Translate

tirsdag 8. mars 2016

Fort gjort å bli fotgjengar

Fort gjort å bli fotgjengar. Skal ikkje meir til enn å levere nøklar og bil på ProAuto i San Michele. Har vore der før med både Opel og Iveco. Men kvifor fare avgarde og setje bilen på framand stall. Ingenting gale med den, men etter turen gjennom Danmark, Tyskland, Austerrike og nedover i Italie har Audien teke til å verte stormannsgal. Kanskje Audien syntes det passa rett så godt her i Berlusconiland. Han er nå forresten forlengst pensjonert som statsleiar, men Audien er fødd før nemnde statsleiar kom til makt. Men korleis ytrar stormannsgalskap seg om du er bil. Jau då vrinskar hestane høgare og høgare, og om du ikkje gjer noko med det, tek det heilt av. Høyrest ut som ein flokk ville hingstar i fullt trav. Slett ikkje roleg og avbalansert som dei 90 som er gøymt under panseret på Audien til vanleg. Stormannsgalskap? Ein liten gammal Audi som høyrest ut som ein Ferrari med inspirert start. Kan det kallast anna enn nettopp stormannsgalskap. Det er greia med at bilen måtte på verkstad med diagnose mulig stormannsgalskap. 

Verkstaden ligg 9 km frå huset vårt. Det er ikkje bare å hoppe på ein buss her nei. Har aldri sett slikt passere. Temminga av hestane i bilen ville ikkje vera ferdig før i morgon kl 17. Då sit eg her, men framleis har eg då både bein og sykkel. Tube di scarico må skiftast, og då må bilen på bukk for at dei skal kunne bestille rette deler. Bestilling. levering og sjølve arbeidet tek så litt tid. Hadde delene vore inne, kunne jobben vore gjort på ein halvtime vil eg tru. Det blir nok ein annan lyd på Audien etter at dei på verkstaden har bede den om å dempe seg litt.

Eg vil tru det hadde  vore interessant for nokon og einkvar å få med seg når underteikna ordnar verkstadavtale. Forresten forunderlig kor mykje ein kan klare når noko teknisk skal løysast. Eg fekk tilbod om skyss tilbake hit til huset, men takka nei. Pedi sa eg. Pedi? sa han. Signaliserte at det var lang. Eg gjentok Pedi og klappa meg på magen. Ah, sa han. Han forstod.
Heim att til fots. Oliventre, Oliventre, Oliventre. Innimellom eitt og anna blomstrande tre. Skal ikkje gje meg ut på å artsbestemme, til det er mine botaniske kunskapar for magre. Noko magert er det altså ved meg og. Kjem i hug kva Tengsareid sa då eg gjekk på Gynmaset på Bryne. Du, du kunne blitt ein god kjemikar om du hadde vist noko innsats. Ingen kjemikar og heller ingen botanikar vart det av meg.
For at oliventrea skal få god avling må dei beskjærast slik at ikkje all kraft skal gå til bladverk. Våre tre treng slik pleie, og går det som eg håpar, får me gjort ein avtale nå i løpet av påsken. Godt å ha litt arbeid på lur til gjester som kjem til sommaren.
Ein av parsellane ikkje langt herfrå vart herja av ildebrann. Tilsynelatande branndøde tre har stått svarte mot himmelen eit par sesongar nå. Nede ved rota kom det ein krans, nærast som ein tett busk. Stammen er nå fjerna, busken er rydda i og det står att to tre småstammar ved kvar rot. Skal meir enn brann til for å ta livet av eit oliventre. 
Ja det er vår. Songen av motorsager i aktivitet rundt om på olivenundane ber bod om vår. Teppe av desse under oliventrea fortel om det same. 
Når valmuen står og nikkar lett i vinden, då ville det vore sommar heime, men her, her er det VÅR.

Det er gildt med gjester. Alle slags gjester, både dei som kjem hit fysisk og dei som gjestar bloggkaren Geir. 
Sidan i går er bloggen opna av i alt 167 stk. Om alle har lest er uvisst, men bloggserveren registrerer kvar gong nokon er innom og opnar ei side.
Legg gjerne att nokre ord av og til. Kunne vore interessant å fått litt peiling på kven som er publikum. Ikkje ver redd for markedstilpassing. Eg skriv som eg skriv og vil nok ikkje la meg påvirke noko særleg same kven lesarane måtte vere.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar