Med to soverom og "nuovo divano
letto" i stova har me seks skikkelege soveplasser. Eit soverom ekstra
hadde vore fint, og ved hjelp av Guido har me fått arkitekt til å teikne
forslag. Kvadratmeterpris på mellom 300 og 350 € gjer det mulig utan dei heilt
store kostnadane å realisere eit soverom til + eige bad til dette rommet. Me må
jo halde oppe standarden som pr. i dag er eitt bad pr. 2 soveplassar.
Translate
lørdag 10. november 2012
onsdag 7. november 2012
Planlegging av ver
Sidan det lite hjelper å leggje store planar om kva ver ein skal få, får eg gjere det som er mulig.
Sjekke kva ACCUWEATHER legg opp til.
Ser ikkje ut til bli den heilt store SYDEN temperaturen nå i november, men det var vel ikkje det eg venta meg heller. Klarer seg lenge med tal som matchar ein normal sommar her på Jæren. Etter det eg kan sjå, skulle veret halde godt til både fugevedlikehald på tak og eventuell maling av gitter framfor vindauge og dører. Me går for olivengrønt, passar liksom så godt til det som veks på eigedommen. Er eg heldig får eg med meg litt av olivenhaustinga og. Det er jo på denne tida dei tek til med hausting, kanskje eg endåtil får vera litt med. Ferkspressa olivenolje kunne vore fint få med seg heim til jul. Me får sjå korleis det lagar seg
Likt og ulikt er det å få orden på
slik i oppstarten av eit eigarskap på ein villa i Latiano.
Papira som syner kven som rette eigarar er håpar
eg er klar nå.
Me ynskjer og automatisering av vannforsyning. Tanken
held for
3 - 4 dagar før den må fyllast opp ved manuelt å starte ei pumpe. Dette ville me gjerne få ordne på slik at pumpa startar når det er behov. Guido den hjelpsame meklaren skulle sjekk ut kva som skal til for å ordne det.

Huset har fast soveplass til 4 personar i 2 soverom
med bad til kvart av romma. Me tenkjer oss å utvide med eitt ekstra soverom,
sjølvsagt det og med eige bad til. Kan vel ikkje anna om alle tre romma skal
vere like attraktive. Kanskje Guido har på pass litt av det formelle i den saka
og. Det må lagast teikning og søkjast til Latiano kommune om byggjeløyve. Godt
at tomta er så stor som ho er. Det er nemlig slik at storleiken på tomta avgjer
kor store bygningar du kana på den. Det som for oss kanskje verkar noko
merkelig er at det er volumet av bygningar ein reknar på, ikkje kor mange
kvadratmeter som er bygt på.
torsdag 25. oktober 2012
Veret som kjem kan ein lite gjere med, men ei von om meir varme enn heime er vel lov

Må visst ta til takke med noko regn og anna uver og, men det får vere omkostningane ein bare må ta med.
søndag 21. oktober 2012
Få opp fresen!
Den som hadde sagt for eit halvår sidan at eg skulle gå på nett og leite etter ein slik reidskap, ville fått ei kjempeutfordring. Ville ikkje blitt enkelt nettopp å få meg til å tru på det vedkomande sa. Rett nok kjekt med motor, gjerne ein som lagar litt bråk og, men kvar er fjernstyringa? Kor stor tromme skal ein så slå på?
Eg hugsar i gartneriet på Bakkebø der onkel Sigmund hadde ansvaret. Dei hadde ein tohjustraktor som kunne gjerast om til ein kraftig jordfresar. Medan det var traktor kunne ein setje på lastekasse med hjul og hadde då eit ganske så nyttig kjøretøy. Hjul med traktormønster hadde den og. Minnet kan spele meg eit puss, men eg trur den var grøn.

Nei, til det bruket får me heller satse på ein APE eller to.

Denne er for liten, den klarer ingenting, den kjem til å setje seg fast i røter, den duger ikkje!

Men denne då? Den er skikkeleg tøff med traktorhjul og har sikkert krefter i massevis. Let seg sikkert ikkje stoppe av ein liten kvist eller ei lita rot som ligg og lurer under overflata. Men så er spørsmålet om ikkje den er i drygaste laget både når det gjeld pris og kapasitet. Som ein Pc med 16Gb RAM til ein bestefar som skal ut på Internett for første gong.

Kanskje denne kan vera av det meir passande slaget. Stor nok til å klare oppgåvene den skal setjas til, men ikkje så stor at den hyler: "her kjem eg" til alle som kjem i nærleiken av den. Einaste store ulempen eg ser er at den nok ikkje kan utstyrast med lastekasse og drivhjul og slik utgjere transportalternativ til og frå butikkar eller flyplass.
Nei, til det bruket får me heller satse på ein APE eller to.
Meir å lese frå nordmenn i PUGLIA finn du her:
http://italiareferat.blogspot.no/
onsdag 17. oktober 2012
Ingen nevnt, ingen glemt
Søndag 7. oktober då me var samla ein god gjeng til PARTY under den kveldsopne italienske himmelen fekk me vitjing av ein fyr som eg ganske har gløymt å nemna. Angela, fru eigedomsmeklar, gjorde oss merksom på eit krek borte under oliventreet i tunet. Var det ein katt frå nabotomta borti vegen. 8 stk av sorten såg eg her ein dag eg kjørte forbi. Nei, ingen katt var det. Han kom tilbake og då såg me kva det var. Det var artsfrenden til norske Mikkel som var forviten på kva slag folk det var som var samla ved Villa Felizia.Nå er det slik at den fotogene Mikkel du ser her er bare det ein kallar illustrasjonsbilete. Det får bli eit mål å vere minst like lur som reven og leggje seg i bakhald og skyte han. Eg skyt kun med kamera, så bare slapp av.
mandag 15. oktober 2012
Ny nedteljing til Latianotur
Med rette hjelpemiddel kan ein kome eit stykke på veg.
Rett nok ikkje fysisk, men dog.
Fin Fiat 500 parkert i oppkjøringa til Villa Felizia.
Super bil å ha. Den tek meg på tur etter tur, verda rundt.
lørdag 13. oktober 2012
Med von om eit blømande 2013
Er me heldige finn me att denne i blømande modus til neste år. Spørsmålet er bare om den får nok å drikke til å overleve vinteren. Me prøver, så lovar eg bilete av resultatet til våren.
Bråtebrenning i Olivenlundane
Det gjekk føre seg mykje arbeid ute under trea i olivenlundane. Samanraking av greiner og lauv for å gjere klar til dette året si avling. Eimen av bråtebrann låg tidevis temmlig tett. Det er mest vanskelig å tru at så mykje eld kan vere laus utan at det ein eller annan stad går galt. Ikkje såg er brannbilar og ikkje høyrde eg dei heller.
Avrunding og så heim. Haustferien 2012 er over.
I dag
hadde me oss ein tur til San Vito for å snakke med meglar Guido. Skjøtet
er ikkje klar, ventar på notaio eller notarus publicus som. Tak over
terrasse eller veranda som det visst heiter her må sjekkas ut. Likeså om det
let seg gjere å lage eit ekstra rom for å ha litt fleire sengeplasser enn dei 4
me har pr i dag. Dvs i dag fekk me eit par ekstra i form av sovesofa. Stova
vart ikkje ny av den grunn, men me syns nå den vart finare. Automatisering av
vannpumpe skal også meglar ta seg av. Etter at me var ferdig med det formelle
på kontoret vart me invitert med heim for lunsj. Angela er tydeligvis ein
framifrå kokk. Pasta me tomatsaus, miksa
fisk i tomatsaus, fylt aubergine, squash i tomat absolutt ein einar, iskrem med
sjokoladesaus og mandlar til og heilt til sist espresso. Er vel ikkje mange
meklarar heime som har så omfattande pleie av kundane sine.
Ettermiddagen
har blitt brukt til småpuss rundt huset. Bråtebrenning går føre seg rundt alle
stader der oliven lundane blir får stell. Me har juksa litt og lagt på litt
ekstra i form av ein sofa og nokre pinnestolar. Me er kanskje litt kresne, men
det er jo litt fint å setje ørlite grann personlig preg på Villaen vår. Ute har
me teke sjansen på å plante ein bougainvilla. Har ikkje mykje tru på at det går
godt, men nå i oktober og november er tida då det kjem nokså jamt med regn. På
sommartid kan me ikkje lite på vatn ovanfrå, då må det eventuelt vatning til
som me sjølv får sørgje for. Har skaffa
delane til eit enkelt automatisk vatningssystem, Gardena timer og
reduksjonsventil for å kontrollere trykket. Det er bare det at automatisk
pumping av vatn frå brønnen til tanken for mellomlagring må på plass før eg
kan setje opp anlegget for vatning.
I morgon
er der rydding og klargjering for retur til Vigrestad. Alt laust ute må inn bak
lås og slå seier dei som har greie på det. Me får visst bare ta imot rådet og handle
deretter. Flyet fredag morgon går frå Bari 06:45. Før det har vi ein kjøretur
på 1t 30m. Litt tid før flyet går skal me vel vere på plass, så avreise herifrå
blir truleg rundt kl 04:00. Får me sove
litt på flyet skal me ikkje bli heilt utslitne. Blir det null soving blir me
nok passe susete når me kjem heim utpå ettermiddagen fredag 12. okt 2012. Eg
kjem nok til å telje dagar til neste tur til Villa Felizià.
Me fekk
oss ein tidleg start i dag. 04:00 var det avreise frå Cda. Coltura. Ein og ein
halv time kjøring på motorveg med lite trafikk. Bilen vart avlevert ved innkast
av nøkkel i nøkkelinnkast. Enkelt som bare det. I Bari hadde me bruk for tida.
Innsjekking, sikkerthetskontroll og så rett om bord på flyet.
Slik ser det ut når flyet er på veg nordover att.
På Milano
LiInate hadde me betre tid. Fekk ordne oss ein frukost, fekk med ossbåde pengetasker og anna lausøre på tross av noko dårleg konsentrasjon. På Schiphol
sit eg nå ved eit tomt serveringsbrett. Dei er gode på Spare-Ribs her. Anne
Marie sin kylling var visst og god. Det er kaldare inne her enn det var ute der
me kjem frå. Blir nok ein overgang å kome til Jærs att, men klede har me jo nok
av.
Marknad og matøkt
Måndag
hadde me oss ein tur til marknad i San Vito dei Normanni. Gate opp og gate ned
med boder fylt opp av alt mulig. Korleis det er med kvaliteten på varene er nok
vanskelig å seie, men utvalet er stort. Heile varelageret i store varebilar som
fraktar heile butikken til ny stad kvar dag i veka. Må vera eit merkelig liv å
leva syns eg. Gjestene våre kjøpte innflyttingsgave til oss på marknaden.
Isskei, sykkelpumpe, oppvaskbørste med innbygd såpedispenser, 2 skjærefjøler,
duk klemmer, ja så mykje ulikt var det at det er visst bare dette eg hugsar.
Denne gongen har ikkje saknet av oppvaskmaskin gått heilt opp for oss. Gjestene
har vist seg å vera framifrå dugande til den jobben.
Sidan gjestene våre er i slekt med guruen på
Cda Sacramento, måtte me innom dit før me i lag med Livar og hans gjester Lill
Karin og Gaute frå Noredalen i Sandnes reiste vidare til Martina Franca for eit
godt matsete. Antipasti er ei flott oppfinning eller kanskje rettare sagt orsaking for å leggje i
seg den eine velsmakande retten etter den andre, gjerne i ei rekkje på 12 – 15
ulike. Me som var 7 stk til bords
bestilte for 4 personar og då fekk me så mykje antipasti at det bare såvidt var litt plass igjen til 3 ulike hovudrettar:
andebryst, biff og svin i form med butterdeigslokk.
Andebryst
Svin med marinert lauk.
Biff.
Utan GPS
hadde vegen heimatt til Villa Felizia vore lang og krunglete. Nå var den bare
krunglete. Teigane som er nytta til oliven produksjon er ikkje alltid så store.
Stort sett er dei rektangulære og når vegar skal leggjast i eigedomsgrensene
har resultatet blitt 90 graders svingar både titt og ofte. Eg vil tru også Petter
Solberg hadde fått problem med å halde særleg høg fart på slike vegar. Vel
heime prøvde me å få att pusten litt etter ein lang kveld før me tok natt.
Gjester og hjelparar reiser vidare i dag med tog frå Brindisi til Roma. Der vil
dei gjere storbyen nokre dagar før dei tek siste etappe til Vigrestad tidleg
søndag kveld. Dei satsar på å få maks ut av ferien. Me har eit par tre dagar på
å roe ned på. Kan nok hende me fer på sovesofaleiting, men det er ikkje noko
som hastar så fælt. Me må vel ein tur til Guido meglaren for å hente papira på
at me er eigarar av staden. Kanskje og sikre avtalane om kva arbeid som skal
gjerast med olivenhausting. Opplegget så langt er at ein pensjonert politimann
skal gjere haustinga og sørgje for at bæra blir pressa. Litt olje frå eigen
plantasje må me halde att, men så veldig mange litrar treng me vel ikkje til
eige bruk.
Litt av kvart når ein skal ha PARTY
Medan eg
skriv dette er det lørdag. Har starta dagen godt med smørjing av ein slag
membran på fugene mellom steinane som tekker taket. Som ei velling av sement og eit eller anna
tettestoff. Lurt å gjera annakvart år i følgje guruen. Eg tok bare litt av
taket og godt trur eg det var. Sikkert lurt å børste bort eventuell mose og
anna laust rusk frå fugene for å få betre heft på membranen. Får ta resten av taket i november, for eg reiser ned dit att for eit par seinhaustsveker.
Fælt fort går tida, det har alt blitt søndag og me er klar for innflyttingsfest. Sidan Sofie for til Brüssel, kjem Livar aleine. Det vil seie, han har med seg Lill Karin og Gaute frå Sandnes som er her nede for å skrive kjøpskontrakt. Dei har kjøpt seg Trullo ikkje langt vekk frå Ceglie Messapica. Guido og Angela kjem. Om det passar slik kjem dotter deira Daniela og. Nabokona Lina fekk me «snakke» litt med i sommar. Ho er og invitert. Kelnerar har me henta heilt frå Norge, Arnt Håvard og Anne Irene er gjester her, kom på fredag og deg heimover tysdag med stopp i Roma fram til søndag. Det blei ei samansett forsamling av dette. Me gledar oss over at Palma og Ubaldo og har takka ja. Det var med henne Puglia eventyret starta for min del. 23. desember 1997 kjende eg triumfen rasa gjennom kroppen då eg etter fleire mislukka forsøk fekk henne i tale i andre enden av tråden. Schuola Media Statale Dante Ahligeri ville samarbeide om eit Comenius-prosjekt saman med oss frå Vigrestad ungdomsskule. Me fekk nokre interessante år der me møttes fleire gonger både i Italia, Nederland og Norge. Passeleg samansett forsamling der me alle har det til felles at me er glade i Puglia eller glade i nokon som er glade i Puglia.

Forno a legna er fyrt opp så godt som ein kan med så lite erfaring som me har.
Pizzaomnen har forsynt oss med pizza og brød ein gong, men då var me nok litt
utolmodige. Denne gongen har eg fyrt i snart to timar, og endå er det ein time
til maten skal inni. Då skal alt sotet inni omnen ha blitt brent av, fargen
skal ha endra seg frå svart til kvitt. Det ser så godt ut. Heilt kvitt har
sotet blitt og varmen er ganske så intens. Skal ikkje ta lange tida å få ferdig
pizza til 12.
Litt
tilbake til laurdag. Me hadde oss ein tur på Lidl i San Vito dei Normanni. Fekk
skrapa saman nok kontantar til å betale ettersom dei ikkje tok verken det eine
aller det andre kortet. Så veit eg det. Handlar du på Lidl skal du kunne betale
utan å bruke kort kort og godt. Etter
runden oppi San Vito tok me oss ein tur til San Cataldo der me fekk dyppe
lekamen i Adriaterhavet. Litt kjølig syns eg det kjendest ut, men betydeleg
varmare enn det ein nokon gong opplever på Brusand. Lecce sto på programmet deretter. Varmt var
det, 26 då me kom og 24 då me for heimover att. Mangt og mykje å sjå på og god
mat for svoltne magar.
På
søndagskvelden lærte eg at ekte pizza ikkje blir laga i former eller på brett.
Den vert laga direkte på steinane i omnen. Ein soper glørne til sides og skyv
pizzaen innpå med dertil passeleg reiskap. Kjøper ein ferdig pizzadeig er det
og eit poeng å slå ned deigen like før ein har på fyll og set det heile inn i
omnen. Om ein ikkje gjer det, kan det ein tek ut att av omnen fort likne meir
på foccacia enn på pizza av det napotaleanske slaget.
Dekka med nyfarga damask
gjekk det godt å bruke gamle bortimot falleferdige bord til å dekke på for
gjester frå aust og nord, frå sør og vest som samlast for å sitje til bords
saman med oss på Villa Felizià.
Litt juks får ei tole likesåvel som Ingrid toler det. Pizza i form er ikkje Pizza Originale, men når rette hjelpemiddel mankerer, då lyt ein ty nettopp til former for å få pizzaen inn og ut av omnen.
Maten var god og drøsen rundt bordet gjekk glatt. Særleg paiane på basis av eple den eine og plommer den andre fall i smak.
Oppskriftsmak, dvs fleire rundt bordet måtte ha oppskrifta. Då må det ha falle i smak.
Maten var god og drøsen rundt bordet gjekk glatt. Særleg paiane på basis av eple den eine og plommer den andre fall i smak.
Det er til å leva med dette.
Kveld har
det blitt etter vår første dag i Villa Felizia. Me er ikkje lenger på visning. Me er heller ikkje gjester. Det er oss to som er husfolket. Det vil seie første dag her er
ikkje heilt rett. Me kom i går etter fin tur frå Sola til Baria via Amsterdam.
Etter halvannan time var me i San Vito dei Normanni og då var det tid for å ringe Guido, meglaren. Me avtala å møtas på kontoret hans. Når han bare hadde funne nøklane til huset bar det avgarde på ein skikkeleg svingete smal veg, mykje smalare og meir svingete enn der me tenkte å kjøre. Var det kortare spurde eg. Nei, men det er mindre kjedelig å kjøre når det er så mange svingar. Han skulle hatt seg ein tur i hårnålene opp og ned til Lysebotn.

Eit utal
av nøklar såg det ut til. Det må to til for kvar dør. Ikkje noko systemnøklar
akkurat, men det blir me sikkert vane med. Det er eit «reise å handle knippe»
med nøkkel til porten, til hovuddør og til gitterporten i hovuddøra. Me får
lage oss små knippe til dei ulike dørene. At vindauga også har lås og nøkkel til, gjer at plastposen med nøklar i var nokså uoversiktleg frå starten av.
Forventningane
til eigedomen vart innfridd så langt ein får oversikt utpå kvelden når ein er
skikkeleg trøytt etter lang reisedag.
Me tok tidleg natt etter eit første måltid som herrar i eig hus i Puglia.
Me tok tidleg natt etter eit første måltid som herrar i eig hus i Puglia.
Ser du
forresten kva som manglar på bordet om de skal vere eit fullverdig måltid?
Tidleg
morgon.
Sjølv om
me tok tidleg natt vart det ikkje så overmåte mykje soving. Kunne mest tru den
biologiske klokka har kome litt i ulage.
Torsdag
vart det ommøblering i stova etter tidleg frukost i følgje med pulverkaffien som mangla kvelden før.
Lurer litt på korleis kaffierstatningane under krigen smaka. Som de kanskje forstår er eg ingen stor tilhengar av frysetørka kaffi.
Lurer litt på korleis kaffierstatningane under krigen smaka. Som de kanskje forstår er eg ingen stor tilhengar av frysetørka kaffi.
Traust tradisjonell norsk plassering av den digre doble sofaen inntil ein vegg, fjernsyn i eit hjørne ved omnen og ein lenestol i det hjørnet som endå var ledig. Rommet vart nytt og mykje større. Endå nyare blir det når me etter kvart får skifte ut sofa og stol med dobbel sovesofa og ein stol som passar til. Det er tomt på veggene og slik blir det nok nå og fram til sommaren 2013. Då blir det truleg bubiltur nedover straks skuleferien tek til. I bubilen er det liksom litt enklare å ta med seg større ting enn det ein får plass til når ein reiser med koffert. Me har alt nokre øskjer med ting som ventar på slik transport.
Medan det
endå var føremiddag tok me turen til Centro Commerciale like aust for Mesagne. Auchan har matvarer i hopetal. Utvalet av
matvarer er stort. Av ein eller annan grunn ser det ut til av høve til val er
veldig viktig. Omtrent 10 meter kjøledisk med ulike typar yoghurt er visst
nødvendig. Slik er det med mange varer, og då må det heile ta ganske så mykje
plass. Euronics, same kjede me har heime har og butikk her. Godlyd frå Spotify
finn nå veg gjennom ein sub og to satelittar. Mykje lyd vart det, sjølv om det
ikkje i seg sjølv er noko kriterium for god lyd. Me har skjemt oss fælt ut
heime med kaffimaskin. Den er heilautomatisk og lagar kaffien av heile
bønner. For omtrent €600 kunne me fått noko tilsvarande. På grunn av både pengane og plassen
på kjøkkenbenken her i Vila Felizia vart det ein enkel manuell maskin frå DeLonghi til ein mykje lågare pris. Den lagar kaffi av ferdig malt kaffi, men har og steamfunksjon og kan difor lage cappucino. Det er
vel dei første overnattingsgjestene våre som først får smake på den drikka.
Anne Marie fekk seg ein Singer symaskin til ein pris truleg lågare enn det det vil koste å reparere maskinen ho har heime.
Anne Marie fekk seg ein Singer symaskin til ein pris truleg lågare enn det det vil koste å reparere maskinen ho har heime.
3 lommelykter med batteri inkludert til same
pris som bare batteria heime. Her er godt med utelys rundt heile huset, men
gatelys lyt me fara av garde nokre kilometer før me finn.
Leroy
Merin er ein rett stor byggvare, elektrisk, baderomsutstyr, redskapshandel og
hagesenter i ei og same eining. Dusjforheng og teleskopisk stong til å henge
forhenget på skulle me ha. Eit par leselampar til nattborda på soverommet vårt fekk me for
€ 5,9. Ei fin afrikansk skål kom og i vår eige.
Seljaren ville bli kvitt fleire skåler. "Special offer for you". Han gav opp då
eg sa: "No cash, you are no bancomat". Skåla var fin den. Kva løysing Anne Marie fann for betaling av skåla hugsar eg ikkje, men skåla vart med oss heim. Ho hadde visst litt mindre enn det seljaren ville ha og det er vel og ei form for pruting. Sjølv hevdar ho at det var ei ganske så ærleg pruting, og litt sanning er det vel i det.

Har du klave får du ku heiter det. Har du skål får du sofa kan ein seie. I allefall når det gjeld farge. Fargen på skåla som vart kjøpt først passar nemlig veldig godt med fargen på sovesofaen me kjøpte ei lita veke seinare. Kva som vart avgjerande i val av sovesofafarge er eg litt usikker på, men kven veit?
Ny dag,
fredag med nye behov. Først ein tur til Francavilla Fontana som hadde blitt vår
by om me hadde kjøpt første huset me såg på. Stengetid midt på dagen er ikkje
me vane med, så kl 13:02 då me stod utanfor døra til ein «Europris»butikk ville
dei ikkje gå glipp av handel sjølv om det alt var stengt. Møblar hadde me og
tenkt å sjå på. Sovesofa i stova vil gjere det noko lettare med
overnattingsgjester. Sofaen som står i stova nå er stor med altfor store
armlene. Plass til to i den, men den tek omtrent plassen til ein fireseter. Eit
par stolar ville og vore fint å ha. Men møbelbutikken Nuova Reddo var og i
kvilemodus. Auchan er alltid open, Leroy Merlin likeså. Anne Marie tok seg av
mathandel, eg skulle handle stige og frø på Leroy. Ein annan fordel med Auchan er
at dei kjører open Wi-Fi. Det gjorde det mulig for meg å betale Guido det han
skal ha i honorar for jobben sin med vårt kjøp at Villa Felizia. Medan eg sat
og gjorde meg ferdig i Nettbanken kjende eg nokon som banka meg i ryggen og der
var han, Livar. Han var litt i punktert tilstand etter at Sofie hadde reist,
det vil seie det var Forden som hadde punktert. Med Livar som guide og tolk på
Leroy fekk eg tak i stige, det som må til for å lage eit enkelt vatningsanlegg
+ frø til fennikel og to tre sortar løk. Eit termometer for å vite kor mykje
ein skal skryte av varmen her var det og godt å få tak i.
onsdag 3. oktober 2012
Bortimot ulideleg spennande.
Det må
vere dette ein kan kalle ulideleg spennande. Timane kryp av garde mot avgang
frå Stavanger lufthamn Sola. Me får bare
tru at alt når det gjeld reisa er i orden. Det var Alitalia som fekk æra av å
frakte oss sørover. Kan jo ikkje heilt utelukke eitt eller anna med små skrift,
bestillinga vart jo gjort på italiensk og enn så lenge er me ikkje særleg
oppegåande på det området.
Reiseruta
er frå Sola 10:05, mellomlanding Schiphol Amsterdam med ein time på oss til å
kome vidare til Linate Milano. Det er lenge nok til at me klarer å finne
rett stad for flyging vidare, og kort nok til at me slepp å kjede oss. Når me
kjem til Linate rår me over mindre tid. Ikkje meir enn 45 minutt. Sidan
flyplassen der er nokså liten bør det gå. Me har kjøpt gjennomgåande billett og blir vel tekne vel vare på av Alitalia. Slepp me bare forseinkingar skal me
lande i Bari 16:20.
At det
vart Bari skuldast det enkle faktum at reisa nå i haustferien var tenkt som ei
rundreise mellom diverse B&B i Puglia. Som de skjønar har turen vore
planlagt lenger enn sjølve handelen av hus. Frå Bari tek det med Navigon Garmin som
rettleiar 1 time og 34 min å kjøre til Cda. Cultura Villa Felizià. Nøklar må me stoppe innom hos meglar Guido for å få. Halvsju sju set
me nøkkelen i dørlåsen og inntek for første gong som eigarar Villa Giulia som
nå har blitt til Villa Felizià. Førre eigar helsa oss og sa at om me fekk
halvparten så mykje glede av staden som det dei hadde hatt, så ville me ha
mange gilde stunder der.
mandag 1. oktober 2012
Sanneleg seier eg dykk!
Mangt og mykje skal passast på.
Nå er det avtale om forsikring som må på plass.
Eit engelsk selskap er rådd til av skytsengelen vår, og i dag vart det telefon dit for å høyre etter.
Sære æ, ø og å når dei vårt namn og adresse skal få. Det går nok i boks dette og. Men sanneleg er det visst klokt å sørge for at forsikringsavtale er i sving frå dag 1. Ein kollega med leilighet i Spania har hatt vannmassar gjennom hele huset, heilt opp til over benkhøgde. Nå er vel ikkje vår eigedom utsett for akkurat slikt, men ein kan aldri vite kva som kan skje.
Når bare detaljar om kor Villa Felizia ligg i landet der sør kjem i retur frå meglar, kan eg ringe det engelsk forsikringsselskapet att og gje dei ei ny avdeling med
dagens humor i norsk versjon.
Intasure, Property Insurance specialists er dei som skal forsikre huset vårt i Puglia.
Du kan finne dei her: www.intasure.com
Om eg ikkje fer feil er huset nå forsikra. Må nok ta ein sluttsjekk, men det meste er avklart. Litt merkelig å snakke forsikring over Nordsjøen. Ikkje dei orda eg brukar i det daglege akkurat, men det høyrdest ut til at forsikringsrepresentanten i andre enden av linja fekk opplysningar nok til å opprette ein avtale.

søndag 30. september 2012
Korleis finn me fram?
Vegvisar:
5 - 6 km sørover frå San Vito i det me nærmar oss ei enorm kraftlinje kjem me til dette punktet av vegen.
Der tek me til høgre inn mot Cda. Coltura. Då er det ikkje lange vegen, vil tru mellom 1 og 2 kilometer. Litt til høgre, så litt rett fram,så til høgre og til sist til venstre. Eitt eller anna slikt er det.
Me skal inn den vegen der Pandaen står og ventar på å kome ut. Kanskje ein ide å snu Pandaen så du skjønar kva veg du skal ta?
Først til høgre frå SP46 på vegen frå San Vito dei Normanni.
Rett fram gjennom 2 kryss.
Når du må til høgre eller venstre tek du til høgre.
I neste kryss svingar du til venstre og deretter er det beine vegen til du ser Villa Felizia på høgre sida av vegen.
Før du kjem så langt som til San Vito må du reise ved hjelp av fly. Alitalia, KLM, Lufthansa og SAS er vel dei mest aktuelle.Det er mulig å reise til Roma og ta tog eller bil derifrå, men det tek mange tmar ekstra. Frå Norge reiser ein lettast via Amsterdam eller Frankfurt til Milano eller Roma. Vidare til Brindisi som er hovudflyplass for sørlige deler av Puglia. Frå Aeroporto Brindisi Papola Casale tek det ein litt dryg halvtime å kjøre med bil.
RyanAir flyg direkte på Brindisi frå London Stanstead, men med rutetiden frå Haugesund blir det trong for overnatting både på veg ut og veg heim att.
lørdag 29. september 2012
Møblar og utstyr?
Blir vel
litt av ein jobb å møblere nå. Godt det ikkje er meir en halv annan time til
IKEA i Bari. Dei leiger endåtil ut bilar for heimtransport av møbler. Fins
andre store møbelbutikkar nærare San Vito der dei har same tilbod når det gjeld
transport. Me får sjå det litt an.
Nå er det
faktisk slik at me flyttar inn i eit ferdig møblert og utstyrt hus. Treng ikkje
ha med handklede eingong heimefrå. Likevel kriblar det litt i magen. Korleis
var det eigentlig med det som var i huset?
Sengene på gjesterommet var akkurat
slike Anne Marie fant på nettet før me fant Villa Giulia som nå ber namnet
Villa Felizia. (Mix av lykke og glede) Det var baderomma som overtydde aller mest, og sidan dei var så smakfulle tok dei luven frå det meste anna. Mest som me ikkje såg alt det andre, men bileta har talt. Det ER kvalitet over tinga, det er STIL over tinga, me finn nok det meste av det me treng. Endåtil sementreie har me vorte eigarar av. Det kan bli krukker og kar, murar og kanskje med tida vegger rundt eit ekstra soverom. Først får me fylle dei to romma me har. Viser det seg etter kvart at det er trong for det, skal huset vere godkjent for påbygging. Det er høve til 20 % utviding. Vel og merke i volum, ikkje i flatemål. Takhøgda i villaen er nok litt meir enn vanleg heime. Kniper me litt ned på den i eit eventuelt påbygg, får me kanskje litt ekstra golvplass i staden.
Meteorologisk årsoversikt
Stillaste
dagen på Jæren bles det ei høne på sjøen. Om høna i tillegg var våt seier soga
lite om, men du skal ikkje sjå bort frå det.
Årsstatistikken
for Latiano ser ganske godt ut. Eg har lånt opplysningane frå STORM og slik det ut:
Retteleg godt må ein vel ha lovå seie. Skal heller la vere å klage når det stig over 40 på det heitaste om sommaren. Då får me setje oss ned i skuggen og vente til det går over.
fredag 28. september 2012
HUS I BOKS
Då er alle formalitetar på plass.
Fullmaktsinnehavar måtte signere så mange gonger at han kunne blitt redd pennen gjekk tom for blekk.
Overføring av pengar gjekk og til sist som det skulle. Rett nok med ein del ganske så tronge passasjar. Måtte ein tur både til Bryne og Varhaug før det gjekk rette vegen. Kl 10:05 27. sep vart summen valutert på vår konto, og i dag kl 11:38 fekk eg melding frå Livar at pengane var inne på meglar sin konto.
Me hadde reserveløysingar klar, men heldigvis fekk me ikkje bruk for dei. Einaste var det ekstra bryet, stresset, frustrasjonane, irritasjonane, og dei to turane til henholdsvis Bryne og Varhaug. Nå som det er i orden ser eg lite grunn til å bruke meir krefter enn eg alt har gjort på dette.
Huset vert då teke i bruk neste veke for vår del. Landar i Bari 16:20 onsdag 3. oktober og då ber det strake vegen i Pandaen me leiger til Cda. Coltura Villa Felizia. Nøklar må me nok innom til Guido for å få. Reknar med at me fekk lært oss vegen fram i sommar. Me hadde mange treningsturar.

mandag 24. september 2012
Namn på den herlige staden vår.
Me har visst skaffa oss eit problem. Italienske villaer har ofte namn, mange gonger namn sett av meglar og i samsvar med namn på eigar. Me ville gjerne ha vårt eige namn på staden, men eigne namn som td. Villa Geir eller Villa Anne Marie ville me ikkje ha. Dei ville ikkje høve i Puglia. Kva skal me då velje?
Glede, fryd, lykke, takknemlighet, jubel, velsignelse, eit eller anna i denne retning må det bli. I tillegg bør det vera eit namn som kling fint og på norsk.
Endå ein gong er Google god å ha, denne gongen omsetjarfunksjonen.
Gioia, gioia, felicità, la gratitudine, la gioia, la benedizione, letizia er framlegga som kom opp.
Du skal ikkje sjå bort frå at ein kombinasjon av lykke og glede kan bli namnet: felicità + letizia =

Felizià
Kor i vidaste verda er me?
Ja, det
er annleis enn heime.
Her varmare, her er meir sol, her er mindre regn, her er veldig kjekke folk, her er koselege hus, her er endelause flater med oliventre, her er god mat og drikke, men er her betre?
Ikkje det eg kan sjå, men mykje her er heilt annleis.

For å lokalisere litt betre kor Villa Felicità ligg, har eg skaffa meg hjelp av Google.
Utruleg kor dei har vore og kva dei får til.
Utruleg kor dei har vore og kva dei får til.
Me må som
de sikkert har fått med dykk heilt sør til hælen av Italia.
Hamnebyen Brindisi, tidlegare viktig ferjehamn for trafikk mot Hellas
er administrasjonssenter i området enn så lenge.
Hamnebyen Brindisi, tidlegare viktig ferjehamn for trafikk mot Hellas
er administrasjonssenter i området enn så lenge.
Tomta vår er
lang og smal. Eigarane dei siste to åra har gjort ein formidabel jobb med
oppgradering av huset som her er avbilda frå lufta. Den åtte mål store tomta
har og blitt tatt godt vare på. Det er her me tenkjer å bli oljesjeikar i
olivenolje.
Det er
eit stykke til meir tettbygde strok. 6 -7 km til næraste butikk. Mest som å bu
på ein av gardane på Elgane. Smale vegar
langs eigedomsgrensene i eit nett som kunne vere ein edderkopp verdig. Me har
pugga vegen så godt me kunne, og trur nok at me nå i haustferien skal klare å
finne fram. Navigon frå Garmin kan nok og hjelpe til om det blir nærast håplaust.
Ser
det ut som dette når me kjem fram, då har me reist i ein ekstra dimensjon. Då
har me reist bakover i tid eit par år. Då Street View bilen til Google for forbi
Cda. Coltura i mars 2010 hadde det endå ikkje
vore nok omveling på eigedommen eller på huset. Huset som på det tidspunktet
nok var ganske slitent, har i løpet av eit par år blitt pussa opp fullstendig
frå inst til ytst. Inne er det heilt
ferdig, ute kan me nok gjera litt meir. Skygge/tak
over terrassen og farge på gitter framfor dører og vindauge er prioriterte
oppgåver. Men det er heldigvis ikkje slik at noko grin mot ein og ropar:
Kom her
er meir arbeid du MÅ gjera.
Abonner på:
Innlegg (Atom)