Translate

fredag 11. mars 2016

Gildt med dei trufaste

Det er gildt med dei som er trufaste. Som stiller opp når ein treng dei. Som er villige til å ta i eit tak.

Treng ikkje vera så veldig djuptpløyande, rett og slett ganske så kultivert. Kjøkkenhagen gror fort til. Det trengs stell om det skal bli anna enn ugras der.
Før eg reiste heim i oktober var her ein utflytta Varhaugsbu innom, ikkje han eksbankmannen. Nei han som forsynte meg med Terje II. Favebønner meinte han eg burde plante i jorda som var så godt preparert. Nå står dei der og blomstrar, 50 - 60 cm høge i to rekkjer runt 8 meter. Ser annleis ut nå enn innhaldet i den posen eg fekk. Dei treng ikkje vatning heller etter det eg har forstått.
For å bli kalla trufast over tid, må ein kanskje vera trufast i meir enn 3 år. Samma hur, starta har Hondaen gjort kvar gong med unntak av den eine gongen eg gløymte å fylle bensin på tanken.
Fint vil me ha det rundt oss dei fleste. Me har ikkje gjort det til ein sport å la vere å skaffe blomar og planter sjølv, men det er nå eit faktum at her kjem både bønner og blomar. Buskar set og røter, gyvel og trompetplanter.  Ikkje så mykje av det blomstrar nå, men sommarblomane frå i fjor, dei lyser opp utanfor eteplassen under Tor Sveinung sitt tak
Kunne dette vere ein ide for Kjell Gunnar & Co? Det må vere på tide å fylle opp att tanken. Ei heil veke nå sidan eg var på Best og ordna full tank. Eg fekk det, fekk kanskje God tur og med på kjøpet. I Ceglie der Sofie og Livar held Italiahus, har dei i lengre tid jobba med ein ny bensinstasjon. Det har tatt veker, månadar og år, men nå var den ferdig og eg måtte innom og fylle. Bare automatpumper, kortautomaten var teipa over, då var det bare seddelkjeften att, men der er det slik at den gjer ikkje tilbake vekslepengar. Folk såg eg ikkje. Får tanke ein anna plass tenkte eg. Må vedgå at eg faktisk vart litt sur og. I det eg starta og skulle rulle vidare, banka det på vindu på høgre bakdør. 
Full tank vart ordna. Han lurte på kor eg kom frå og såpass klarer eg då på det lokale talemåtet.
Dalla Norvegia con case di campagna Latiano

Så kjem ideen Kjell Gunnar: Sidan eg fylte heilt full tank, fekk bilen ein gratis omgang i vaskemaskinen. Sikkert ikkje god butikk, men veldig OK for meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar