Translate

mandag 14. mars 2016

Maserati er ingen dum bil

Eg må visst heimefrå før forfallet tek meg. Prektige meg, slang har eg aldri slengt meg på heime, her derimot er det mest opphøgd til kunst. Mange av gjestene våre har vore lette å frista til å vere med på sitronslang. Merkelig igrunnen, men dei sitronane har slett ikkje vore særs sure av den grunn. Nå skal det seiast at for det meste har det vore slang frå overfulle tre med haugevis av nedfallsfrukt under. 
Nedfallsfrukt var der her og, men haugevis av fristande frukt som endå hang på trea.
Litt bal med å koma til, men det gjekk. Skjønar ikkje heilt det der med låste portar, men men . . . . . 


Eg måtte og over gjerdet. Du kan sei det var i beste meining det me gjorde. Me kan gå god for kvaliteten på det som hamna i lommane. Nå er det prøvd, og det heldt absolutt mål. Paret frå Agatveien kan glede seg til frisk frukt direkte frå trea.
Maserati er ingen dum bil om ein vil fram med stil og stor fart. På veg opp til Doc i San Michele her i føremiddag, kom det mot meg ein av slaget. Det vil sei, den var noko annleis enn andre Maseratiar eg har sett. Den var ombygd, hadde flotte svungne linjer og store panoramavindauge på sida. Det eg såg i speglen var like imponerande som det eg såg framandfrå og frå sida. Heilt sidan eg i ein alder av 10 mista ei syster, har eg faktisk hatt litt hykk på slike bilar. Linjelekker siste reis. I dette tilfelle  med fartsressursar så ein skulle tru dei pårørande hadde det travelt med å få plassert den døde på Cimiteerio.
Eg har planar om ein eller annan gong å få sitje bak rattet på ein 500 av den opphavlege typen. Bak rattet her kunne eg og meir enn gjerne tatt ein tur. Litt lenger baki der har eg ingen snarlege planar om å hamna, men akkurat den saka styrere ein lite med sjølv.


Det er ingen himmelstige eg vil prøve å lage.  Bare noko så enkelt som eitt enkelt trappetrinn utfor hovudinngangen. Førre eigar kom nok ikkje så langt, men det må ha vore ein plan.
Sement har eg fått tak i, men sand treng eg og. Ved sida av Doc såg eg ein liten plass der dei hadde sement, fliser og belegningsstein. Men ingen ilåt. Sidan trinnet eg vil støype ikkje er meir enn 10*70*70 cm  er det ikkje så store mengder sand som skal til. Eg for heim med varene, rydda ein stor balje og fekk den på plass i bilen.
Ein fordel med gammal bil er et ein treng ikkje vera så redd for den som ein fort er når ein kjører nytt. Baljen vart fyllt opp halvvegs medan me hadde den ute av bagasjerommet. Deretter i eit koordinert hiv vart den plassert inn i bilen. Så bøtte for bøtte til der var fullt. Har du nokon heime til å hjelpe deg? spurde sandmannen på engelsk. Nei, eg får ta ei spiseskei og ause ut, skei for skei.
Kva kostar så denne mengda med sand: 1 Euro. Hadde eg det?  Ja eg hadde mange Euro, altfor mange Euro, men bare i sedlar. Ingen mynt. Ta det, du kan betale neste gong. Sandmannen fekk også lagt inn litt reklame for sand om eg hadde bruk for meir. Han hadde to store lastebilar ståande, den eine for 6 kubikk den andre hugsar eg ikkje heilt, men den tok visst endå meir. Nå veit eg kvar eg finn vare som høyrer inn på Edicil, byggevarer type stein og betong.
Ein annan fordel er det å ikkje å vera fagmann. Då kan ein improvisere og gjere meir som ein vil. Ikkje 100% sikkert at arbeidet vil passere ein meir nøye kvalitetskontroll, men eg har trua på at det er godt nok. Stilen her var og held fram med å vera rustikk.  Det passar liksom ikkje heilt med fliser eller belegningsstein. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar