Translate

torsdag 24. mars 2016

Dårlig gummi

Slik gjekk det til at eg fekk meg endå ein tur til AutoPro. "Sale e neve" sa kontakten min på AutoPro. For eit par veker sidan tok dei seg av dei voldsomme Ferrarinykkene Audien fekk på turen gjennom Tyskland, Østerrike og Italia. Hola i eksosanelegget vart tetta og Audien dempa seg. Vart litt meir beskjeden kan du sei, kom på den plassen der den høyrer heime. 
Men så her om dagen syns eg enderøyret sat så skeivt på. Eg laga meg ein liten rampe og kjørte oppå for å sjå. Litt sølvtape duger vel tenkte eg, men slett ikkje. Eksosanlegget hang fast bare inn mot manifoil (arrester meg om eg brukar feil ord) og ein plass til elles under bilen. Dette må gjerast meir skikkeleg enn det eg kan klare.
På verkstaden tok dei imot, med løfte om at eg kunne hente igjen kl 18:00. 

10 kilometer å gå tilbake til Villa Felizia gjer bare godt. Ingen ugreie bikkjer langs vegen. Bok på øyret: "Og fjellene gav gjenlyd" av Khaled Hosseini. Vil ein ha meir enn lydane frå naturen, er lydbok frå STORYTEL eit svært godt alternativ.

Det vart kveld og tid for henting av bil. Uheldigvis traff det på same tid som Daniela skulle kome for å leggje siste hand på verket når det gjeld innbetaling av skatt på eigedomen.  Vanskelig å klare seg her utan bil, så dei 10 kilometrane tilbake til verkstaden måtte eg bare få unna, helst før ho kom.
Bilen var ferdig den, til avtala tid.  Korrosjon, "neve e sale" forklarte verksmeister og sikkert eigar av det heile. For å vise at eg forstod , måtte eg til med fakter. Krokfing viste feste av opphengskrok mot karrosseri, ein annan krokfing motsett veg viste festekrok på "tube di scarica" og der kjem "gomma rotto" inn. "Perfetto, perfetto," sa nestoren på verkstaden.  Kan skjøna det, når gummien i verste fall ikkje er mindre enn 24 år gammal, då blir det sprøtt etterkvart.  Så rote at til sist dett den av og trugar med at heile eksosanlegget sleper langs bakken når ein kjører.

Vel heime fekk eg ein liten leksjon i reglar for skatt på eigedom her i Latiano. Forsåvidt like klok etter leksjonen då, men kvar kommune, kvart byråkrati driv sitt eige vesle spel med prosentsatsar som endrar seg frå år til. Dette er langt min forstand, kvifor ikkje bare bruke dei statiske verdiane frå år til, dei er jo dei same. Eg får halde fast på postulatet: Det ikkje er vanskeleg, bare annleis.  Daniela er lova vekk av faren til å vere vår skattekalkulatør så lenge me har bruk for henne.  Mann og barn var med. Lorenzo på 2 er ein skikkeleg sjarmør. Han fekk med seg ein liten brannbil han  kan halde mora vaken med om nettene når ho vil sove.

Av og til tek ein sjansar. I januar 2015 prøvde eg meg på å betale eigedomsskatt direkte frå min italienske nettbank. Henta skjema 




i banken og førte inn alle opplyningane eg hadde før, eg med hjelp av kodebrikke sende heile sulamitten avgarde. Daniela, som er utdanna advokat og såleis burde ha greie på det, meinte at pengene hadde nok kome dit dei skulle, til kommunekassen i Latiano.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar