Det vart eit avbrekk i Italiaopphaldet denne sommaren. Svigermor Sofie, som siste åra har budd på sjukeheim i Ølen, døde 23. juli i ein alder av 89 1/2 år. Anne Marie reiste først av oss to heim frå Puglia 18. juli, dagen før heimreise for dei 6 Reisetingane me hadde på besøk. Alt dagen etter, dvs 19. kom det nytt innrykk, denne gongen bare 2, men einkvan måtte jo vere der og ta imot. Sissel og Reidar tok på seg å kjøre heim Giottilinen då me fekk invitasjon til <daniela sitt bryllup. Bryllup 10. august og jobbstart 13. august går ikkje så godt sman om ein skal rekne forsvareg tempo nordover. Tysdag føremiddag 23. juli tok ekspedisjonen med Sissel og Reidar ut på veg nordover. Seinare på dag fekk eg telefon om at Sofie hadde fått fred, og då var det bare å skaffe seg reisedokument nordover med passande fly.
Opelen er parkert på Aeroporto Brindisi Salentino til torsdag 1. august når eg kjem nedover att. Merkelig med flybillettar. Dersom Anne Marie skulle vore med på same fly som meg nedover, ville enkeltreise kome på meir enn det doble av den tur retur billetten eg har. Me reiser frå Sola samstundes, men medan eg har helst korte fristar ved flybytte i Amsterdam og Roma får ho ikkje mindre enn 5 timar til å gjere seg kjendt på Kastrup. Eg rekk opp til Villa Felizia for å gjere klar for ankomst nr 2 for Anne Marie denne sommaren. Det har vore ei intens tid siste veka, så 2 snaue veker i Puglia på tampen av sommarferien skal bli bra.
Translate
fredag 26. juli 2013
tirsdag 23. juli 2013
Fyrverkeri og eit himla leven
20. juli 2013
Med iskald drikke i glaset, skugge frå
taket over frukostbordet, litt svalande vind og like over 30 grader
kan vel livet knappast bli betre. Ikkje uroa deg nå, det er vatn. Vatn av eiga kjelde, ca 135 meter ned i bakken får ein tak i
grunnvatn av beste kvalitet. For den del kunne me visst godt tatt opp
konkurransen både med Imsdal, Olden, Voss, BonAqua og Isklar.
Eg forstår det slik at det er gode
temperaturar heime og, og bra er det. Kvifor skal vel me her sør
stikke av med all varmen?
Turen til Bari lørdag ettermiddag gav
fangst. 2 stk Vigrestbuar vart resutatet.
Korleis smakar det med esel er eit sterkt påtrengjande spørsmål. Me fekk svar på det etter prøv og kjenn metoden.
I tillegg til eselkjøt fekk me med oss feiring av Santa Margerita, skytshelgenen til Latiano. Opptog og lufting av helgen til full korpsmusikk. Fyrverkeri, tivoli, boder med Jærdagsvarer, lys, lyd, eit himla leven. Den elles tilsynelatande så døde og dystre byen Latiano hadde vakna av dvalen. Når me skulle betale for oss på Pascalone rista kelneren på hovudet. Signore, sa ho. Etter å ha konferert med signore kom ho tilbake med rekninga: 15 euro. Me var verken svoltne eller tyrste når me for heimover til nystrigla Cda Coltura.
fredag 19. juli 2013
Ei veke går fort for fort
Ei veke går fort, altfor fort. Ikkje
meir enn eg har henta gjestene på flyplassen,så har eg jamman
avlevert dei og. At det gjekk fort tydar på at det har vore gildt.
Dette var nemlig slike gjester ein skulle ynskje ikkje ville gå. Det
var som eit heilt crew for organisering av fest var komen til husar. Ikkje bare det, skikkeleg koselege gjester kvar og ein av dei.
God norsk mat vart stelt i stand av
rutinerte hender. Norsk røykelaks, norsk røykt aure, spekeskinke,
salami, fårepølse, reisdyrpølse, flatbrød frå Vigrest, ein
fantastisk salat med vannmelon var bestilt hos Sofie, (ho som held
orden på Livar til vanleg), eggerøre av kortreiste egg frå Livar
sin hønsefarm, foccacia frå forno a legna, marinerte småpoteter
og ikkje minst ekte rømmegraut frå Varhaug. (Fjordland)
Eg har sikkert gløymt eitt og anna
slik som sursild, tomatsild og brunost. Men det gjer ikkje noko, for
det vart attgløymt i kjøleskapet og kom aldri så langt som til
bordet. Me får glede oss over det sjølv når me først har frakta
det med oss hit.
Underteikna har gjort mykje for fyrste
gong. Me kjenner jo sitatet for førte gang for første gang det
giver mang en småting rang. Geir syngjande karaoke på restaurant,
har nokon høyrt om det før?
Love, love, love var debutsangen. Skal
eg leggje til at me var einaste gjestene akkurat då? Nei, eg syns
ikkje det er nødvendig.
Utanom feiring av perlebryllup fekk
gjestene med seg Ceglie Messapica, Ostuni, Lecce, Alberobello og
Martina Franca. Av andre attraksjonar kan nemnast Auchan og IperCoop
Brindisi.
Marked i Ceglie var suksess. Sjølv
fekk eg kjøpt mine første tåsandalar. Ikkje kva som helst
altså, dei hadde eit lite italiensk flag på og då passa dei meg ekstra godt. Ny pengetaske i ekte marokkansk plast fekk eg og tak i.
Kortbukse med prøverom på fortauet, dei som kom forbi fekk bare snu
seg vekk tenkte eg om dei vart plaga av å sjå ein middelaldrande
velfødd nordmann i onnikken. Buksa vart kjøpt den, og sidan har eg
budd i den. Den eg hadde med heimefrå måtte pensjonerast. Eit
digert hol tvert over kneet vart for drygt sjølv for meg.
I går reiste Anne Marie heim på grunn av alvorleg sjukdom i familien. Når gjestene, Marit, Olav Johan, Åse Marie, Bjørn, Jorunn og Ingeborg reiste i dag vart eg putt aleine. Planlagt aleine opphald er ok. Det same vil eg ikkje seie om situasjonen akkurat nå. Skulle gjerne ha planlagt alt, men kan hende er det best at me ikkje kan ta styring på alt sjølv.
Med gjestene vel avlevert på Aeroporto
Brindisi Salentino sette eg meg føre å få ordne nokre praktiske
saker. Pensjoniststolen vår, poltrone marone vil ikkje opp i oppreist
posisjon lenger. Eg la den over på magen og fann ut at treramma under var
grunnen til problemet. Tok nokre bilete og fann fram kvittering. På
butikken var det lite spørsmål anna enn at dei ville kome for å
sjå. Med den uvisse som gjeld pr nå om vidare opphald vart det til
eg bad dei ringe første veka i august.
Neste punkt på fikselista var Per-Camper. Å kjøre bubil på småvegane mellom olivenlundane er meir enn ei utfordring. I fjor auka den utvendige dekoren ganske så merkbart. Proff boning tok heldigvis det verste. Nå har eg lært, og har unngått kjøring med bubilen så langt som råd er. Men så skjedde jo det som måtte skje. Bilen er så og seie heilt på topp, endåtil service har den fått. Men så må eg flytte den for å gje plass til ein lastebil med 3 kubikk sand. Under eit tre som dessverre ikkje er høgt nok, høyrer eg knaselydar frå taket. Lukkeligvis var det bare eit endedeksel for markisen og det er det dekselet eg skal til Per-Camper for å få.
Sliping av eit par ekstar nøklar til ny hengelås på porten tok eg i Ceglie, faktisk der låsen vart kjøpt i oktober ifjor.
Mellom alt det andre har vaskemaskinen gått ein del rundar i dag. Alt av sengeklede er reint og tørt. Det kjem vel med for i morgon får eg nytt innrykk av gjester. Sissel og Reidar kjem med fly til Bari via Riga. Dei skal hentas der 18:00. Halvannan time tek det å reise dit. Kanskje eg tek ein dag som turist på strekninga San Vito Bari.
Då trur eg det er tid for kveldsbad/nattbad. Bassenget er nå oppe i 29 grader. Truleg på tide å kople frå soloppvarminga, blir sikkert meir bakterieaktivitet når temperturen stig.

søndag 14. juli 2013
Vennligsinna invasjon frå Hardanger
12. juli 2013
Dagen for invasjon er komen. Heldigvis
veit me om det. Heldigvis er dei vennligsinna dei som vil innta
Contrda Coltura. 6 stk frå slekta Reisæter er venta med fly til
Brindisi fredag kveld kl 22:00.
Siste par dagane har me tatt store tak
for å vera klar. Lukkelegvis var det slik at det meste av det ein
treng fylgde med då me kjøpte huset. Her var sengklede og
handklede. Me kunne ha starta B&B så lett som bare det. Litt
lite gryter, men med noko medbrakt heimefrå og litt innkjøp har me
det me treng. Koking på gass set ikkje så store krav til plan botn
på kokekara. Eit romsleg og godt kjøleskap kjem og vel med. Ekstra 10
cm bredde gjev plass til ei uendelig mengde mat og drikke.
Invasjonsstyrken frå Hardanger, Seim og Bergen skal gjerast ære på
med nybaka brød frå den vedfyrte bakaromnen. Kva godsaker dei elles
skal få seier eg ikkje meir om.
![]() |
| Sterk jobbsøknad levert: Grillkonge |
![]() |
| Kveldssete |
Avtale med tilsynsmann i boks
10.juli 2013
Dagane går fort. Fortare enn fort. Men
framleis ligg ein heil Pugliamånad framfor oss. Her er nok å henge
fingrane i. Bassenget viste seg å vere større enn eg hadde trudd.
Sikkert best å gjera noko meir med grunnen under før det får stå
permanent, dvs medan me er her og har det i bruk.
4-5 timar å montere, deretter ca 20 timar å fylle med vatn frå eigen brønn. Pumpa får litt av ein jobb når 24000 liter vatn skal opp i dagslyset, men det går nå greitt.
4-5 timar å montere, deretter ca 20 timar å fylle med vatn frå eigen brønn. Pumpa får litt av ein jobb når 24000 liter vatn skal opp i dagslyset, men det går nå greitt.
I går snakka eg med Guido. Han kom her
i lag med yngste bror i syskenflokken. Han tek frå nå av over når
det gjeld alt stell av land under og rundt oliventrea. Han tek seg og
av hausting og sørger for pressing av olje. Pruning eller beskjæring
må ein leige folk til å gjere, det skjer kvart 5. til 6. år. Som lønn får Clemente den olja som ein klare å vinne ut, minus ein del olje vi som eigarar skal ha. Det er visst ein vanleg måte å organisere oljerelatert verksemd på når eigarane ikkje sjølv kan få arbeidet gjort.
Clemente ville ta seg av grasveksten på
tomta frå huset og opp mot vegen. Ei gåve som som takk for at han
får ta seg av nedre del aveigedommen. Eg tenkjer han med glede
takkar ja til litt betaling for dei 4 – 5 timane han har brukt.
Hadde nok tenkt å gjere dette sjølv, men nå som di Reisete inntek
området om eit par dagar er det rett så høveleg å få leigd hjelp
til å ta unna. Sand til betre underlag for bassenget ligg i ein haug
utanfor og ventar på trillebåre og spade og ikkje minst mann eller
dame til å ta seg av spaing og trilling. 3 m3
fin kvit sand skal flyttas nokre meter før
planering og deretter oppsett på ny av basseng.
Godt med bil der reservehjul er bytta ut med gasstank, for då kan reserveløysinga brukast til fylling av luft i trillbårehjul. Kompresseroen funka heilt fint. Skulle bilen punkterer må me nok supplere med tetnngsmiddel i tillegg til luft.

Det meste kan lett gå skeis
Ein liten bloggpause kan det fort bli med dei hyperraske bånda til Internett som ein finn her på tomta
6.juli 2013
I dag går det i førebuing for avgang til Poggibonsi. Skal nokon få skikk på det elektriske Giottiline systemet må det vere Eurodue,
verkstaden Sandra frå fabrikken synte veg til. I tillegg til det elektriske får eg prøve å få alt anna som ikkje sviv heilt som det skal reparert. Ny lysrampe på motorsykkelstativet er bestilt og ferdig lakkert. Kor eg skal gjere meg av medan liminga turkar der stativet er festa, sjå det veit eg ikkje. Om eg får overnatte i bilen veit eg heller ikkje, men det fins nok ei råd for det og.

Bassenget har overnatta med vatn. Her er flust med insekt og heller ikkje mangel på flygande blokker, ja slike som kjem frå oliventrea, ikkje slike ein bur i.
Pumpa og skimmeren ser ut til å vera skikkeleg effektive. Heilt klart og reint vatn. Ingen uidentifiserte flytande objekt.
Fresaren funkar fint, men ristar gjer det og når eigaren gløymer å dra til boltar og mutrar kan det fort bli liten bolt som stoppar stor maskin. Fekk tak i ein ny mutter etter med flaks å ha funne bolten i den nyfresa jorda. Sjølv då tenkte eg ikkje på at det kunne lønne seg å sjå over dei andre boltane. Nå har eg ettertrama, men manglar den bolten som fekk meg til å sjekke.
Broder Oddvar fekk nok av Italia i
denne omgang, men eg trur han oppdaga deler av min fascinasjon for
landet, særleg Apulia eller Puglia som er området på hælen. Eg
slapp han av i Bari på veg attende til Poggibonsi. Avtalen var at eg
skulle koma tilbake dit for vidare feilsøking på det elektriske på
bubilen. I mellomtida hadde me jo eit incidente ved Carovigno, så
Eurodue fekk nokså omfattande oppgåver å ta fatt på.
Etter ein og ein halv arbeidsdag tok eg ut på heimeveg att, ikkje mot nord men mot sør. Baklysrampen med skjerm er ny. Nå virkar blinklyset.Ikkje lenger av, av, av, av. Nå er det av, på, av, på slik som meininga er med blinklys.

tirsdag 2. juli 2013
Bil opp og basseng i mente, kor lenge skal me vente?
Det er ny dag, ny veke og endåtil ny
månad. Etter planen første heile månad her i Villa Felizia. Nokre
dagar nå sidan sist me onsdag rulla innn framfor huset vårt i
Puglia. Me hadde akkurat hatt eit utriveleg møte med slitebanen til
eit lastebildekk. Då visste me ikkje kva bry det ville føre med
seg.
Observasjonsevnen like i det noko skjer
kan tydeligvis vera nokså redusert. Me slapp unna med ein kraftig
smell. Me trudde det der og då. Seinare har det jo vist seg at
ørlitegrann meir var det.
Nummerskiltet var vekke. Bakskjermen eller
baklysrampen var knekt. Høgre baklys heng og sleng, blinklys er
tilbake i tidlegare tilstand, ryggelys funkar ikkje og av den grunn
heller ikkje ryggekamera som får straum frå ryggelyset. Skal nok
bli skikk på det, men for å få det til må eg tilbake til
Poggibonsi.Heldigvis er det nå gjort avtale med Eurodue som skal
feilsøke vidare på det elektriske i bilen. Eg kan ikkje anna tru
enn at dei klarer å finne feilen, spørsmålet er bare kor lang tid
og kanskje og kva det til slutt vil koste. Anne Marie skal framleis
hentas på Aeroporto Salentino i Brindisi seint laurdag kveld. I
bagasjen har Anne Marie med seg nye skilt til bilen. Når eit skilt
bare blir borte er det visst det som er prosedyren. Nå blir det RZ
kva nå det står for.
![]() |
| Vips var skiltet vekk. I staden ein glassfiberskade på bak- stussen verdt ganske mange Euro og sikkert endå fleire Kroner. |
![]() |
| Det sprakk i møtet med restane av eit utslite lastebildekk. |
![]() |
| Baklyset heng såvidt med på turen vidare |
I går tok me endeleg til med montering
av det nye bassenget. Eg visste det var stort, men at det var så
stort hadde eg ikkje trudd.
Med ein diameter på 5,49 m og høgde på kanten på 1,22 m blir det ein del liter som skal gjennom pumpa. Godt å ha eige og godt vatn. Etter 17 timar er det rundt 20 cm att å fylle opp. Sandfilter og soloppvarming skal i drift så fort som råd er. Bassenget er ikkje meint til pynt, heller ikkje lokkemat for eventuelle bassengtjuvar. Det skal brukast til vederkvegande aktivitet dag som natt.

Dagen for henting av bil er komen.
Gjekk fort for seg på torsdag, men karane som var på bilhandel
måtte innfinne seg med at å fikse alt på EIN dag, det er ikkje
mulig hos Zito Auto San Michele. Sikkert ikkje andre stader heller
der dei sel bilar. Francesco baud på kopp etter kopp med espresso då
me var der.
Kva serum han hadde oppi vet eg ikkje, men me kom oss ikkje derfrå før avtale om handel var gjort. Olje og filterservice vart avtala. Det er det som er grunnen til at me ikkje får bilen før i dag.
Kva serum han hadde oppi vet eg ikkje, men me kom oss ikkje derfrå før avtale om handel var gjort. Olje og filterservice vart avtala. Det er det som er grunnen til at me ikkje får bilen før i dag.
Opel Corsa 2010 modell med drift både framme og bok, nei
drift på både gass og bensin var det. Ser de etter på logoen ser de at den var blankpussa til tusen for eigaren som melde seg. Der resevehjulet høyrer
heime låg det ein gasstank tilpassa holet. Full automatikk på
skifte mellom bensindrift og gassdrift. Kan ein vente anna enn å
punktere på veg heim att til Villa Felizia. Vi tru det ligg med eit
sett for naudreparasjon, men det gløymde eg å sjå etter.
Jomfrubadet er unnagjort. Ikkje særleg
varmt, men 23 grader er nok når badelysten er stor nok. Eg trur me
skal bli tilfreds med dette bassenget, så får me bare håpe ingen
andre set større pris på det enn oss. 24000 liter må tappast ut
først, deretter er det ein halvdags pakkejobb med resten av
utstyret. Skimmer og pumpe ser så langt ut til å fungere. Me hadde
ein tur opp til San Vito nå i kveld og då me kom tilbake var det
fritt for både insekt og blad frå oliventrea rundt bassenget. Før
pumpa vart sett i gang brukte eg hov til å samle rusk og der var
sannelig ikkje lite av det heller.
Guido meglaren var innom i forbifarten
i går. Altfor dyr bil å ha ståande for å bli stolen. Du skulle
hatt ein slik som min sa han. Ein eldgammal Saxo (Citroen) er det han
køyrer rundt i på veg frå eine oppdraget til det andre. Meir ennn
500 €
bør ikkje tjuvpakket få med seg. Tonen vart nok anna då eg kunne
fortelje at eg hadde avtale med Taverna di Pascalone om å parkere
hos dei når me ikkje er her. Guido kunne og fortelje at søknad om
tilbygg var ferdigbehandla og godkjent. Litt småpuss for arkitekten,
så der må me gjerne inn med siste eventuelle endringar + litt meir
opplysingar rundt detaljar. Me har det godt. Ikkje meir å seie om
den saka.
Ein eller annan gong blir det sikkert litt feriekjensle og, men om det har vore lite av slikt så langt, så trur eg nok roen vil senke seg etter kvart.
lørdag 29. juni 2013
Ulovleg oppsett byggverk Cda Coltura?
Dei som har lese føregåande bloggar
her har truleg fått med seg at det i provinsen Brindisi fins ein
nordmann som kan og vil det meste. Karakteristikken kunne forsåvidt
passe på underteikna, men det er ikkje meg sjølv eg tenkjer på. Stolt
som ein hane har han trippa rundt her på tomta med ei klukkleande
hønemor etter seg. Dei har synt fram kreative evner av høg klasse.
Man tager hvad man haver, litt juks i tillegg så får ein det slik
ein vil. Å ta seg inn på annan manns eigedom og setje opp nye
byggverk utan å søke gjeldande autoritetar om lov, det nærmar seg
fareturande sjølvtekt.
Nå skal det i forbifarten nemnast at på kjøkkenbenken stod det sylt av mange slag, alt heimelaga. Plommesylt av plommer herifrå, aprikossylt og appelsinmarmelade frå Villa Serena og sitronsylt frå venner av Sofie og Livar.

Egg frå Villa Serena – hønå au var
meldinga nedstpå lappen som låg ved på benken.
Måtte me bare
rett vidare opp til Ceglie for å hente egg?
Om det var ei hane som
gol eller ei høne som klukka hugsar eg ikkje, men etterkvart fann eg med litt hjelp ut eg måtte ta ein tur rundt huset. Byggverket ved sida av
uthuset var resultat av fleire kloke hovud som har lege i bløyt. I
verpekassen låg det 6 egg.
2 er fortært, dei andre 4 ligg i kjøleskapet og ventar på høve til å bli slukt. Inni buret trippa det ei høne rundt, lystig og glad.
Ho hadde jo fått trimma seg tidlegare på dagen då ho ein heldig augneblink fekk ein liten smak av fridom. Ho lurte seg ut av buret slik at Sofie og Livar rett og slett måtte på hønejakt. Eg ser det for meg, og legg eg til lyd slik den må ha vore, så blir det rett ei fornøyelig stund utav det. Roberto i Deutsche Bank Francavilla Fontana åtvara om volpe på Cda Coltura. Her har visst reven fått assistanse med hønejakt. Godt for høna får ein sei, for ho slapp levande frå denne jakta så langt eg veit.

Dagane sidan onsdag har gått fort.
Innhaldsrike som dei er, trur eg eg nøyer meg til å vise til Livar
sin blogg. At det har gått i bånn gass er sikkert. Ikkje tenk at
han overdriv, det har faktisk vore bånn gass med dobbel turbo.
http://italiareferat.blogspot.no/ Torsdag 27. juni 2013
Der smalt det
Me fekk ein kveld og ein dag i Roma.
Eit blinklys som bare virka av og til, det virka ikkje når det
skulle lyse, men det virka jo elles. Ein ledning med svært dårleg
kontakt viste seg å vera problemet.
Om det var verdt å reparere veit eg mest ikkje, for seinare hende noko som kunne få meg til å tvile på at det var bryet verdt. Meir om det når turen frå Roma til Villa Felizia er hovudtema. Men skal ein køyre innafor ringvegen rundt Roma er det fint å kunne signaliserer til andre trafikantar når ein vil bytte fil.

Romastoppen var eine og aleine til ære for
støttekontakt, co-driver og underhaldar på vegen sørover.
Overnatting skjedde på Lgp Roma, ein bra bubilstopp 6 km frå
Termini, hovudjernbanestasjonen i Roma. Ein såpass spasertur på gode
joggesko er vel ingenting for to karar som har site to heile dagar
pal i bilsete medan Danmark, Tyskland og Nord-Italia har flimra
forbi. Ned til Coloseum frå Termini er og eit godt nok stykke å gå,
men me heldt koken. I flomlys og med mindre turistar enn på dagtid, er det eit flott
syn dette anlegget som har danna mønster for andre arenaer seinare. Gjekk
me 6 km tilbake til fots? Ja, faktisk så gjorde me det. Det var tid
for nattt og trongen for søvn var så absolutt til stades. Utkvilde
neste dag stod andre bragder for tur. På horisontalplanet køyrde me
kollektivt. På vertikalplanet derimot valde me på ny apostlane sine
hestar.
320 trappetrinn «a piedi» syns nå eg er ein ganske så bra tur.
Når den går gjennom den eine meir spektakulære trappa etter
den andre og til sist endar med høve til å sjå ned på alle
romarar inkludert paven, då har ein liksom oppnådd noko.
Overdådig er den, det er interessant å sjå seg kor stor forskjell det er på den og ei nymotens arbeidskyrkje i Norge. Du kan jo tenkje sjølv kva som er verst og best. For nokre er vel begge deler verst, medan andre set pris på både det storslåtte og det meir smålåtne.
Fangeholet der Peter etter tradisjonen har site fanga og kanskje Paulus og, det var neste mål denne dagen.
320 trappetrinn «a piedi» syns nå eg er ein ganske så bra tur.
Innvendig
er Peterskyrkja kort sagt imponerande.
Overdådig er den, det er interessant å sjå seg kor stor forskjell det er på den og ei nymotens arbeidskyrkje i Norge. Du kan jo tenkje sjølv kva som er verst og best. For nokre er vel begge deler verst, medan andre set pris på både det storslåtte og det meir smålåtne.
Fangeholet der Peter etter tradisjonen har site fanga og kanskje Paulus og, det var neste mål denne dagen.
På veg attende til bubilparkering var det
reisefølgje som kom med den glupe ideen. «Eg har igrunnen sett
nok av Roma, kva med å bare reise sørover med ein gong?» Kl 19:50
svinga me ut på Via Casilina med nasen vendt mot Puglia.
Kl 07 omtrent parkerte eg utfor ROTEX i Casamassima der bassenget låg klar for avhenting. Klokka vart 9 før der vart opna, men deretter bar det strake vegen vidare til Contrada Coltura. Lite kunne nå hefte oss rekna eg med. Ved Carovigno small det, ein kraftigare smell enn det som kunne reknast som normalt. Då gjekk det opp for meg. Ein lastebil like framfor oss sette på naudblink og stoppa. Eg gjorde likeins, medan eg køyrde like framforbi lastebilen. Ein kikk i spegelen viste ein sjåfør som hadde gått ut av bilen og løfta på heile slitebanen til eit av dekka frå ein lastebilen.Me la oss på kne i grøfta og kikka under bilen og konstaterte at her var ingen skade skjedd på vår bil. Bare å køyre vidare dit me skulle.
I San Vito stoppa me utfor Famila for å handle mat. Ingen storhandel, men litt slik at me kunne klare oss resten av dagen og til frukost på torsdagen. Mildt sagt vart eg overrumpla då eg etter handling oppdaga at registreringsskiltet bak på bilen var borte. "Kven har bruk for norsk skilt her i Italia?" tenkte eg. Ved nærare ettersyn kunne me sjå at lysrampen var øydelagt. Eine lyset bak hang og slang og som sagt, skiltet var ikkje der. Det ligg nok og vansmektar på motorvegen ved Carvigno. Slik gjekk det til at bilen køyrde sørover med AS23290 som kjennemerke og returen nordover att vil gå føre seg med RZ 36590 som kjennemerke.
Ikkje bare skiltet som endrar seg for heimturen. Sjåførbyte blir det og. Sidan co-driver fer flygande heimover alt komande onsdag, blir det ny passasjer også når Giottiline skal forlate heimlandet og halde fram livet sitt i eit framandt land, Norge. Sjåførteamet er ventande lørdag 19. juli. Då landar dei i Bari etter ein snarvisitt innom Riga.

Giottiline på gamle trakter
Kan fort bli meir enn eg orkar. Kanskje
fell du av du og, for nå har eg tenkt å slå saman ei heil veke i
ein blogg.
Sist fredag, dvs 21 juni tok me ut
broder Oddvar og eg. Roleg sjø over Skagerak. Me kom litt lenger enn
til Kolding før me tok ein stopp for natta eller deler av første natta heimefrå nå i sommar.
Lørdag gjekk det unna heilt til ein
rasteplass ikkje langt frå Rosenheim heilt sør i Tyskland. Etter
kanskje litt kort kvile der, tok me ut att på veg mot målet for
søndagsetappen til Firenze. Eg må nok vedgå at det var eg som var mest annig, men co-driver ytra lite i mot.
Rart kva eit batteri i ein mobiltelefon kan føre til. Eg hadde
sett for meg ein ettermiddag i lag med David, ja du kjenner vel han
som Michelangelo laga, men på grunn av nemnde batteri vart ikkje det
noko av. Tidleg på dag slo mobilen seg av og sidan mobil og gps
har gått opp i ei høgare eining for min del, gjorde det sitt til at eg fælte
meg av frå å køyre inn i Firenze for å finne Camping Michelangeo.
Enden på visa søndagen vart Poggibonsi. Giottiline Y400 Graal
«den heldige» er fødd der. Mest som den rykka litt til av
gjensynsglede i det me svinga opp framfor fabrikken der me overnatta
like utanfor gjerdet.
Måndag 24. var planen å få gjort noko
med batteriet i bubilen. Litt meir enn det Kjell Gunnar på Best
Vigrestad med rimeleg grunn kan ventas å få til. Eg har fått meir
og meir eit inntrykk av at bubilen et (spiser) forbruksbatteri, dvs batteri
for budelen. Drift av pumpe til do, dusj og oppvask, leselys,
ventilasjonsvifte, tenning av kjøleskap, tenning av Trumavarmar for
vatn og romoppvarming, alt dette treng straum frå eit godt opplagt
batteri.
Sandra ved Giottiline tok oss vel imot og køyrde føre til eit verkstad som hadde greie på elektronikken i bilen. Veldig raskt vart det konstatert at styringspanelet var ute på lenger tur enn det eg var og forsåvidt og er på. Mannen på verkstaden skrudde ut panelet og sette inn eit tilsvarande frå ein annan Giottiline som tilfeldigvis var innom i eitt eller anna ærend. Feil andre stader i det elektriske systemet og viste det seg. Gode råd er ikkje billege, og her måtte eg bare finne meg i ein ekstratur opp att til Poggibonsi for å få bilen i brukbar stand att. Eit heilt lite flyttelass skulle først tømast frå bilen, broderen skulle få sjå Roma, eg skulle sjekke stoda på olivenlunden vår.
Når Oddvar set nasa heimover att frå Bari tek eg ein svipptur (ca 60 mil) vidare til Poggibonsi for vidare feilsøk og sjølvsagt naudsynleg feilretting. Tanken på at dei ikkje finn feilen har ikkje streifa meg overhodet.

Dette må visst delast opp. Det vart
meir enn ein blogg ut av turen til Puglia. Klokka er 06, det er tid
for luking. At det skal vera meg er mest meir enn ein kan tru. Betale
seg til lukejobb i ganske stor målestokk. Gjere det heilt av fri
vilje og endå finne glede ved det. Du merakkels får eg sei som
bestefar Oskar fort kunne ha sagt. Her eg sit under olivetreet i tunet
er det stort sett stille. Sikadane har endå ikkje starta, litt
hundeglan i det fjerne, traktor som pløyer eller horvar på ein av
naboeigedommane og ikkje minst sildring av vatn, omtrent som heime frå
nabo Oddvin sin bekk. Lydane av vatn her skuldast multitasking.
Skrivestova under oliventuntreet er ikkje langt frå der 20 års gamle
vinstokkar prøver å overleve. Vatning gjer sikkert ikkje skade og
er det noko me har nok av her på tomta så er det vatn. Godt er
vatnet og. Me reknar med å bli hoffleverandør til Villa Serena der
Sofie og Livar held hus.
fredag 21. juni 2013
Så nær i tid og likevel så langt borte i km
Då har me gått over frå å bruke dagar som eining til å måle tida fram til avreise, det går i timar nå. Faktisk er det mindre enn 10 timar til me bør vera klar i Giottilinen. Med nok olje i maskineriet og nysjekka bremser bør det ligge an til ein fin tur til Kristiansand, gjennom Danmark og Tyskland. Ein liten svipp innom Austerrike får me og, før Italia blir entra ein gong på føremiddagen søndag. Med sjåførbytte og semje om å gje på det me klarer ligg det godt an.
Utruleg spennande blir det å sjå att eigedommen. Sofie og Livar har informert og sendt oss bilete jamnleg sidan påske, så litt ser eg for meg. Her er eit lite potpouri:
| Pen bil, pen port |
| Pent palass |
| Pene morbær |
| Pene tomater |
| Pent ugras |
| Pen forno a legna (forbrenningsoven for olivenlauv) |
| Pen pedell kviler etter innsats med sopekost i gardsrommet |
| Pene plommer |
| Pen syltetøygryte |
| Pene produkt frå frukthagen vår |
Bilete frå Villa Felizia © Livar Dubland
Som de skjønar av bileta har tenarskapet vore i full sving med å ta vare på hus og ferieheim for oss, og det er me rimeleg nok takksame for.
Neste blogg blir truleg frå Iper Coop Brindisi. Har med meg ein arv der, kan du sei, med far som mest heile livet jobba i kooperasjonen. Nå er det nå litt det og at på Iper Coop har dei god tilgang til fri Wi-Fi. På eigedommen vår er visst nett-tilgang noko av det som er og blir vanskeleg. Ein liten kjøretur på 20 min må til, men samstundes kan me jo handle.©
mandag 10. juni 2013
HØ-NE-KROLOG
Me som fekk lære Felizia å kjenne kan
sjå tilbake på tida saman med henne med gode minner. Ho kom til
Villa Serena som den eine av to søsken. Overgangen heimefrå vart
noko hard, men etterkvart såg det ut til at ho fann roen på den ny
plassen. Hønefosterfar la tilrette så godt som tenkjast kan. Nytt
hus, nytt vagl, kva meir skal ein vente seg i eit høneliv?
For nokre få veker sidan bare, fekk
Felizia første harde slaget. Broder Felizio vart deportert. Han
hadde problem med kjønnsidentiteten sin stakkar og med ein stolt
hane frå før i hønsegarden var det duka for problem. Det låg an
til uro og for å unngå meir bråk og i tillegg sleppe unna «den
sorte gryte» fekk Felizio hjelp til å flytte over til Pasquale sin
hønsegard.
Men Felizia heldt stand. Ho la nokre
egg, men fann seg ikkje heilt tilrette. Vaglet var ein stad ho ikkje
lika. Etterkvart viste det seg at ho truleg var blind på eine auge.
Kanskje var det grunnen til at ho sov på nettinggolvet i hønsehuset.
For få dagar sidan kom den triste meldinga om at Felizia hadde
forsvunne. Alt tyder på at det er reven som har vore på ferde. Han
har på revevis lurt seg forbi elektrisk gjerde og tatt den som sat
mest lagleg til. At det var slik Felizia skulle ende sine dagar
fyller oss som kjende henne med vemod. At eit liv som bare såvidt
hadde starta skulle ende så brått er mest uverkeleg.
lørdag 8. juni 2013
Klø meg litt bak forgassaren
Tekst: Geir Hausken
Foto: Livar Dubland
Det går unna om enn ikkje ganske så fort som utolmodige meg skulle ønske.
Felizia II trivst og blir visst betre og betre i kunsten å legge egg. Ho som fekk namnet først, viste seg å vere ein han(e). Ikkje har eg greie på hønsefuglar, men det er visst slik at når dei legg egg, då er det overveiande sannsynleg at det er ei høne. Felizia I har måtta skifte namn til Felizio og som om ikkje det er nok så har han også blitt deportert til Pasquale sin hønsegard. Der slepp han å konkurrere med Bøgvald. Fleire høner enn på Villa Serena er der og, så livet smiler kanskje til han likevel. På to veker frå nå av klarer kanskje Felizia II eit brett så det kan bli både omelett, eggerøre og pannekaker av det. Godt med mat kjem dei til å få bruk for dei to brødrene Hausken som dreg til Italia ikkje for å gjere seg feitare, til det er det for mykje arbeid å gjera. Blir lite med slaraffenliv.
Organisatoren i Villa Serena har på eige initiativ sørga for at høveleg reiskap er klar. Korkje Knut eller eg var mann om å få gang på kantklypparen, men som de ser klarer Livar det.
"Klø meg litt bak forgassaren." sa Stihl. "Det er kanskje det som trengs for å få meg igang. Det gjorde godt, men eg må visst ha oppfølging av fagfolk skal det bli noko meir med meg".
Ein tur innom Argese Maccine Agricole gjorde underverk. Etter det var det bare resolutt trekk i startsnora som skulle til.
Med kjempebilleg Meec motorsag frå Jula, kantklippar frå Stihl og Honda 160 cc jordfresar frå Benassi ligg det godt tilrette for rydding av tomta mellom huset og vegen. Godt me slepp å tenkje på resten av eigedommen for graset elles i olivenlunden har bønder i litt større målestokk teke seg av. Det lange graset som kunne vore hesja eller lagt i silo er nå vel forvart, godt nedpløygd og harva over.
Gras som får turke utgjer stor brannfare og må difor fjernast har eg forstått av naboane og av Guido, guiden vår til huskjøp og rettleiar i småskaladrift som olivenbønder.
Ein skulle kanskje tru det var øvste tilstand som var ønskjeleg, men slik er det ikkje. Får graset turke blir det ei skikkeleg brannfelle.

torsdag 9. mai 2013
Har me landa?
Felizia har landa. Det er det lite tvil om der ho har funne rom hos hønefosterfar på Villa Serena. Etter det som vert rapportert, har ho det godt. Fint med støtte frå søsken er det likevel. Å flytte heimefrå aleine ville nok vore annleis enn å flytte i lag med søster si.
Me har heilt frå starten av tenkt at eit eller anna å ta seg fram med langsetter vegane i Puglia det måtte me ha ha. Ein bitteliten draum har det vore for olivenbonden bak desse sidene å få seg eit lite leiketøy med namnet cinqueceinte, ikkje modello nuovo.
Me må ha ha ein plass å setje bilen medan me er på Vigrest. Det har ordna seg. Har tilbod om plass i eit gardsrom der ein bil kan stå tryggare enn ute under open himmel på Villa Felizia.
Så blir det å sortere mellom alt det som står for salg:

Skulle det først vera Fiat 500 måtte det vera den opprinnelige med hekkmotor. For rundt 3000 Euro kan ein få brukbare eksemplar. Ulempen er at inni er det bare plass til meg og ein ekstra på sida. Bak i bilen er det snautt plass til bagasje. Kanskje det ringaste er at smell du i lag med ein annan bil i eit lite koseleg møte, så er du ille ute. Nei, me får nok gå nokre hakk opp.
Me må ha ha ein plass å setje bilen medan me er på Vigrest. Det har ordna seg. Har tilbod om plass i eit gardsrom der ein bil kan stå tryggare enn ute under open himmel på Villa Felizia.
Så blir det å sortere mellom alt det som står for salg:

![]() |
Felizia har "landa", men som de skjønar har ikkje me gjort det. I allefall ikkje når det gjeld bilhandel. Legg alt seg tilrette med handel og forsikring, skal du ikkje sjå bort frå at eigen bil i Puglia kan bli ein realitet alt komande sommar. Dog, det å vente er ikkje er den mest velutvikla sida ved meg, men kan hende finn me ut at det er best.
Kva me LANDAR på, vil ganske sikkert bli kunngjort her i ein seinare blogg.
Kva me LANDAR på, vil ganske sikkert bli kunngjort her i ein seinare blogg.
søndag 5. mai 2013
Hei, det er eg som er Felizia!
Endå litt lenge til hønefar ser innom. Nå er det vel rundt 47 dagar og då reknar eg med han kjem strake vegen hit til Ceglie for å få med seg egg og gjere opp for dei utgiftene han Livar har hatt så langt. Nytt hus har han og laga. Her er bare så koseleg når eg vågar meg innfor døra. Eg er heldig som har hamna her. Her vil dei meg vel.
onsdag 1. mai 2013
Fjernhønseri
Får håpe hønefosterfar er heldig med handelen i morgon. Ho har fått namn høna, men veit endå ikkje om det. Felizia heiter ho. Eg reknar med ho gjev seg til kjenne for fosterfar slik at han får med seg rett dame når han dreg heim att frå Ceglie i morgon. Litt synd om han får med seg feil høne og det bare blir røre av det heile. Røre skal det forresten bli, men det er seinare. Når gjestene strøymer på til Villa Felizia skal dei få eggerøre til frukost i fylgje med passande italiensk røykeskinke. Er dei skikkeleg heldige får dei brød frå forno a legna og.
Med olivenplantasje i Puglia skulle det mest bare mangle om det einaste ein er sjølvforsynt med skulle vera olivenolje. Nokre høner hadde ikkje vore dumt. Medan ein ventar på rett tid for fleire høner med fast tilhald på tomta vår, kan det vera lurt å be om hjelp frå husfolket i Villa Serena. Det er nok best å starte i det små og finne ei høne som er klar til å leggja eit lite egg.
Kanin og hønemarknaden i Ceglie er vel helst som eit misseshow reknar eg med. Mi høne må vere attraktiv for Bøgvald, det er vel hovudkriteriet. At ho toler å sjå seg sjølv i spegelen er heller ingen ulempe. Siste kriteriet er at ho absolutt må motstå eventuelle tendensar til å vere dumdristig i omgang med reven. Det er mest så ho burde bli intervjua slik ein kan sikre seg å unngå all fraternisering med omvandrande revar.
Nummer to til venstre er lite aktuell vil eg tru. Du finn henne vel ikkje på marknaden i Ceglie heller. Nummer to frå høgre ser igrunnen bra ut. Ho kunne absolutt vore rett høne på vaglet hos Sofie og Livar.
Kanskje eg bør sjekke kva reglar som fins for Eu-stønad til husdyrhald i småskala.
Kunne jo vere at det er ein Euro eller to å hale der og. Det bør jo ikkje bare vera stønad til oliventrea. Det er ei sak som eg nok må kome tilbake til ein gong seinare.

Abonner på:
Innlegg (Atom)