Translate

mandag 31. august 2026

Travel tur for lommeboka

Om ein ikkje kjem seg til Puglia, får ein nøye seg med at Puglia kjem hit. I disken for frukt vart det plassert eit par kassar med akkurat den påskrifta eg ynskjer mest.


 I mitt hovud er det dei einaste av slaget som tel. Druer kan vera frå Chile, frå India, frå Sør Afrika og Spania, men ingen overgår dei ein får i eller frå Italia. 

Aleine knasande sprø og søte, eller som godt følgje saman med kvitost anten det måtte vera Jarlsberg, Norvegia, Emmentaler eller Maasdam. Godt brød frå nabo Paul så er både frukost, lunsj og kvelds berga.

Om nokon skulle lure på korleis det gjekk med tanna mi, så treng du ikkje lenger lure. 

Akutt behndling hos fast tannlege først. Betennelse tannrot, oppboring og innfylling betennelssesdempande og deretter pencillinkur. Så etter nokre vekers venting fekk eg time hos Afif, spesialist i endodonti. Mission impossible vart det karakterisert som, men ingen problem du har kome til dr. Possible så så går det greitt. Du er unik sa Afif undervegs i behandlinga. Normale folk har 3 kanalar for nerver gjennom tanna, du har 5 slike kanalar. Med andre ord ikkje normal der heller. Er vel ikkje så mange som er normale. Me er vel alle litt på sida anten det måtte gjelde det eine eller det andre.

Etter 1 time og 15 minutt i stolen med gapande kjeft, var det på tide å blafre med 1000 lappane. 13 stk måtte til. Skulle gjerne brukt dei til noko anna, men slik er det. Akkurat nå var det som som skulle til. Så får eg heller halde fram med ny nedtelling for avreise til Puglia.28 dagar i dag. I mellomtrida får eg finne trøst i druene frå Madugno.

Reisa neste gong til Puglia startar frå Sola 12:00 29.september. Etter lang mellomlanding i Amsterdam landar me på flyplassen i Bari 21:40. Det er bare 1 og 1/2 times kjøring derfrå til vårt "casa a starda senza nome Cda. Coltura", men me tek muligens ei overnatting i Modugno i staden for å kome fram midt på natta. Eldste son Knut skal same morgon tilbake til Longyearbyen, så me må muligens tidleg opp sjølv om vårt fly ikkje nettopp er noko morgonfly. Overnatting er tinga og det ser ganske greitt ut.


Trur nok me skal få til å sove her. Frukosten er av det enkle slaget, men blir me her over natta tek me ein føremiddag som turistar i Bari. Skal klare å finne ein brukbar stad for lunsj der i byen.  

Får bare håpe ny tur med fly ikkje set gang på anna elende inni kjeften. Turen til Italia nå i septemeber/oktober får vere som ein test for den for min og begge sin del heilt store turen til Bangkok. Heldigvis er det ikkje lengden verken i tid eller distanse som gjer utslag på barodontalgi. Det er trykkforandringane som gjev utslag, så om Afif har gjort jobben så godt som eg trur, så blir der ikkje meir bry med akkurat den tannrota. Kva andre røter som måtte melde seg får ein bare vente og sjå. I reiseapoteket får eg passe på å ha god tilgang på både ibux og paracet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar