Translate

tirsdag 19. februar 2013

Høg nok stige for internett?

Ein tur opp til San Vito nå i kveld (mandag 18, feb) gav meir enn oppdatering av blogg. Kjem ein bare nærare mobile sendarar så er farten absolutt til å leve med når det gjeld Internett. Her på Cda Coltura er nok litt av problemet at me kjem litt ned i ein dump, spørs om ein ikkje hadde fått betre signal om ein hadde kome seg litt opp i lufta. Vel, venger har eg ikkje. Stige har eg, men den er ikkje så lang. Hadde stigen vore lang nok måtte eg ha vore her konstant for å passe på. Du kan då skjøne at slik ein stige ville aldri få stå i fred. Dei som stal bassenget kunne trenge ein stige for å kome oppi og utav. Bassengstigen er faktisk det einaste me har att av den gleda, ja og så planane om avkjølande dukkertar til sommaren.
Frå Roma hugsar eg at ein kan finne ei kyrkje stor eller liten omtrent rundt kvart eit gatehjørne. Kanskje ikkje heilt så tett her, men sanneleg seier eg dykk, her er ganske mange her og. I kveld var eg innom som snarast i den kyrkja som ligg for enden av Via Annunziata der Guido og Daniela deler kontor.
Det er merkelig korleis ein kan kjenne fellesskap utfrå det ein ser og kjenner att. Oase light må det ha vore. Song til tonefølgje av gitar og synth, bare det er ulikt dei fleste stadene eg har vore før. Hender som løfta seg i lovsong og tilbeding. Til sist gjekk alle ut frå benkene og laga ein stor sirkel der alle heldt kvarandre i hendene. Det har sikkert litt med tid på døger å gjera, men her var ikkje bare gamle krokete koner, her var også ungdom. Då eg venta litt utanfor før eg gjekk, stoppa det eit ar damer og lurte på om eg var engelsk. Er nok etter måten mange engelskmenn som har forelska seg i området. Eg fekk spurt kor ofte det var slike samlingar som den i kveld. Kvar måndag klokka seks trur eg dei sa. Hadde gjerne vore der neste måndag og, men då reknar eg med at eg er heime på Vigrest.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar