Translate

torsdag 3. mars 2016

Halde gang på det

Me må halde gang på det. Bilen er klar, Livar er klar og eg trur eg for min del og er klar. Og då meiner eg ferdig til avgang, ikkje klar på trøndersk vis.
Det blinka stjerner i augo, ja såpass at det visst har smitta over på fleecepleddet. Kule gule kjøresko med tynn såle for kjenslevare føter. Det kan fort gå godt. Det er haikaren som er så framifrå godt utstyrt.
Når me no er komne så tett på avreisetidspunkt, er vel vêrmeldingane meir å lite på. Det skal visst bli snø over Brenner, men eg reknar ikkje med å måtte forsere fenner. Frå velinformert hald har eg blitt fortalt at over Brenner hadde han aldri kjørt anna enn på svart asfalt. Då får ein bare tru at det er slik det er. 
Slik såg det ut i dag tidleg. det tydar på at Reidar sin påstand stemmer. Meldingane fortel om snø, men brøyteutstyret går nok på tomgang og er klart til å rykke ut straks behovet melder seg.
Blir truleg ein slik av og på tur, først snø, så bare vegar, så snø og så bare vegar att. Når siste snøetappe er unnagjort, trillar me inn i det Puglianske paradis.

Slik ser det ut akkurat nå ved rasteplassen Brennerpasset

Accuweather melder slik:
 Yr melder slik:
 Og Il Meteo melder på dette viset:
Det er slikt ver me vil ha. Då høver det for hobbybøndene å få traktorane ut på jordene og starte våronna.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar