Translate

lørdag 27. februar 2016

Der trilla "Opelen" inn att på kontoen

Endelig. Der var "Opelen" inne på konto så godt som. Og medan "Opelen" står på konto og godgjer seg i den grad det er mulig med rentenivået av i dag, så tek den gamle ærverdige Audien seg av vår trong for persontransport nede i Puglia.

Om eg ikkje hugsar heilt feil betalte me Nkr 58000,- for 1 stk Corsa, kjørt ca 85000km, driven av GPL og benzina. Når "Opelen" nå tok turen inn på konto att, hadde den slanka seg litt, men på to og eit halvt år må ein gjerne rekne med det.
Brått kom det også e-post om at det var feil med vekta, så slankinga vart meir omfattande enn først tenkt. Eigenandel på 250 $ vart med nokre trykk på tastar ein eller annan stad til 1000 $ utan noko form for beklagelse. Det er den der SMÅ SKRIFT greia. Einaste her er at agenten i tidlegare e-post har brukt den minste summen og i slike svingar er det ikkje alltid lett å henge med.. Det er no når oppgjeret står framfor oss at summen vart multiplisert med 4.
Nkr 40955,- ser ut til å bli utbyttet for å kjøre med eigen bil opplegget.
Då har bilen kosta oss 17000 den tida me har hatt den frå juni 2013 til oktober 2015.

Skal eg så seie noko om utgifter til drift?  Nytt batteri 580, nye dekk 2000, overhaling av bremser2000 og ny tenningseining for kombinert bensin og gassdrift 2800. Trøysta får vere at kjøring på gass gav veldig rimeleg drivstoff-forbruk. Ikkje meir enn 5 kr pr mil. Så er det store spørsmålet: Har dette blitt meir økonomisk enn å leige bil i dei periodane ein eller fleire av oss har hatt tilhald i Villa Felizia. Veit mest ikkje om eg vil ta bryet med eit slikt reknestykke. Er redd det ikkje går i pluss nettopp når ein må legge inn forsikring og vegavgift. 


Det får vere ei trøyst at det ikkje har kome noko rekning for skadeverk på denne ê




















Det hender gamle menn og damer får problem med inkontinens. Audien har og kome i den alderen. Litt motorolje, olje for servostyring og kjølevæske tilgjengelig bak i kofferten. Bremsesystemet er heilt tett, hadde det ikkje det vore ville det vore meir enn sjansespel å ta ut. Skulle det bli brann er me sjølvhjelpte og så er bilen utstyrt med Sicherheitssystem procon-ten, som omsett til norsk er automatisk stramming av setebelter om det skulle vera trong for det.

1 kommentar: