Translate

onsdag 9. mars 2016

Lite gildt å få bank

Å få bank er ikkje gildt for folk flest. Rett nok fins det dei som ber om det, men vanlegvis gjer ikkje eg det. I dag har eg sørga for bank, ja eg er heilt øm der bak kor ein vanlegvis får bank. Det har seg slik at dette er dagen for å hente Audien. Den hadde bruk for å jekkast ned. Tok til å bli stor på det. Blir ikkje Ferrari bare om ein kjem til Italia på eit lengre opphald,  Kan fort bli halvanna år her i støvellandet om ikkje noko støyter til.
9 km herfrå, ligg verkstaden AutoPro. Etter å ha jekka opp bilen og gjort litt arbeid der under, så jekkar dei den vel ned att og då er den jekka ned i dobbel forstand. Blir vel lyd som ein kjælen katt, heilt sikkert ikkje som 10 ville Ferrari hestar.
Skal ein hente bil på verkstad bør ein ha pengar. Sist eg var der på verkstaden tok dei ikkje kort, gjer det vel ikkje nå heller. Minibanken i San Michele var borte vekk i oktober då eg prøvde å finne den. Den var like borte nå, men holet inn i filialen var dekka av plater. I nattens mulm og mørke hadde nokon med truck henta heile minibanken. Det hende ein gong sist i mai  i fylgje BrindisiReport som eg har stole biletet frå.

Dårlig med kontantar med andre ord. Plan B vart aktivert. Inn på kaffibar for ein espresso og ein spremuta, ferskpressa appelsinjuice. Men då skulle  og ville eg som rimeleg var skaffe pengar først, og så fullføre bestilling av drikke. Det  tek vi etterpå sa verten, men sta som eg er, skaffa eg betalingsmiddel først. Verten fylgde med ut i gata og peika og gestikulert. Ikkje lenge etter var eg ein holden mann. Snart klar for resten av plan B. Eg  tenkte at San Vito måtte vera neste stopp for kontantar. Hadde nok i lomma, men sidan eg ikkje fekk pengar på den nye automaten eg såg for meg i holet etter ranet, vart eg hangande i plan B. Kom meg til San Vito, fekk handle litt og helse på optikaren i det eg sykla framom butikken hans.
Alle dei hundane som har halde meg på plass her ved Villa Felizia, dei glimra med sitt fråvær. Det ser mest ut som Terje II kan pensjonerast. For dei som ikkje veit kven Terje II er, kan eg opplyse om at det er ein spesiallaga kjepp til å jage innpåslitne hundar med. Det er Terje I som har skaffa meg den.
Frå San Vito og hit til verdas finaste plass ( i våre auge ) er det ikkje så langt, 6-7 km, så du kan seie det ligg litt for seg sjølv. Men så er jo me og litt for oss sjølv slik dei fleste andre og er.
Dei som er ute på campagnaen nå dei arbeider, saging og rydding. Men så traff ein på sykkel, og dei ser ein ikkje så mange av anna enn dei som syklar i kondomdress tett på kvarandre i flokk. Her er ein hei del som trenar for Nordsjørittet her sør på hælen og. Me helsa på kvarandre og han viste dagens fangst av asparges, villasparges.
Eg let blikket følgje langs grøftekanten i håp om å finne litt eg og, til ein eventuell liten lunsjrett. Eg måtte ta til takke med småbrød og privatimportert tomatsild.
Vel heime kjenner eg at eg har fått nok bank i dag. Litt ro i baken først og så er det å ta føtene fatt, utan eit gnagande sykkelsete mellom skalkane.
Hundane som heldt seg så borte tidlegare i dag, såg ut til å vera klare for innsats. Sidan Terje II også på denne turen vat nekta å bli med, såg eg med nøydd til å ta ein annan veg enn den snaraste. Godt var nå det, for i dei grøftekantane eg nå passerte, der vaks det ikkje rikeleg, men nok til ein god porsjon for meg, asparges.

Det skal bli svinaktig godt med litt bacon og eit egg til. 

Bilen då? Her skal ikkje nokon koma og seie ein blir utnytta som stranieri. Nytt eksosanlegg vart for dyrt syns dei å AutoPro. Då valde dei den varianten eg sjølv tok på den einaste symaskinen med fire hjul som eg har eigd. Ein Datsun 1000 som var over den først grøne ungdom, vart plastra og tetta så godt eg kunne då den for 36 år sidan tok til å yppe seg. 
Pipetopp fekk eg og tak i. Dagen varer ikkje så lenge her som heime på grunn av at me ligg noko lenger mot aust. I morgon når dagslyset kjem blir det taktur av det.  stigen er heldigvis av ein slik type du kan bøye på midten og vip så har du ei god gardintrapp. Må ha noko stødig når eg skal få toppen på plasspå piperøyret heilt på kanten av taket.























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar