Translate

mandag 7. mars 2016

Fins bare eit reisemål for desse karane

08:00 lørdag 5. mars 2015, me har sloppe ut av Fjordline sin buk. Bak rattet er me klar for ei ganske så dryg dagsreise i ein ganske så gammal bil for slik bruk. Full kontroll på rattet, gassfoten var det heller ikkje vanskelig å halde kontroll på. Akselerasjonstida frå 0 til 100 må ha vore minst 1 min, til vanleg reknar dei sekund. Såg nettopp at VW kjem med ny Bugatti som til ein pris på noko over 20 millionar stiller med 1500 hestekrefter og går frå 0 til 100 på 2,5 sekund. Den bilen er i slekta til vår etterkvart kjære Audi. Du kan trygt sei det slik at vår Audi tek det noko meir med ro. 
Danmark la me bak oss. Det gjekk i 100 nedover. Citti Grossmarkt var ikkje aktuelt for stopp, ingen handel der nei. Her handla det bare om ein ting, kom deg til Puglia og det litt svint. 
Det er ikkje bare Ketil Solvig-Olsen som likar å finansiere vegbygging og drift ved hjelp av bompengar. I Østerrike får me først lov å betale det som vert kalla vignett, den gjeld for kjøring eit bestemt tal dagar. Men ikkje nok med det, eit stykke frå toppen av Brennerpasset blir ein kravd pengar for kjøring på akkurat den vegen over til Italia. Dobbel betaling med andre ord. Ikkje for det, vegen er flott som bare det både når det gjeld standard på vegdekke og kurvatur. Natur veit eg frå tidlegare passeringar er i særklasse, men denne gongen hadde me lite lys over det.  For det meste svart asfalt pga brøytebilar i hopetal. Eit lite stykke kvitt vegdekke, eg trur helst det var snø. Med kjettingar i bagasjen og ihuga sjåførar gjekk det helst godt.



 
Det vart morgon andre dag. Trass kaotisk kaffikø fekk me etterkvart godt stoff i koppen. Hettemunkar har gitt namn til denne drikka, mest som eit lite måltid det kan passe å starte med på dag to av etappen Hirtshals Ceglie/Latiano.
 Gjennom vårvakre nygrøne landskap i det norditalienske slettelandet er det godt å verte minna på at det er obligatorisk med vnterdekk eller kjettingar ombord.
Ingenting å seie på appetitten her nei. Men kan det vere nødvendig med to porsjonar på ein gong?

Vel framme nå i eit hus der alt innandørs var på plass, ikkje eingong ei lite mus har vore på besøk. Har ho, musa altså, prøvd seg, har ho måtta gi tapt i møte med  tusenvis av hindringar.

Ein flott tur i lag sørover gjennom Europa ligg bak oss. Eg er heilt einig med meg sjølv om at me hadde eit par gode dagar i lag. Bilen rulla konstant, med unntak av ein time der me gav oss sjølv høve til å kvile samstundes. Alt av samtaleemne kunne  aksepterast, med unntak av religion og politikk.  Slik i ettertid kan eg seie at me var nok innom eit par andre emner og, men me passa på å kome raskt attende til dei emna me ikkje skulle snakke om.

Det er mest som eg blir avundsjuk på Audien. No skal den få bli bufast her i Latiano. Til Norge må Audien om halvanna år for å få ny Eu-godkjenning, frå folk tilsett i det store tilsynet for Eu-godkjenning av bilar vart det sagt at ein kunne ikkje lite på verkstadane nedover i Europa at dei gjorde god nok jobb. Slik kan ein og sjå på det. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar