Translate

lørdag 19. mars 2016

Trapp med bare eitt trinn?

Dæ æ hydna så kan vær vanskele.
Aldri før har vel eg gjort slikt arbeid. Men før forskalinga vart tatt av, såg det nå greitt ut.

Ei trapp kan forresten vera så mangt. Eg hadde nok slite om eg skulle prøvd å kopiere denne. Trappa her og søylene øverst i trappa, markerer slutten på Via Appia,  den historiske vegen mellom Roma og Brindisi.
Via Appia var den viktigste blant de romerske veiene, og ble derfor kalt regina viarum («veienes dronning»). Den førte fra Roma over Capua til Brundisium.
Roma lå i sentrum av det største imperium verden noen sinne hadde sett. Imperiet ble holdt sammen av et enormt system av veier, som strålte ut fra Roma. Den første romerske veien som ble bygget var Via Appia, konstruert i 312 f.Kr. av konsulen Appius Claudius.
(Kopiert frå Wikipedia)

Via Appia passerer ikkje så mange kilometer herifrå. Motorvegen går delvis same trase like sør for Villa Felizia.
I våre dagar går reisene føre seg i lufta. På bare ein snau dag, legg ein bak seg distansen Vigrestad Latiano, og brått er ein klar for ein aldri så liten historisk scene. Mi dronning får vera den som først set foten der ingen før har sett den, på det nylaga trappetrinnet inn i vårt paradis. Blir mest som Armstrong sine ord renn ein i hu: "That's one small step for a man...", men så skal eg villig innrømme, steget han snakka om hadde nok litt større historisk dimensjon over seg.
Fer ein rundt her i nabolaget er mange av eigedomane merka, både ved porten og på sjølve husa. Gult lyser det. Skilta på vår port og våre dører ber eit nummer, me har ein avtale, me har nokon som ser etter. Nå som det ser ut til at innbrota hjå oss har roa seg, kunne me kanskje vurdert om me like godt kunne spare utgiftene til betalt vakthald?
Før våre komande polsk-engelske naboer har kome så langt at dei har starta arbeidet skikkeleg med å renovere det vesle huset tvert over vegen for oss, og sikkert lenge før dei har tenkt vaktselskap, har dei hatt besøk. Av det hardhendte slaget. Slike som ikkje let ei lukka og låst dør stå i fred.




Me har gult merke og denne gongen slapp me unna. Netta, næraste nabo mot aust mista smykke og ein for meg ukjent sum i kontantar. Me vart rett nok av med nokre lamper som har levd sitt eige liv på muren opp mot vegen. Lite bry har det vore med dei, ettersom dei har henta straum frå sola.
Har vore litt koseleg med desse lysa når ein kjem tilbake hit på kvelden og det er mørkt. For å få tilbake lysa har eg funne min eigen måte å ordne det på. Tufo, den lokale kalksteinen som og har blitt brukt til å bygge hus, den er såpass mjuk at det let seg gjere å forme den. Først har eg delt opp i passe storleik med hjelp av vanleg handsag. Holet for å felle ned nyinnkjøpt solarlampe var mindre bry å få til enn eg trudde. Eit gammalt skrujern og ein hammar var alt som skulle til.
Kjøpevarianten


Heimelaga variat
Når denne blir kvitkalka, har eg tru på at den blir rett så fin. Lampene skal sleppe å vere ute aleine i mørket. når me reiser heim til heim #1.  Eg skal klare å få dei innomhus, i alle fall lampene som er felt inn på toppen.  
Når det er påske går det føre seg mykje interessant her i Puglia. Me har så langt fått med oss ein del av det som skjer i Francavilla Fontana. Hadde det vore i fjor, kunne me stilt opp med palmegreiner frå eigne palmer i opptoget på Palmesundag. Men våre 80 . 90 cm høge palmer har tatt ut på tur dei og. Får håpe dei kjem  til nokon som er i stand til å gje dei ein god heim. Såpass rettvise vil eg tru dei er dei som har tatt seg av dei. Dei syns kanskje det var både mørkt og kaldt for dei varmekjære trea å stå her heilt aleine mellom bare oliventre og mandeltre og pæretre og ferskentre og plommetre og grapefrukttre og sitrontre og nespole og aprikos og roseeple og hasselnøtter og valnøttre og epletre og morbærtre og mimosa og laurbær og fikentre og .........sist men ikkje minst litchi, også kalla kjærlighetsfrukt. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar