikaren ikkje kom midt oppi eit lite uhell eg hadde. Då juicen skulle ut av kjøeskapet følgde ei glasflaske med. I den var det tomatsaus som ikkje var brukt opp ved eit tidlegare høve. Mot hardt flisegolv kunne det ikkje bli anna enn eit knusande møte. Såpass med tomatsaus var der att i flaska for ho vart knust at eg kunne spart meg buksevask i går. Nå er ikkje tomat det lettaste å fjerne, men me får nå sjå. Skulle eigentlig lagt den rett i vaskemaskinen, men sidan det kjem folk her som skal kople på vatnpumpene er det vel ikkje heilt greitt det heller.  Det skal bli herlig å sleppe å passe på at tanken ikkje går tom, men det viktigaste er at me frå nå av kan setje opp automatisk vatningsanlegg og på den måten sørgje for nok vatn både til dei ettermåten nyplanta frukttrea som Nick hadde ordna med og i tillegg sørgje for at vekstane i grønsakhagen får det vatnet dei treng.
Her er ikkje mindre enn to pumper i drift. Den eine pumpa har me aldri sett, den er senka ned i brønnen og treng ikkje annan omtanke enn av når tanken er full og på når den nærmar seg tom. Det er denne pumpa det skal monterast nivåbrytar på. 
Den andre pumpa er ei lita trykkstyrt ei som sit på eller i tanken. Når trykket i røyrnettet minkar set pumpa i gang. Den er programmert til å stoppe på eit visst trykk. Er faktisk ikkje anna ein noko meir avansert versjon av Shurflow som me har i vårt første italienske hus, huset på fire hjul, Giottilinen.
I haustferien sådde Anne Marie fennikel, dei har klart seg gjennom vinteren og toler tydelegvis ei og anna frostnatt.  Eg har lova å tynne og luke, så får evt bilete vere prov på at så er gjort.
Stivlane klar, men kvar er mannen?

Nei nå dreg det ut. Sikkert ikkje lange jobben om han bare kjem. Truleg gjort i løpet av ein time. Etter at elektrikaren har vore vil eg ein tur til Bari. 2 stk veggskap på kjøkken med dører til, ei dekkside og lyslist under. Av ein eller annan grunn er armaturen til oppvaskkummen sett på sida av kummen og ikkje bak. Kummen kunne godt vore 5 cm lenger inn mot kanten av benkeplata, då ville det ikkje vore så ubehagelig å vaske opp, vel det er nå omtrent ubehagelig uansett då. Det ville også blitt plass til armaturen mellom kummen og veggen og då ville det blitt mindre søl. Sidan min lille lilla leigebil ingen sjanse har til å ta med seg ei benkeplate på 180 cm, så får det heller kome seinare.
Der kom dei, litt seinare enn eg trudde, men dei kom godt. 
To unge menn som måtte på litt leiting. Kva punkt skulle dei bruke? Femte boksen dei opna ser ut til å vera den rette. 
Her skal bli betre boller når det gjeld vatn framover. Rett og slett like enkelt som heime vil det bli.
Ein god jobb er gjort og det nærast til skampris. Hadde 2 elektrikarar jobba bånn gass i 1 og ½ time heime vil eg tru det hadde blitt litt meir enn 1125,-  (€ 150) I den prisen er kjøring, arbeid + flottørbrytar for pumpa) 
Verkar ikkje som lønene har følgt med prisar på dagligvarer i galoppen oppover.
Guiseppe i sving med trekking 
Medan elektrikarane jobba, skya det til og signaliserte regn. 

Hadde meg ein snartur til IperCoop, eg kjenner meg liksom litt heime der. Då fekk eg jammen endå eit problem i fanget. Utstilt ved inngangen der var det ein fresar som ikkje akkurat flår skinnet av den som kjøper. Den hadde motor, var ikkje så enkel at ein må dra rotoren sjølv. Men drift på hjul det hadde den ikkje. Enkel å transportere hit til Villa Felizia. Lett å oppbevare, så spørs det bare om den gjer jobben den er meint å gjere. Same kan det nå vere akkurat nå for klabbeføre er det i åkeren heilt sikkert. Til påske er det kanskje mulig å tenkje tanken på å ta for seg jorda og frese den opp.  
Medan eg først var i Brindisi fann eg ut eg ville sjekke kor båtane til Grecia, Thurchia og Albania går frå. 
Den lokale varianten av utanriksterminalen i Risavika. Er visst mest trailertrafikk på denne tid av døgeret. Trailerar på rekke og rad. Sjåførar er mest som ein eigen rase. Skal ikkje gje meg til å dikte om dei alle, men han eine la eg merke til. Har vel aldri før sett noko som likna så mykje på ein ball med eit par korte føter og eit par like korte armar og eit hovud på toppen. Prøv å sjå for deg korleis det ville vera om han virra seg inn på ein fotballbane. Han ville ligge dårlig an både inne på bane og på sidelinja.  Frihandel er nok godt for å halde jula i gang, men det slår meg at å transportere varer på kryss og tvers av Europa må vere veldig lite miljøvennlig. Merkelig at ingen så langt har kome opp med brukande alternativ. Eg tok meg den fridom å ta eit bilete av ein mobile kiosk, 
men det skulle eg visst ikkje ha gjort. Eigaren av kiosken oppdaga det og kravde at biletet skulle fjernast frå minnet. Ikkje nok å love og lyge, nei måtte sjå det og då var det godtatt. Han inviterte til og med til å ta bilete av kiosken utan at han sjølv var med på biletet.
Skal ein  ikkje korte tida med kioskhandel fins det andre måtar å gjere det på.

Ein tur nedover eigedommen for å måle lengda gav dette resultatet: Målt med Endomondo si oppkopling mot GPS fekk eg det til å bli 270 meter. Mandeltrea er klar for blomstring. Ei veke med varme vil sikkert føre til full blomsterflor. Fikentrea viser ingen teikn til verken lauvsprett eller anna. Det som tydeligvis ikkje har gått glipp av at det snart er vår er ugraset. Skulle vel knapt seie det, men noko av ugraset er faktisk fint det. Medan eg spylt støvlande stoppa det ein bil i oppkjøringa vår. Eg venta ikkje nokon og var helst nyfiken på kva dette kunne vera. 2 menn, den eine i vanleg fritidsklede og den andre i arbeidsklede presenterte seg som Gino og Angelo. Angelo er Guido sin nabo, mannen i gata hans som overtok jobben med innsamling av oliven frå olivenlunden vår. Gino var med som tolk. Det gjekk i engelsk, tysk og italiensk. Tilbod om hjelp til stell av heile hagen. Avtalen eg trur me var samde om så langt me forstod er at Angelo skal ta seg av stell av jorda frå huset og nedover i hagen. Før dei gjekk vart eg invitert heimom til Gino for ein kopp kaffi. Anne Marie var og velkommen når ho kjem til påske. Eg fekk og forsikringar om at dei kunne hjelpe til med å skaffe arbeidsfolk til det som måtte vera av arbeid p tomta. Maling av hus eller kalking av murar vart spesielt nemnt. Nøkkel til porten har Angelo framleis, det får vera prov på at han er den han gjev seg ut for å vera.

2 kommentarer:

  1. På google earth er det "bare" 230 meter. Det stemmer nok bedre med offisielle matrikkelmål.
    Det ser ellers ut til at det går bra med deg og dine prosjekter. Ble jordfreseren kjøpt eller vart det med "sogling"?

    SvarSlett
  2. Mangt og mykje ein kan ha lyst på, men ikkje alt gagnar.

    SvarSlett